Om å elska livet i skulen og ha tid til livet utanom.
October 30th, 2009, 2 Comments
Kanskje dette er eit uttrykk som først og fremst blir brukt posthumt; ho elska livet. Eller kanskje det blir brukt i lett banale songtekstar; “Du weiss ich liebe das leben”… Likevel trur eg at det er det eg gjer. Djupt og usentimentalt. Livet og menneska som lever det, engasjerer meg, fascinerer meg og interesserer meg.
Det livet eg lever akkurat nå, er nokså prega av at eg lever eit lærarliv. Det var det eg kjende for å skriva litt om akkurat nå, og då er det alltid ein viss fare for å bli misforstått. På ein eller annan måte er alt som har med skule å gjera eit litt betent tema i den kvardagen me står midt oppi. Sidan eg er i gang med så store ord; eg elskar jobben min. Men samstundes er det mange andre ting i livet som eg både må, vil og har lyst til å gjera…
Av og til lurer eg på om læraryrket går mot å bli eit sølibatyrke… Kanskje til og med det nye sølibatyrket, sidan den katolske kyrkja har begynt å diskutera dette med sølibat? Problemet mitt er at eg anar ikkje korleis eg skal rekka å få gjort jobben min skikkeleg så lenge eg har bare 24 timar i døgnet. Og samtidig, korleis i all verda skal eg då få tid til alle dei andre tinga eg må og bør og skal og vil? Eg har vore lærar i 24 år, og har sett på det like mykje som ein levemåte som eit yrke. Det har vore ein levemåte eg har vore og er veldig glad i. Men med handa på hjartet må eg seia at eg aldri har kjend slikt arbeidstrykk som nå. Det er så mykje me skal og må, elevane skal få tilpassa undervisning, me skal skriva, dokumentera, testa, evaluera, diskutera og vera i utvikling. Samstundes skal me sjå kvar einskild elev. Kanskje auga mine er for godt trente på å sjå etter alle desse åra, for eg ser mange ting eg ikkje har sjanse til å forhalda meg til på den måten eg skulle ynskja at eg kunne. Og slik er det med mange ting i livet, ikkje bare i skulen, det veit eg jo godt.
Nye statsrådar kjem og går, og pendelen svingar fram og tilbake. Det er balansekunst å ha bakkekontakt samtidig som ein svingar med etter beste evne. Merethe Morken Andersen brukar ein modell der mennesket er framstilt som fem i ein; dansaren, skaparen, samlaren,ordnaren og analytikaren. Me har dei alle i oss, men hos oss alle er det ulike sider som dominerer. For nokre år sidan var det mykje plass til dansaren og skaparen i skulen. Me hadde seminar med Jon Roar Bjørkvold om å få undervisninga til å swinga, me hadde besøk frå Bifrostskulen som la vekt på opplevinga. Me lærde at barn som er glade og nyssgjerrige og får leika lærer sånn omtrent av seg sjølv. Dansarar og skaparar hadde gode levekår.
Nå blir ordnaren trigga fram i ein kvar lærar. Det er ikkje noko gale i det. Skjema, evaluering og kryss i rett kolonne på eit ark er blitt veldig viktig. Og det er det sikkert, brukt på rett måte. Og eg innrømmar det glatt; ordnaren er ikkje den mest framtredande delen av meg, men visst finst han der. Og visst har han glede av orden og system, det er ikkje det det står på.
