Fredag i Bærum
October 15th, 2009, No Comments
Me startar dagen med lang frokost og nydeleg film om “Matheo og korguttene”. Så pakkar me hunden i bilen og dreg til Fornebo for å gå tur. Den gamle flyplassen er ikkje til å kjenna att. Det er laga turstier der det ein gong var rullesteinar, det finst utkikkstårn for fuglekikkarar og brygge og stupebrett for dei som måtte ynskja det. For ein som kjem frå ein plass der det har regna i vekesvis, er den kalde klare haustlufta og dei fine haustfargene på trea ei openbaring.
Etter ein herleg tur hankar me med oss tulipanar frå ein blomsterbutikk, müslibollar frå Baker Hansen, ferske fiken, marinerte oliven, fersk fetaost og masse ulike salatgrønsakar frå ein tyrkisk butikk. Alt dette tek me med oss til våre felles svigerforeldre. Me hadde prøvd å forhindra at svigermor skulle styra med mat, men ho ventar oss med nydeleg salat, grove rundstykke og reker. Dette inbyr til ein ganske lang lunsj. Svigerfar resiterer i ei passande stund tre vers av Stenka Raisin på russisk. Det er ganske imponerande i og med at mannen ikkje har lenge att før han er nitti. Ikkje det at eg eller Eva Mari kan overprøva russisken… Me får med oss reprisen på fredspristildelinga til Barack Obama, og direktesend opning av storting med trontale og høgtideleg bukking for kongen.
Fordi me ser einannan så sjeldan og har så mykje me likar å bruka dagane på, så suser damene vidare i bil så snart hunden er avlevert i heimen. Me rekk ein handlerunde og to doble cappuccinoar før me ser Julie og Julia med Meryl Streep. Det er ein koseleg film. Meryl Streep imponerer verkeleg som karakterskodespelar. I rolla som kokebokforfattaren Julia frå femtitalet framstår ho med heile sin framtoning heilt annleis enn eg har sett ho nokon gong før. Ho er rett og slett utruleg dyktig.
Dagen vert avrunda med kyllingsalat, lakriste og ein eksepsjonelt kjælen hund.
Heidi
Raud veske på Sira stasjon.
October 12th, 2009, 4 Comments
Før var eg så roleg når det gjaldt allsalgs reising. Eg var der to minutt før tog og bussar gjekk. Kanskje det er eit teikn på aldring at eg nå er livredd for å koma for seint? Fordi eg ikkje kunne bruka bil til stasjonen, spende eg på meg ryggsekken og gjekk i så god tid at eg var på stasjonen 50 minutt før togavgang. Eg måtte gjera meg ærend i butikkar fordi det vart lenge å venta.
Ein mann i oransje jakke sa at eg såg ut som eg venta på langdistansetoget. Det gjorde eg, og han kunne opplysa om at den første timen vart det buss for tog på grunn av arbeid med toglinja. Me vart stabla inn i ein buss, og kjørde av stad gjennom eit haustgult landskap medan lokalradioen underhaldt oss med songen: “Jag trodde änglarna fanns bara, bara i himmelen”.
Etter ein time vart me ønska velkomne på toget som nå var eit kvarter forsinka. Etter mindre enn ein ny halvtime stansa toget på grunn av lynnedslag i det elektriske sikkerheitsanlegget. Etter ein time vart det bestemt at passasjerane skulle fraktast eit nytt stykke med buss. Så var det ut av toget og inn i ein ny buss, som skulle kjøra skytteltrafikk. Det var fascinerande å sjå på folk sine reaksjonar. Dei fleste tok det med godt humør, men nokre var tydeleg stressa…
Så stod me på Sira stasjon. Det regna og torna, tett i tett stodd me der. Eg satte ned veske, ryggsekk og paraply, og brukte tida til å senda tekstmeldingar. Etter ein ny time fekk me vita at feilen var reparert, og at toget skulle plukka oss opp igjen.
