Medan Halvard spelar trekkspel
December 28th, 2009, No Comments
sit eg her innetulla i eit teppe og jobbar med liturgi. Eg har fått eit lite oppdrag som går ut på å bearbeida eit par av dei liturgiske tekstane som har vore ute til høyring. Det er initeressant, men oppmerksomheitskrevjande arbeid som treng at eg tek fram perfeksjonisten i meg. Dei som er engstelege for at den perfeksjonisten ikkje finst kan eg beroliga med at det gjer han faktisk. I avgrensa område kan eg vera så perfeksjonistisk som bare det, og faktisk kosa meg med å vera det.
I går kjørte me heim frå austlandet med eit punktert framhjul som faktisk gjorde alt ein kan forlanga av eit framhjul etter at me hadde spraya ein sprayboks full av tettespray inn i det. Vidunderlege nye verden, tenk at øydelagde dekk kan reparerast med spray. Elles så var reisa strabasiøs nok, med tidvis glatte vegar, vintermørke, tåke og strekningar med snøføyke. Men heim i god behald kom me…
Farfaren hadde såpass tru på Halvard sine trekkspelgåver etter første samspeltimen at han rett og slett gav han imstrumentet i presang. Han meinte at han sjølv som snart-nitti-åring hadde nok med pianoet og alle fløytene. Me fekk på mysteriøst vis klart å pressa det inn i bilen, så nå har Halvard eit trekkspel og i instrumentstallen sin.
I dag morges, eh føremiddag for å vera pinleg nøyaktig, bakte eg kanelbollar medan han spelte julesongar på trekkspelet. Bassen har han ikkje funne ut av ennå, men det høyrdest ganske rått ut med Deilig er jorden og O helga natt utan bass og. C-en har han klart å finna. Resten av akkordane får han prøva å leita seg fram til.
Sidan det hastar litt med liturgiane, har eg ikkje rukke å pakka ut endå. Og ein liten tur ut på hålka for å få litt luft og trim hadde gjort seg det og… Nå får eg ta ein siste runde med liturgi, og så får eg sjå kva eg rekk før Harry og Charles klokka kvart på ni. Juleferie er heilt nydeleg.
Heidi
Andre juledag.
December 27th, 2009, No Comments
Då me vakna hadde det snødd og snødd heile natta. Eg ville ut og spasera litt i det flotte vinterveret, men det var bare så vidt me fekk opp utgangsdøra, og eg måtte vassa gjennom gardsromet for å koma ned på vegen. Ute på vegen var det masse menneske, for det meste menn i sin beste alder som var travelt opptekne av å måka gardsrom og fortau. Folk her austpå er vane med slikt ver som dette, og dei mest rutinerte tøffa rundt med elektriske eller motordrivne snøfresarar. Eg fann ein sundagsopen tyrkisk butikk og fekk handla med meg litt jus og mjølk og mandlar dekka med kakao og kanel.
Utpå føremiddagen bar det til svigerforeldreheimen att for å hjelpa til å førebu familieselskap. Eg og Sunniva bar stolar og skar salat medan Odd Christian og far hans måkte og sopte gardsromet. Halvard spelte piano og trekkspel saman med farfar. Han fekk ein liten trekkspeltime av farfar. I går laga Halvard og Odd Christian kvar sin film med det nye fimkameratet til Halvard. Odd Christian laga ein film om “den siste dansande familie,” der farfar sitt improviserte dansenummer til nøtteknekkarsuiten vart foreviga, slett ikkje verst til å vera ein mann som går i sitt nittiande år…
Så dukka storfamilien opp, og då eg sa at eggerøra eg hadde blitt betrudd å laga nok var i saltaste laget, sa min kavaler av ein svoger at eggerøre mest alltid er for lite salt… Me åt laks og aure, juleskinke, eggerøre, flatbrød og salatar før me avrunda med kransekake, is og farmor sine heimelaga krumkaker. Etterpå løyste dei vaksne verdensproblem, medan “barna”, som nå er mellom femten og tretti år, spelte gamle brettspel og Gianna sisters på farfar sin gamle commodore.
