Du skal skrive ditt liv…
November 2nd, 2009, 9 Comments
…stod det i ein av statuttane for dei som kalla seg Kristiania-bohemen. Om eg ikkje i like stor grad kunne identifisera meg med alt Hans Jæger og gjengen dreiv på med, så var det noko med den setningen eg ikkje klarte å legga vekk. Å skriva sitt liv, det høyrdest ut til å vera litt av eit prosjekt. For meg virka det rett og slett som ein måte å ta vare på det merkelege, fascinerande og dyrebare livet som på ein måte renn og renn mellom fingrane våre, utan at me maktar å halda det fast.
Sjølv har eg alltid vore forelska i språk og i det å skriva. Før eg lærte meg å skriva sjølv, noko som skjedde lenge før eg begynte på skulen, fekk eg bestemor eller onklane mine til å skriva ned for meg. Inspirert av sundagsskulen som nokre naboar som var truande pinsevenner tok meg med til, dikterte eg historier om barn i Afrika som fekk hjelp av Gud etter at stråhytta deira hadde brent ned og slikt. Dødsannonsene i Jærbladet og Stavanger Aftenblad gav meg sterke lesaropplevingar fordi dei hadde så mange flotte ord. Vår umistelege, eiegode, djupt savna og så vidare. Det var verkeleg ord til å frysa deilig på ryggen av. Og eg var djupt fascinert av alle luker inn til det religiøse og til det som eg opplevde som vakkert og opphøya.
Men eg var og veldig tiltrukken av talte ord, helst vaksne ord som ikkje var for barneøyrer. Noko av det deiligste eg visste var å gjera meg usynleg i eit rom med mange vaksne. Etterkvart som dei vaksne begynte å gløyma at det var eit barn i romet, kunne eg få med meg dei mest fantastiske skildringar av korleis det eigentleg var å vera vaksen. Eg fekk med meg skildringar som eg bare delvis forstod, og som eg kunne ligga og fundera på om nettene, medan eg tenkte fram og tilbake for å få puslespelet Livet til å henga saman.
Dette å oppriktig forundra seg over korleis det er å vera andre menneske enn meg sjølv, har eg aldri klart å slutta med. Det finst mange ord for denslags… Sjølv synest eg at ordet interessert er eit av dei meir sympatiske… Eg elskar framleis å sitja på eit tog eller ein buss eller eit venterom og høyra kva ukjende folk snakkar om. Eg har aldri slutta å forundra meg over kor ulike me er, og samtidig; kor mykje ein kan kjenna seg att i.
Og eg har aldri heilt forstått at nokon seier at dei aldri kunne tenkja seg å lesa biografien til eit menneske dei aldri har høyrt om, eller kjøpa bøker med brev som Freud eller Garborg i si tid sende til venner og kjende, som handla om ver og vind. Slikt kastar eg meg over med den største appetitt. For ti-femten år sidan oppdaga eg sjangeren weblog eller blogg, som eg sjølvsagt fann uhyre interessant. Eg høyrde folk snakka forundra og indignert om fenomenet, tenk å legga ut livet sitt på den måten. ..Sjølv las eg med stor interesse, kommenterte og vart kjend med fleire av dei som skreiv. Samtidig kjende eg at dette hadde eg hatt frykteleg lyst til å gjera sjølv, men slikt gjekk vel ikkje an? For snart ti år sidan begynte eg å skriva litt på eit svensk “bloggecomunity”, ikkje på denne plassen, men ein liknande stad. Eg tenkte at der var det bare ukjende svenske menneske. Etterkvart skjøna eg at kven som helst kunne koma til å lesa…
Nå har eg sagt så mykje at ingen vil forundra seg over at eg les bloggar. Eg har rett og slett lært mykje om det å vera menneske , synest eg. Og eg har fått kontakt med menneske som liknar på meg, og med menneske som lever totalt ulike liv frå meg. Mange av dei hadde eg nok aldri kome til å få kontakt med i det verkelege livet. I tillegg til at eg på ein merkeleg måte faktisk er blitt glad i mange av desse menneska, så tenkjer eg at eg får erfaringar eg kan bruka når eg ein eller annan gong skal skriva romaner og noveller og treng å vita litt om det å vera andre enn meg sjølv…