Først vel inne i togsetet oppdaga eg at handveska mi ikkje var med. Ho stod truleg att på Sira stasjon med pengar, bankkort, billett og nistemat. – Og for sikkerheits skuld låg passet mitt framleis i vesa etter Romaturen. Så var eg altså reisande med ryggsekk og to bøker, men utan billett og alt det andre. Konduktøren etterlyste veska mi på høgtalaren, men ingen hadde sett ho…
Rar kjensle å sitja på toget utan billett og utan mat og utan kontroll over lommeboka. Konduktøren prøvde å ringa opp Sira stasjon, men der var det visst ingen. Det er ein bitteliten stasjon dei har på Sira. Eg prøvde å pusta roleg ut og inn, og søkte trøyst i boka eg hadde med av Martin Lönnebo. Tilfeldigvis handla kapittelet som stod for tur om utfordringa i å våga å kvila i tilliten, og å ikkje vera bekymra. Det passa ganske godt for å seia det sånn…
Først fleire timar seinare fekk eg vita at veska var funnen, og på veg med neste tog. Eg var sjeleglad, og folk i vogna hadde fått med seg litt av dramatikken gjennom samtalane med konduktøren og mobilen. Dei gledde seg med meg…
Eg sende melding til Eva Mari om at toget var to timar forsinka, og at eg måtte venta ein time til på neste tog for å henta veska mi. Ho sa at eg ikkje skulle stå aleine på stasjonen. Ho ville koma for å venta saman med meg. Og omsorgsfullt nok dukka ho opp. Med seg hadde ho varm lasagne pakka inn i plast, handkle og aviser for at det ikkje skulle bli kaldt. Ho tenkte at eg måtte vera kjempesvolten etter ein lang dag på toget utan mat og drikke. Det er omtrent det søtaste nokon har gjort med meg i heile mitt liv. Etter eit varmt måltid i bilen kunne me henta veska på perrongen. Alt låg sjølvsagt på plass oppi der. All grunn til å takka Gud og livet, og til å le litt av seg sjølv…
Heidi
Læra av katten-
October 8th, 2009, 5 Comments
Ein av elevane mine sa: “Me må bara gjær sånn så katten, han tæge sats, og så høppe an…” Dette står for meg som veldig kloke ord. Ofte stansar det i satsfasen… Eg treng av og til å fortelja meg sjølv at “Dæ æ bara å gjæra dæ”-
Sånn som nå for eksempel… Nå må eg gå ned og rydda og pakka, for i morgon skal eg på Oslo- toget. Eg har ferie. I går fekk eg gjort ein solid skrivejobb og gått ein tur i høljeregn… Flott…
I dag har eg vore trøytt og susete og fått gjort mange ting, men ikkje dei tinga eg hadde planlagd. Dei må eg gjera nå, før natta går mot ny dag og eg ikkje har hatt tid til å sova.
I dag vart eg oppringd av ei overentusiastisk dame som tilbydde meg ei gratis treningsveke på helsestudio. Eg avtalte å møta henne for omvisning, men veit verkeleg ikkje om treningsstudio er tingen for meg. Me får sjå…
Halvard har endeleg vore hos optikar. Han hadde minus 1.75 på begge augene, og treng verkeleg synskorreksjon. I neste veke skal han prøva ut kontaktlinser.
Nei, nå må eg ned og rydda. Ta sats for det i alle fall. Sjølv om det er mykje kjekkare å skriva.
Heidi
September rørde ved meg.
October 4th, 2009, 4 Comments
Og så vart det oktober. Dagane kjem og går i lange rekkjer. Den veka oktober kom tilbake var me på leirskule. Tidleg måndag morgon samla me spende ungar med store ryggsekkjer og koffertar og sette dei inn i bussen. Der sat me tett i tett. Ikkje eit sete var ledig, og forventningane vibrerte medan me kjørde sørover. Me skulle ikkje kjøra så langt før det slutta å regna. Ute var det vakker septembernatur, og inne var det høg stemning. Me fekk dei vel fram. Det mest dramatiske som skjedde var at ein av dei kasta opp på golvet i midtgangen, men såpass må ein rekna med.
