Jag vill möta livets makter vapenlös…
November 11th, 2009, 2 Comments
Slik skriv Karin Boye i eit av dikta sine. Dersom eg hugsar det rett slik at eg kan sitera det frå minnet, det er ikkje alltid eg hugsar rett. Eg liker Karin Boye sine dikt.
I helga las eg Eyvind Skeie sin Svein Ellingsen- biografi. Svein Ellingsen er ein person eg har stor respekt for. Han skriv heilt fantastiske salmer. I boka kunne eg lesa at Svein Ellingsen og har vore oppteken av Karin Boye si diktning.
Det var hjarteskjerande å lesa om barndomen til Svein Ellingsen. Han var eit hyperfølsomt og hudlaust barn. Han vart ikkje teken vare på i skulen. Om sundagane gjekk han aleine i kyrkja og sette seg på ein fast plass, der han sat for å høyra på gudsteneste, salmer og musikk. Sjølv var eg eit robust barn, men truleg og eit litt merkeleg barn. Eg møtte masse varme. Men noko såpass sært kunne sikkert eg og ha gjort; gått aleine til kyrkja kvar sundag for å sitja og lytta.
Seinare har han, framleis i fylgje biografien, hatt periodar med sterk angst, og fått hjelp frå psykiatrien fleire periodar i livet sitt. Kanskje dette er erfaringar som har vore med på å gje han den sjeldne gåva å kunna setja heilt presise ord på erfaringar slik at orda blir til salmer til ære for Gud? Likevel tenkjer eg at viss vaksne hadde vore flinkare til å ta vare på sjeldne barn, så hadde han kanskje gått inn i vaksenlivet med ei meir robust psyke?
Ein gong hadde eg vunne ein salmekonkurranse. Eit par veker seinare kom det eit brev i posten med den vakraste handskrifta eg har sett i mitt liv utanpå konvolutten. Det viste seg å vera eit brev frå Svein Ellingsen. Han hadde sett salmen min, og inviterte meg til å vera med på seminar, og til å melda meg inn i hymnologisk forening. Eg vart utruleg smigra, for meg er han verkeleg salmediktaren med stor S, han og Lina Sandell. Eg fekk eit stipend frå kommunen slik at eg kunne få reisa til Trondheim på seminar. Der fekk eg helsa på Svein Ellingsen.
Etter å ha lese boka ville eg gjerne ha møtt han igjen. Eg trur eg ville kunna læra mykje av han. Og eg fekk veldig lyst til å skriva fleire salmer.
To linjer til frå ei av strofene til Karin Boye passar som ei avslutning, synest eg:
Det goda är värnlöst.
Det goda behöver inte segra.
(Framleis sitert etter minnet.)
Heidi