Klokka halv seks pakka me med oss Astrid og Fredrik for å dra til Sandvika kino og sjå 3D versjonen av Avatar. Me måtte stoppa for å sjekka ein rar lyd på høgre side av bilen, og det viste seg at høgre framhjulet var flatt. Gradestokken hadde sunke til under tolv grader minus, så det vart relativt kaldt for dei av oss som ikkje var skikkeleg kledde. Det ende med at me ankom kinoen i taxi, og nådde det akkurat. Normalt ville eg ikkje tenkt at Avatar var min type film, men ei filmanmelding eg høyrde på radioen hadde gitt meg lyst til å sjå han. Eg likte det eg såg gjennom 3D brillene utanpå dei vanlege brillene. Det var ei betagande skildring av eit “folkeslag” som levde i eit med naturen, og menneska som kom for å utnytta det dei trudde var områda tilhøyrande ein primitiv stamme var ikkje akkurat flatterande ambassadørar for menneskeslekta.
Nå er det siste kvelden her, me har testa ut Eva Mari sitt sekshjarta vaffeljern som fungerte heilt utmerka. I morgon skal me opp grytidleg for å rydda/vaska oss ut av huset og inn i bilen. Så får me håpa at det ordnar seg med bilhjulet. Me kan ikkje kjøra 50 mil på reservedekket på heftig vinterføre. Det ordnar seg vel. Peisvarmen i stova er god, og det fristar ikkje å ta kvelden, men morgondagen teke i betraktning…
Heidi
Walking in a winterwonderland
December 26th, 2009, No Comments
song Sunniva og venninnene improvisert fleirstemt i baksetet på mazdaen på sundag føremiddag då me skulle kjøra dei til teaterøving. Og winterwonderland var det verkeleg med halvvegs nedsnødde vegar og fykande snø. Eg var faktisk litt i tvil om me ville klara å få dei heim att frå nabobygda utpå kvelden eller om vegane ville vera heilt gjensnødde. Det same lurte dei ansvarlege leiarane på, så jentene vart permitterte tidlegare enn planlagd slik at alle skulle kunna koma seg heim før det vart heilt kaos.
Då me kjørde austover på lille julafta var me så heldige at snøkaoset låg bak oss og slo til på vegar me allereie hadde passert. Her på austlandet var det atskillig mindre snø enn heime då me ankom, men sidan då her det snødd masse her borte og, og Sunniva uttrykte nettopp bekymring for korvidt me ville snø inne her i det lånte huset, men det gjer me nok ikkje. Her inne med peiseld og kveldsmørke er det veldig vakkert å sjå ut på den fine kvite snøen som ligg tungt på tre og hus og vegar.
Ingrid valde å vera heime med Oddvar og butikkjobben, og me saknar henne litt, men elles så er det ganske fint å få tid i saman med ungane på denne måten. Vanlegvis lever me kvar våre liv og treffest ved nokre daglege treffpunkt, men nå er me saman heile tida. Det er fredeleg og fint. Eg har hatt det i overkant travelt, og det er deilig å ta det litt meir med ro.
I går drakk me føremiddagste med svigermor og svigerfar og hjalp dei å pynta juletreet. Det er fint med gammal julepynt. Gamle pappkuler med snøglitter på, slike som bestemor sa var frå krigen, fekk henga på saman med gamle flettekorger i glanspapir, fine glaskuler og trådglitter. Det virker som om eg levde i gamle dagar når eg tenkjer på at eg og bestemor sat ved kjøkkenbordet hennar då eg var lita og brukte kveitemjølsklister til å lima hankar på fletta julekorger i glanspapir som morfar hadde sykla ut for å kjøpa til oss…
Om kvelden var storfamilien samla med masse god mat og til ære for Maria på seks år kom det ein julenisse med store solbriller og banka på verandadøra akkurat då onkel Joffe var ute eit ærend. I dag har me hatt sein frokost med juledagsgudsteneste på TV, og eg rakk å jobba litt med liturgiarbeid før me drog til “farmor og farfar igjen” der onkel Joffe dukka opp med fiskesuppe og blåbærkrem. Me var innom ein bensinstasjon og kjøpte to små sekker ved, og i kveld har me fyrt på peisen, robba kakemenn i boksane til Eva Mari og sett Slumdog Millionaire. Eg har lese ca halve boka til Jonas Gardell “Om Jesus”, og finn ho interessant. Nå ser ungane på Ghostwhispers, trur eg skal sjå saman med dei før eg eventuelt avsluttar første juledag saman med Gardell. Ha ei framleis gledeleg jul, som eg har lært i ei bok om skikk og bruk er den rette frasa i juledagane. Før jul heiter det nemleg god jul… Og etikette er me vel nøye på vel… Det står på ein måte i stil til den boksen me fekk med paté de cerdos patas negras… Ein leverpostei frå viltgåande griser med svarte labbar som går i skogen og et hasselnøter som dett ned på bakken… Såpass må det vera…
Heidi
Langt oppi lia der veit je et sted…
December 23rd, 2009, 3 Comments
det snør og det snør og det snør nesten ned.