Vel framme vart me plasserte i hytter og på internatrom, og karbonadar med potetstappe vart servert i matsalen. Me var der saman om noko som ikkje var skule, og etter maten var det utdeling av redningsvestar og padleårer, og så var det ut i elva. Det var masse vind og mykje straum, så kanoane var vanskelege å styra. Eg kjende meg ikkje spesielt høg i hatten, dette var utfordring i største laget for både vaksne og ungar, men det er kjekt å bli utfordra, og klara utfordringa…. Som sikkert ikkje var spesielt stor eigentleg, for dei av oss som måtte vera konforme med elvepadling.
Dagen etter skulle me på langtur. Nå var det heldigvis mindre vind, og i tillegg strålande sol. Litt skummelt var det likevel at eg som vaksen skulle vera ansvarleg for to av elevane i straumane nedover elva, men eg reknar jo med at desse som driv leirskule på heiltid veit kva dei gjer. Me hadde heile tida fylgje av to motoriserte vaktbåtar.
Av og til trur eg at norsk skule ville ha forskrekka lærarar i land der ein har større respekt for naturkrefter og mogleg ventande lungebetennelse. Etter ein langtur i kano skifta ganske mange av elevane til badetøy og hoppa uti det iskalde elvevatnet som haldt maks ti-tolv grader. På land var det såpass kaldt at dei lærarane som haldt vakt stod der i fjellstølar og med ullgenser og ullundertøy under friluftsdressane sine. Ungane bada lenge. Dei symde ut til ei lita flåte med vannsklie. Me høyrde bare hyla kvar gong dei hoppa uti.
Og ein blir kjend med både elevar, kolleger og medfylgjande foreldre på ein annan måte når ein er i lag med dei 24 timar i døgnet. Ein deler opplevingar, måltidsfellesskap og husvere sånn omtrent utan pause. Etter å ha tørka snørr og tårer om kveldane og hatt lange samtalar på sengekanten med raus utdeling av godnattklemmar, sat me vaksne saman og drakk gloheit kaffi og åt usunne kaker, før me og kraup opp i køysengene der soveposane venta. Klokka halv åtte vart me vekte av kubjøller på gangen, før det var samling rundt flaggstanga med avsynging av nasjonalsong.
Det var rafting og hopping ut i elva frå ein høg fjellknaus med våtdrakt og redningsvest på, det var hogging av bergkrystall og andre steinar frå fjellveggen i ei mineralgruve, og om kvelden i mørket hadde me vannsklie med kaldt vatn og såpeskum ned langs ei skråning. Ein av gutane som er ny her i landet spurde vantru? Men kor skal me bada? Det er jo kaldt og mørkt ute, og det var det…
Då me kom heim fem dagar seinare var me trøytte, slitne og glade. Foreldra venta på parkeringsplassen, og det var mission completed. Leirskulen vart ei veldig fin oppleving. Og nokre av foreldra kunne melda at barnet deira ville ha reist tilbake på flekken om det hadde fått sjansen til det.
Nå er det andre dagen heime. Eg har akkurat kjørt kjærasten min til flyet. Han skal vera i Costa Rica i seks veker, og eg skal bestyra eit hus fullt av ungdomar. Det skal nok gå bra det. Då eg kjørte han lysna det av dag. Sunniva ville vekkast for å vera med og vinka til far sin. Den første hauststormen har vore innom. Mange tre har fått blada sine brutalt rivne av før dei rakk å bli haustfarga. Langs sjøen piska sanden mot bilvinduet, og nokre stadar kjørde me gjennom store vassfloer så spruten stod mot biltaket. Kanskje eg må innsjå at nå heiter det haust og ikkje seinsommar… Men hausten er ei fin tid, og nå skal eg ha haustferie. Eg skal bare skriva eit skodespel eller to og ferdigmekka eit par årsplanar.
Velkomen til oktobersundagen. Eg er klar.
Heidi