Og korfor eg skriv? Kanskje litt av same grunn som andre steller hagen… Her har eg eit lite hjørne der eg kan vera kreativ, samla tankar og ta vare på dagane. Kanskje nokon har glede av å lesa det slik eg har glede av å lesa det andre skriv? På same måten som nokon skriv moteblogg eller bloggar om innreiing av hus eller barneoppdragelse, så kan eg skriva om dei tinga som betyr noko for meg. Eg synest det er fint å få blanda min stemme med alle dei andre stemmane som roper eller kviskrar sine bodskap ut til resten av verda. Utan å lesa bloggar hadde eg hatt mykje mindre innsikt i korleis det kjennest å vera ein homofil mann som har blitt far ved hjelp av ei surrogatmor, ein fotomodell i USA, eller ein munk i den katolske kyrkja. Eg kjenner meg litt rikare av å få lesa det andre deler med seg av.
Og det som er mitt daglege liv… For nokre er det kanskje merkeleg og rart at nokon kan leva og tenkja slik, det ser eg ikkje vekk i frå. Eg legg ned mi puslespelbrikke på bakken, og tenkjer at nokon kanskje kan bruka ho til noko. Og sjølv ville eg ha elska om mor, bestemor eller oldemor hadde gitt meg eit liknande vindu inn i deira liv.
Og hugs, dette er min redigerte versjon av livet mitt. Det er sjølvsagt ikkje utan vidare slik livet mitt er, sjølv om det sjølvsagt er akkurat det det er på same tida. Her er det eg som legg premissene. Her bestemmer eg kvar dag kva historie eg har lyst til å fortelja, og om eg har lyst til å fortelja. Eg trur ikkje det er nokon draum om å vera viktig eller om å bli berømt. Eg bare drysser ut det eg til ei kvar tid har lyst til å dela, og eg har glede av å gjera det.
På lørdag høyrde eg ein minidebatt om dette med blogging på radioen. Nokre av dei som uttalte seg var totalt uforståande til at nokon trudde at nokre menneske brydde seg om å lesa kva dei skulle ha til middag eller kva slags bukse dei hadde på seg den dagen. Dei om det. Noko av det finaste med blogging, er at det er heilt frivillig å lesa. Det å skriva kan sjåast ein slags stuntpoesi eller ein sær form for perfomancekunst, eller kanskje rett og slett det å få fortelja noko ein sjølv synest er viktig. Det er ein uhøgtideleg måte å heva stemmen på, eller ein avart av å kviskra i vinden. Eg leiter framleis etter luker inn til det heilage, samtidig som det heilage og allminnelege smeltar meir og meir saman for meg til lenger eg lever og opplever. Livet er eit rart prosjekt og er vel verd å setja ord på spør du meg…
Heidi
Sundag første november.
November 2nd, 2009, 2 Comments
Sundagen har vore god, og eigentleg skal eg ikkje skriva her, men gå og legga meg…
Dagen starta tidleg nok til at eg etter å ha gjort klar det hemmelege skrinet hadde tid til ei surfeøkt om profeten Elia. Eg likar å vita mest mogleg frå flest mogleg vinklingar når eg skal fortelja bibelhistorier for barn. I forkant er det alltid travelt å tenkja på at eg skal ha sundagsskule, men det opplevest fint og meiningsfullt å gjera det. Eg liker å fortelja, og liker å vera saman med barn, og så kjennest det fint å få fortelja noko som har meining for meg sjølv. Møtte meg på ein måte i ei gammal døropning då eg fortalde om Elia som sat ute i øydemarka og fekk mat av ravnane. Då eg var på alder med døtrene mine og ein smule dramatisk anlagd, såg eg for meg at eg plutseleg kunne få eit gudegitt kall til å gjera noko eg absolutt ikkje ville, og billedleg sett bli mata av ravnar som kom med halvbederva kjøt ut i øydemarka. Nå tenkjer eg på ein heilt annan måte om det å vera kalla til noko. Det er med stor glede eg viser barna Martin Lönnebo sin kristuskrans med gullperla som symboliserer Gud.