Men ikkje har eg tenkt å gløyma å invitera skaparen og dansaren inn i klasseromet heller, og samlaren og analytikaren har eg alltid vore glad i… Kor eg vil hen? Eg vil kanskje landa i eit forsonande utpust med at lærarlivet er den finaste livsforma i verda… Men eg innrømmar at eg kjenner på ei aldri så lita adrenalinstigning når eg skrur på radioen medan eg kjører til jobb, den dagen eg skal ha med meg så mykje heim at eg ikkje får plass på sykkelen. To av våre mest framtredande politikarar har ein liten mini-skuledebatt . Dei snakkar om kva dei skal gjera for å få betre lærarar i den norske skulen. Gje oss tid, tenkjer eg. Gje oss litt fred og ro så me har sjanse til å pusta medan me gjer jobben vår. Det svir litt å konstant føla seg uthengde som den mest udugelege yrkesgruppa i landet. Eg veit litt om kor hardt dei fleste av kollegene mine jobbar.
Og klagar gjer eg vel eigentleg ikkje, det veit eg jo at lærarar er berømte for å gjera… Eg bare tenkjer høgt, og prøver å finna ein formel for å organisera livet mitt slik at eg rekk det eg skal. Nå skal eg nyta fridagen min, som eg har gjort meg fortent til sidan kombinasjonen mellom å jobba i kulturskule og skule gir meg to tolvtimars arbeidsdagar i veka. Eg skal driva med andre ting enn skule dersom eg klarer å stå i mot dragninga mot arbeidsbordet mitt ein annan plass her på Bryne. Og havnar eg der, så er det vel ikkje direkte synd på meg då heller…
Heidi
Haustvinden ruskar i rutene.
October 25th, 2009, No Comments
Her sit eg og har fått ein gratis time i natt fordi me stilde klokka i natt. Eg har derfor kome tidleg i gang ein sundagsmorgon, og kan få gjort litt før eg gjer meg klar for ein ekspedisjon ut i vinden for å få med meg gudsteneste og sundagstur. Eg likar kjensla av vind i håret, og den kjem eg til å få til fulle i dag.
Agendaen for ein time her på loftet er å laga informasjon til det store innsamlingsprosjektet me skal ha i morgon der me skal samla inn pengar til Linda i Tanzania. Dei som måtte få lyst til å høyra meir om prosjektet kan leita seg fem år tilbake i tid. Sommaren 2004 budde eg der i tre veker i lag med Tove Dybesland. Vekene i Morogoro har gjort noko med livet mitt. Eg har fått ein smak av Afrika, og kjend korleis det går an å leva sånn bortimot utan alle dei tinga me sjølv meiner me bare må ha. Det var ikkje alltid ho hadde nok mat til at barna fekk eta seg mette. Eg trudde det skulle bli ei trist erfaring. Det var det ikkje. Gleda var ei av dei sterkaste opplevingane der nede.
Det er med glede og entusiasme eg får lov til å fortelja elevane våre om Linda og alle barna og ungdomane som bur hos henne, og det er med rett rygg eg utfordrar foreldra til å koma på skulen i morgon ettermiddag for å bruka pengar. Noko eg kjende veldig sterkt der nede er at det ikkje er tinga våre som gjer oss glade.
Apropos ting. For første gong på veldig lenge er arbeidskroken min relativt rein og rydda. Det kjennest godt. Det blir fortald om ein Dagbladjournalist at då han vart pålagd av brannvesenet å rydda kontoret sitt fann han ein sykkel under papirbunkene. Det gjorde ikkje eg, men eg fann eit og anna som eg hadde gløymt at eg hadde. Då snakkar me for ordens skuld om ting som er laga av papir.
Eg fekk med meg ein triveleg 50-årsdag i går og. Eg kjenner meir og meir at eg lengtar etter eit liv med litt meir frigjort tid. Som ei venninne sa, etterkvart ser ein at ein må prioritera det som er verkeleg viktig. Eg er i ein tankeprosess om desse tinga. Me får sjå kor det ender. Men framleis er eg ikkje der, så nå må eg jobba. Her blir det ord i vinden.
Heidi
Sounds like a plan.
