Eg kjem til deg med glede-
November 15th, 2009, 7 Comments
I dag har eg vore på kyrkjejubileum. Bygdekyrkja vår er 150 år i år, og er nyoppussa. For lang tid sidan vart eg spurd om å skriva ei salme til jubileet. Johanne Ur Sæbø sa seg villig til å gje salmen melodi. I dag vart han urframførd med kor orkester og solistar. Slikt er alltid sterkt å oppleva når ein har jobba lenge med noko. Eg blir glad når folk kjem og seier at teksten gir dei noko. Eg tenkjer alltid at viss ein eller to eller fleire kjenner seg berørde så er oppdraget fullført. Då har eg klart å veva livserfarinar og truserfaringar på ein måte andre kan spegla seg i. Eg har ingen ambisjonar om å nå fram til alle, – men til ein eller to eller fleire… Då blir eg glad.
Erling Pettersen, den nye biskopen vår var med. Han haldt ei klok og varm preik.
Og så kom kjærasten min heim frå Costa Rica i dag. Det er ikkje dumt det heller. Seks veker som aleinemor var nok i denne omgangen.
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Eg kjem til deg med glede, ein sommar ber eg inn
med blåklokker, kløver og solvind, eg kjem hit med lette trinn.
I havet sin puls i mot stranda der bur mine hjarteslag.
Livet er enkelt å bera med seg ein sommardag.
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Eg kjem til deg med uro, med haust og iskald vind.
Med stormar, med gråt og med sinne, så kjem eg med tvilen min.
Finst mogning og vekst i mi uro? Eg veit ikkje kor eg skal.
Herre, kom ver du min styrke, vinden er sterk og kald.
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg , vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Eg kjem med frost og kulde, ein vinter frys i meg.
Eg kjem hit på iskalde føter, eg leiter meg fram til deg.
Her kjem eg med skjelvande tankar, når livet er kaldt som snø.
Herre du står der og ventar, rekkjer meg vin og brød.
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Så står eg her med våren, og alt er liv og song.
Eg kjem hit med alt dette nye, eg står her som første gong.
Eg kjem hit med håp og med glede, eg kjem hit med alt eg vil.
Du gjev meg styrke og kvile, her som eg høyrer til.
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Du tek i mot meg Jesus, her ventar du på meg
Mens tidene mognast og vekslar, så høyrer eg til hos deg.
Du møter meg Herre i dåpen, er nær i min siste kveld.
Du er mi trøyst og min tillit, Gud du vil allting vel.
Heidi
Jag vill möta livets makter vapenlös…
November 11th, 2009, 2 Comments
Slik skriv Karin Boye i eit av dikta sine. Dersom eg hugsar det rett slik at eg kan sitera det frå minnet, det er ikkje alltid eg hugsar rett. Eg liker Karin Boye sine dikt.
I helga las eg Eyvind Skeie sin Svein Ellingsen- biografi. Svein Ellingsen er ein person eg har stor respekt for. Han skriv heilt fantastiske salmer. I boka kunne eg lesa at Svein Ellingsen og har vore oppteken av Karin Boye si diktning.
Det var hjarteskjerande å lesa om barndomen til Svein Ellingsen. Han var eit hyperfølsomt og hudlaust barn. Han vart ikkje teken vare på i skulen. Om sundagane gjekk han aleine i kyrkja og sette seg på ein fast plass, der han sat for å høyra på gudsteneste, salmer og musikk. Sjølv var eg eit robust barn, men truleg og eit litt merkeleg barn. Eg møtte masse varme. Men noko såpass sært kunne sikkert eg og ha gjort; gått aleine til kyrkja kvar sundag for å sitja og lytta.
Seinare har han, framleis i fylgje biografien, hatt periodar med sterk angst, og fått hjelp frå psykiatrien fleire periodar i livet sitt. Kanskje dette er erfaringar som har vore med på å gje han den sjeldne gåva å kunna setja heilt presise ord på erfaringar slik at orda blir til salmer til ære for Gud? Likevel tenkjer eg at viss vaksne hadde vore flinkare til å ta vare på sjeldne barn, så hadde han kanskje gått inn i vaksenlivet med ei meir robust psyke?
Ein gong hadde eg vunne ein salmekonkurranse. Eit par veker seinare kom det eit brev i posten med den vakraste handskrifta eg har sett i mitt liv utanpå konvolutten. Det viste seg å vera eit brev frå Svein Ellingsen. Han hadde sett salmen min, og inviterte meg til å vera med på seminar, og til å melda meg inn i hymnologisk forening. Eg vart utruleg smigra, for meg er han verkeleg salmediktaren med stor S, han og Lina Sandell. Eg fekk eit stipend frå kommunen slik at eg kunne få reisa til Trondheim på seminar. Der fekk eg helsa på Svein Ellingsen.
Etter å ha lese boka ville eg gjerne ha møtt han igjen. Eg trur eg ville kunna læra mykje av han. Og eg fekk veldig lyst til å skriva fleire salmer.
To linjer til frå ei av strofene til Karin Boye passar som ei avslutning, synest eg:
Det goda är värnlöst.
Det goda behöver inte segra.
(Framleis sitert etter minnet.)
Heidi
I svineinfluensaens tidsalder…
November 10th, 2009, 4 Comments
så er det ikkje lett å vita om ein er hypokondar eller ein tåpeleg “gå-rundt-og-smitta-andre-fordi-ein trur- ein-er-uunverleg-person”…
Hypokondar er eg vel i og for seg, samtidig så høyrer eg heilt opplagt til den andre gruppa… I sist veke var syster og niese sjuk med antatt svineinfluensa, og i går datt dei same symptoma over meg. I klassen min har opptil 20% vore sjuke på same tida. Då eg sat og strikka borte hos onkelen min vart eg plutseleg kvalm, og i natt vakna eg med frostrier. Temperaturen var på 37.7, på grensa til feber, så eg reiste på jobb. Då eg sat og las for elevane, rant svetten nedover panna samtidig som eg fraus. Nokre vaksne var glade for at eg stabla meg på beina og gjorde ein jobb, andre lurte på om det var lurt å ta sjansen på å smitta elevane. Etter ein indre debatt med meg sjølv, ende eg opp med at hypokondaren sende heim den uunverlege. Eg var innom apoteket, der eg som antatt smitta måtte gå med munnbind, og få rensa hendene med desinfeksjonssprit før eg fylde ut eit skjema, og gjekk heim med tamiflu.
Nå har eg starta kuren, og sit her og lurer på om dei klarer seg utan meg på jobb. Det gjer dei. Influensasymptoma er av ein karakter som tilseier at eg heilt utan tvil ville ha vore på jobb om det ikkje var fordi eg var redd for å smitta elevane mine med svineinfluensa. Dei tek jo ikkje prøver lenger, så kva ein har og ikkje har får ein aldri vita, om ein ikkje då skulle gå hen og bli skikkeleg sjuk.
Ute skin sola så fint. Eg får prøva å henta meg inn så godt eg kan. Og nyta at eg kan ta det med ro under ein stor medisinsk begrunna paraply… Men eg ville jo helst ha vore på jobb då. Eg får håpa dette er min vesle forsiktige smak av ein epidimi som snart går over i historien…
Og sånn heilt forøvrig, så er dette min tekst nummer 800 her på andedrakt. Tenk det. Så skreiv eg vel i si tid minst 100 på moncee og minst 100 på hypodea, så eg vil tru at meir enn tusen tekstar er tasta ut i cyberspace. Det er merkeleg å tenka på…
Heidi