I går hadde eg og Ingrid ein roleg kveld på besøk hos foreldra mine. Der sat me tre generasjonar og åt pepperbiff med fløtegratinerte poteter medan dei andre barna mine var på diverse halloweenfestar, og kjærasten min symde i havet ein stad i latinamerika og var seks timar bak ossi tid. Han ringde i det eg kjørte inn i gata vår, og me fekk veksla nokre setningar, men det var dårleg telefonforbindelse, så me vart avbrotne fleire gonger. Framleis er det to veker til han kjem heim, men tida flyt veldig fort for tida. Då han reiste for to veker sidan, kjendest det som eit hav av tid, nå ser eg enden på skismaet.
Etter kyrkjekaffi og eit par gode klemmar havna eg på jobb i to-tre timar. Eg ville helst ha vore lenger, men då hadde eg ein middagsavtale med ungane som gjekk ut på at eg skulle plukka opp ferdig mat på kinarestauranten som Ingrid hadde bestilt på telefon.
Kvelden blei brukt til å besøka Jan Ivar og Hedvig. Eigentleg hadde me planlagd ei skikkeleg jobbeøkt, men me var avhengige av internettilkopling som viste seg å ikkje fungera. Me vart liggande på kvar vår sofa og sjå på filmen “The queen” som eg hadde sett før, men absolutt kunne sjå om igjen, medan me drakk kaffi og Pepsi-max.
Då eg skulle heim var det eit skikkeleg blås-bort-ver, som det heiter i Ole Brumm. Med den grøne regncapen over ytterjakken og med skjerf i halsen, var det nummeret før eg kunne fly heim akkurat som Bestemor Skogmus. Vinden må ha vore minst storm i kasta, postkassestativa svaia, og trea flaksa med greinene sine som store svarte novemberfuglar. Det slår meg at eg er ein liten smule barnsleg som skriv begeistra om blås-bort-dagar og får nemnd Ole Brumm og Bestemor Skogmus i løpet av to setningar… Barnsleg eller yrkesskada, kanskje, men det kan for såvidt vera det same. Nå skal eg tella ungane mine, i alle fall dei to yngste, og så er det god natt, for nå er det slutt på å gå trøytt og søvnig inn i nye arbeidsveker.
Eigentleg hadde eg tenkt å blogga om korfor eg bloggar, for i går høyrde eg ein radiodiskusjon om korfor i all verda folk skriv blogg. Det får vera til eit seinare høve, det er alltid fint å ha noko å skriva om…
Litt tysk poesi. Dette diktet fekk eg i posten av tyske Regina for tjue år sidan, og i går fann eg det att. Det er eit nydeleg hausdikt, eg trur det er skrive av Rilke.
***
Herr: es ist Zeit. Der Sommer war sehr gross.
Leg deinen Schatten auf die Sonnenuhren,
und auf den Fluren lass die Winde los.
Befiehl den letzten Früchten voll zu sein,
gib ihnen noch zwei südlichere Tage,
dränge sie zur Vollendung hin und jage
die letzte Süsse in den Schweren Wein
Wie jetzt kein Haus hat, baut sich keines mehr.
Wer jetst allein ist, wird es lange bleiben,
wird wachen, lesen, lange Briefe schreibe
und wird in den Alleen hin und her
unruhig wandern, wenn die Blätter treiben.
Heidi