October 24th, 2009, 2 Comments
Seier eg til meg sjølv, og klappar meg vennleg på aksla. Det er ikkje så ofte eg snakkar engelsk med meg sjølv, men det hender. Nå trur eg at eg har klart å organisera helga mi slik at eg skal rekka både det som er kjekt, det som er nyttig og forefallande, og det eg innerst inne skulle ynskja at nokon kom og gjorde for meg. Eg er klar nå. Oppbretta armar og nyvaska hår. Nå skal eg få skikk på dette arbeidsromet som eg ikkje ein gong torer å skriva kor lenge eg har teke sats for å få rydda og vaska… Here I am, til rors Columbus.
For å vera pinleg nøyaktig, skriving på andedrakt inngår ikkje i den opprinnelege planen for helga, men ein skal då unna seg å vera litt spontan og. Slengkyss til kjærasten min på Costa Rica. Kanskje eg rett og slett tek din del av arbeidsromet og om inspirasjonen skulle vedvara. Eg har forresten høyrt rykte om at det er i natt me får den ekstra timen. Ja, takk, ein ti-femten slike, det kunne vore noko.
Heidi
Ad astra.
October 20th, 2009, No Comments
I dag morges stabla me femtiein tolvåringar og ikkje fullt så mange vaksne, inn i ein buss og køyrde inn til byen for å gå på kunstutstilling. Det var bileta til den store finske kunstnaren Akselli Gallen-Kallela me skulle få sjå på. Me hadde tjuvstarta litt på skulen i sist veke og sett på sånn ca 20 av bileta hans på ein powerpointpresentasjon eg hadde laga av bilete eg fann på internett. Det som gjorde det litt komplisert var at mykje at biletomtalen var på finsk, eit språk eg ikkje forstår i det heile tatt. Derfor måtte me bare sjå på ein del av bileta og gissa kva kunstnaren hadde tenkt.
Eit bilete fabulerte me mykje rundt: Ei jente, som ser ut til å vera i elleveårsalderen, står til knes i raudbrunt vatn. Ho strekkjer den nakne jentekroppen oppover mot månen og stjernene. Kroppen er i knopp, og andletet er forklara. Håret står om hovudet som ein solgloria, og armane er utstrekte i ein Kristus-på-krossen-positur. Det lyser fred og energi av uttrykket. Elevane såg både at ho likna på ei solgudinne og på ein krossfesta Jesus, dei såg ho var vakker. Me gjetta oss fram til at det var eit eventyrbilete.
I dag fekk me sjå originalen. Ramma var eit utskore altarskap. Guiden fortalde at maleriet var laga til dåpen av dei yngste barna. Han ønska å døypa dei heime, og gjorde det under dette biletet. Eg kom i tankar om det me hadde høyrt at han tidlegare hadde mista ei fire år gammal jente i difteri. Eg kunne ikkje la vera å lura på om han hadde malt henne inn i dette altarbiletet.
Ungane sat på golvet i halvsirklar medan uiden fortalde. Det var fint å sjå kor merksame dei var, og at fleire av dei var tydeleg berørte av bileta. Utanfor museet var det fine haustfargar, og frå bussvindua såg me sjøen rulla mot land. Eg trur slike dagar er viktige.
Heidi
Det hemmelege romet.
October 20th, 2009, No Comments
Alle har me hemmelege rom, og slik skal det og vera. Eg trur det finst ting som ein skal og bør halda for seg sjølv, eventuelt opna døra på gløtt for nokre få utvalde. Men ettersom tidene vekslar og rikene stiger og synker, så varierer det kva som vert hengd ut på snorer i det offentlege romet og kva som blir stappa inn i skapa med lukka skapdører.
Eg har eit hemmeleg rom som gir meg stor glede. Med jamne mellomrom møter eg fem damer som eg stolar heilt og fullt på. Me har danna ei bønnegruppe. Som oftast drikk me først te og prater og ler, og så opnar me dørene innover i oss sjølve. Me ber for einannan og med einannan, og viss me kjenner nokon som treng at nokon ber for dei, og gjerne vil at me skal gjera det, så gjer me det. Det kjennest nært og trygt og heilag og kvardagsleg på same tida. Etterpå har eg alltid ei merkeleg kjensle av ro og meining.
Det er litt rart at me er blitt så sjenerte for å snakka om slike ting, medan ein rundt eit kvart kaffibord kan snakka ope om ting som ein knapt nok torde tenkja og langt mindre kviskra om for hundre år sidan. Verda er ein merkeleg plass.
Heidi
Gjer som flyvertinna seier.
October 18th, 2009, 4 Comments
Eg er ikkje alltid flink til slikt som vaksne kanskje bør vera flinke til. For eksempel er eg ikkje alltid like flink til å sova så mykje som ein sikkert burde. Og som regel går det bra å manøvrera for fulle seil utan alt for lange pausar. Det gjeld bare å hugsa at viss ein er skikkeleg trøytt skal det mindre til for å bli heilt tappa for energi.
Midt i veka skjedde det plutseleg litt for mange ting på ein gong både heime og på jobb. Me fekk vita at det var funne tjuvegods frå vår garasje, mellom anna ein golfbag, der reservenøklane til huset var gøymde i ein ytterlomme. I tillegg til det er her som vanleg mange store prosjekt på gang, og kjærasten min er på langtidsopphald på Costa Rica.
Plutseleg bråvakna eg om natta med alle må- tinga og alle utfordringane svivande i hovudet samtidig. Neste dag var eg heilt pumpa… Men heldigvis, plutseleg var overskotet sånn nokonlunde tilbake, og reservenøkkelen låg trygt i bagen der han hadde vore og har truleg aldri vore i ei ukjend hand.
Eg liker aldri å ikkje gjennomføra ting, men fant ut at nå måtte eg avlysa litt for å henta meg inn att. Fekk fylgjande melding frå ei venninne: “Så godt at du hat vit til å bremsa litt. Og gjer som flyvertinna seier; pass på at du har nok oksigen sjølv før du hjelper andre på med maska.”
Kloke ord.
Etter å ha vore i ein utruleg flott femtiårsdag i dag skal eg nå gå og legga meg grytidleg.
Flink jente?
Heidi
Om friminutta i livet…
October 18th, 2009, 2 Comments
Dei er viktige om ein skal henga med i sitt eige liv. Det trengst at ein av og til kan sleppa taket i den stroppa ein held fast i der ein står på bussen og lener seg lett over i svingane. Ein av dei beste måtane å skaffa seg eit friminutt på er å hoppa på eit tog med minst mogleg i ryggsekken og vera sikra nokre dagar langt borte frå alt som burde vore gjort både her og der.
Det er herleg å driva rundt i byen, for eksempel i Oslo, i lag med nokon ein liker å vera i lag med. Det gjer heller ikkje noko om det er klart og vakkert haustver den dagen med knasande løv under skosålane. Så kan ein for eksempel møta Oscar som er blitt vaksen mann sidan sist. Han går der og er musikkstudent med gitaren på ryggen, sjølv om han har vond arm og ikkje har lov til å spela akkurat nå. Ein kan foreksempel gå på restaurant saman og ha god tid til å sitja og prata.
Etterpå kan ein kanskje reint tilfeldig stikka innom ein klesbutikk der ein pleide å handla mykje før, Prøva eit klesplagg og to fordi dei har så fin form og farge, og finna ut at dei er fine og at ein faktisk har råd til å kjøpa dei.
Sidan ein er på dei kantar kan ein gå for å sjå på haustutstillinga på kunstnerane sitt hus der ein mann heng i fallskjerm og dinglar frå eit tre utanfor. Så kan ein susa nyssgjerrig rundt, le høgt og la seg mildt provosera. Så kan ein la seg fortapa i ei utstilling av uferdige strikketøy og historiene rundt dei. Ein kan smila gjenkjennande og lura på om ein ikkje i grunnen ville ha stoff nok til ei lita privar haustutstilling i same sjangaren.
Så er det på tide å finna ut at litteraturhuset får venta til ein annan gong, for nå er det på tide å drikka kaffi på nasjonalteateret før den tidlege kveldsforestillinga. Det gjer ikkje noko at det er gatemusikantar på gata, og det gjer ikkje noko at kvedslyset kjem tidlegare og tidlegare.
Heidi
Røykelaks frå Sunnmøre, kaffi og heimebakte knekkebrød.
October 16th, 2009, No Comments
Dette må jo bare saman med masse eggerøre bli ein perfekt start på ein fin sundag. Ho som har bakt og kokt kaffien sit fornøgd og strikkar i sofaen og har gjort eit halvt dagsverk før eg finn det for godt å stå opp klokka halv ti. Røykelaksen, fiska av Malvin Alvestad, smakar verkeleg heilt annleis enn den eg kjøper i kjøledisken på Kiwi eller Rema. Og aldri er det så godt med kruttsterk kaffi som ein sundagsmorgon.
Veret er litt gråare i dag, men eg bestemmer meg for å la den store Romaparaplyen vera att når me skal ut. Den paraplyen har eg eigentleg aldri brukt. Eg har bare bore han med meg i tronge lokale, på tog og på bussar. Den eine gongen eg prøvde å slå han opp, viste han straks tendensar til å vrenga seg. Han er tydelegvis ikkje komstruert med tanke på vestlandsver. Me set kursen mot svigerforeldrehuset og går over kyrkjegarden. Inne i kyrkja er folk frå Haslum samla til høgmesse. Høglydt banning høyrest frå to tydeleg rusa personar som prøver å få blomane på plass framfor ei gravstøtte. Eg tek meg i å lura på om dei er der for å minnast ein kompis som døydde av overdose, eller om det er ei foreldregrav. Ofte susar historiene inn i hodet mitt på fire kanalar samstundes. Er det rart at ein stakkar klarer å gløyma ei veske eller kjem ut for å mista ein paraply i ny og ne?
Hausten er den einaste grunnen til at ein av og til kunne få lyst til å flytta til austlandet. For meg som er ekte vestlending er hausten synonymt med vertikalt regn i store mengdar og hauststormar som riv i hus og tre. Ein gong vart skulen min stengd fordi skulestyraren ikkje fann det forsvarleg å senda ungar ut i slikt ver. Det regna både tre og takpanner den dagen. Dette var før nokon hadde kome på at skulane kunne trenga kontorpersonale, og eg meiner bestemt at det var skulestyraren sjølv som ringde foreldra mine for å avlysa skuledagen… Då eg flytta heimefrå oppdaga eg at hausten kunne vera lange rekkjer av klare solfylte dagar med skarp haustluft og fargesprakande tre som får lov til å behalda blada sine. Heime fyk dei av i første stormen, og det betyr at haustblada såvidt finst før dei er borte att. Men så skal det og seiast at under dei seks haustane eg budde heimefrå, så gjekk eg og lengta etter ein skikkeleg storm.
Svigermor venta oss med ein stabel nysteikte vafler, meierismør, brunost og syltetøy. Utanfor huset stod epletreet og viste fram dei raude eplene sine, og haustastersen strekte seg mot himmelen. Me fekk nokre trivelege timar saman før Henrik og Eva Mari fekk meg trygt på toget med alle vesker, ryggsekker og paraplyar med på lasset. I tillegg hadde Eva Mari fylt ein boks med eggerøre og laks, og ein pose med heimebakte knekkebrød.
Eg kom nesten gjennom dei ca nihundre sidene i Shantaram i løpet av togturen, og når eg kom heim måtte eg bare få vita korleis det gjekk. I tillegg måtte eg bare førebu neste skuledag og gjera ein heil del andre ting før eg kunne legga meg. Sidan eg ikkje var heime før elleve så vart det ei kort natt. Eg skulle hatt ei “kone” som steller huset mitt og ei “mor” som sender meg i seng om kveldane…
Heidi
Jesus Christ Superstar.
October 16th, 2009, No Comments
Eit av høgdepunkta i haustturen til austlandet var to billettar til Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret. Me er tidleg ute for å få henta billettane våre, og set oss ned i kafeteriaen i første etasje me kvart vårt glas fullt av boblande vatn. Publikum fyller snart lokala. Det er ei ganske brokete forsamling mef alt frå ungdomar i holete dongeribukser til dresskledde menn og eldre damer i lange strikka husflidskjørt.
I inngangen til salen sit ei dame og tiggar. Ho ser akkurat ut som sigøynerskene på Karl Johan. Handa mi er på refleks ned i veska etter lommeboka, men eg skjøner i same tidels sekundet at ho er ein del av stykket. I programmet står hovudpersonen, best kjend som “Hank von Helvete” , presentert over ei heil side. Då han takka ja til rolla hadde han framleis store problem med tunge rusmiddel, men under innøvinga hadde han klart å bli heilt rusfri.
Scenebiletet er lagd til ei bakgate i ein moderne storby. Tiggarar, prostituerte og andre med relativt låg status blant besteborgarane befolkar gatene. Fremst på scenen er det vatn, som ei elv, ein dam eller eit basseng. Litt lenger bak ser me kryssande jernbanelinjer. Jesusfiguren kjem inn i lang morgonkåpe, i open pelskåpe utan noko under, eller med bar overkropp, tatoveringar og røyrleggarsprekk. Eg tenkjer at det heile er eit ganske modig prosjekt.
Dersom ein er ute etter å sjå ein rå og aggressiv Jesus-figur, så er dette rett plass. Truleg gjer det godt å få røska litt i glansbileta, og her er det lite glansbilete å sjå. Jesus-stemmen er det lite musikal-spenst over, han er rå og raspande, lett ironisk og samstundes sår. Maria Magdalena med masse raudt hår, syng rått og med stor kraft i stemmen.
Eg leitar etter noko eg ikkje heilt finn. Det aggressive og såre finn eg i beste fall heilt på sin plass, men eg leitar samstundes etter noko varmt og karismatisk. Noko som gjer Jesusfiguren truverdig der han står med bar overkropp og blir tiljubla av menneske frå alle samfunnslag. Kva har dei sett som eg er ute av stand til å sjå frå stolen min ytst på rad 21?
Dansarene frå Bordar-instituttet har dette. Dei er intenst inne i rollene sine. Dei klatrar på stolseta i salen, ropar og jublar. Eit par av dei lyser av begeistring og gløder av overbevisning. Hildegunn Rise i raud flommande silke i ei stor snøkvit seng som ein tankeplaga Pontius Pilatus trur eg og på. Ho er like truverdig når ho leiar piskinga av Jesus, ikledd lateksbukse og matchande topp. Truverdig er ho og når ho vasker hendene gong på gong på gong i dammen etter at dommen har falt. Det Høge rådet i ulike uniformer, mellom anna som russarar og nasister, trur eg og på.
Den angrande Judas legg seg i korsfestingspositur i jernbanekrysset og blir påkjørt av toget. Jesus ender opp på eit gigantisk lysande kors av noko som kunne vera plast og pleksiglas. Inni det står ein syngande Hank. Ein augneblink er eg redd for at korset tek overbalanse og tippar framover. I levande framføringar kan alt skje. Heldigvis vippar det tilbake i rett posisjon og stabiliserer seg.
Når Hank von Helvete blir klappa inn for fjerde gongen av eit ståande publikum, lyser det av augene hans. Utstrålinga er rein og ekte glede og ber med seg ein varme som gjer at eg plutseleg ser Jesus i han likevel.
Heidi