Det fins itte væger, det snør og det snør,
og ingen har vært der i jula før.
Men nå kommer du og jeg og dompappen,
heisan og hopsan og tralala…
Slik song Alf Prøysen i barndomen min, og nå forstår eg betre kva han meiner. Her har det snødd og snødd, og då eg skulle i førjuls-stikkinnom- besøk hos Anne Mette på sundag, var det heilt uframkomeleg. Siste biten måtte eg ta meg fram til fots, og det var omtrent midt i byen. På veg heim stod ein bil bom fast i ei rundkjøring. Me stoppa og kjøpte thailandske små vårrullar med peanøttsaus. Dei smakte fortreffeleg.
Etter ein dag med hard julejobbing og koselege kaffibesøk, er det på tide å pakka kofferten med juleklær for å kjøra femti mil sånn omtrent rett aust… Dei har lova snø og kuling. Det kan koma til å bli ein interessant tur. Nå må eg skrida til verket slik at det blir nokre timar med søvn før eg må opp klokka sju…
Heidi
Før me kjem til tjueti…
December 17th, 2009, 7 Comments
så sender eg julebrevet mitt til bloggen og.
Kjære venner på Andedrakt
Så er det meg og tastaturet… Det har det eigentleg vore i rikesleg monn dei siste vekene, for eg har teke på meg både det eine og det andre skriveoppdraget utan heilt å sjå konsekvensen av mine eigne løfte… I dag har eg fullført to av dei. I lag med dei flotte skrivekursjentene mine, har eg laga to bøker i haust, ei biletbok om ein liten gris og ei forteljing om ei jente i 7.klasse. I min einfaldigheit hadde eg lova at dei skulle vera ferdige til jul, slik at dei skulle få dei siste skrivekursgongen før jul, altså i morgon. Og det skal dei få… Og så må eg bare fullføra barneteateret til byjubileet i Sandnes kommune, og få send inn konsulentarbeidet til kirkerådet. Tiandeklasseforestillinga kan venta til i romjula.
Men eg klagar ikkje altså, alt er heilt frivillige oppdrag, til neste år håpar eg på å kunna ta meg eit permisjonsår frå skulen og bare arbeida i kulturskulen på sida av skrivinga. Eg får smila fint til rette vedkomande i Time kommune, og håpa at dei ser i nåde til meg. Åra flyt så fort forbi, og dersom eg skal oppfylla min eigen draum om å ha eit slikt år ein gong i livet, så kunne det passa bra å gjera det frå august av. Til våren vinkar eg sjuandeklassingane mine i veg til ungdomsskulen, og då må eg skunda meg å handla før eg fell pladask for ein ny gjeng med ungar…
I dag har eg vore ute og ete italiensk mat med fem venninner. Me sat i ein krok og glippa med auga til smektande juletonar. Klokka nærmar seg elleve på kvelden onsdag ei veke før jul. Halvard og Odd Christian ler og snakkar nede i stova. Dei sit der i halvkaoset med fyr på peisen og føtene tett inn til varmen. Leif kom akkurat heim frå julekonsert på Thime stasjon. Odd Christian var ein snartur i Bergen i går og tok eksamen i it. I morgon er det Ingrid sin tur til å prøva seg på matematikkeksamen. Eg kan lova alle gamle lærarskulefolk at krava er blitt nokså mykje høgare enn då me gjekk der… Eg har prøvd å lesa saman med Ingrid for å halda motet oppe i henne. Mykje av det er heilt nye ting for meg.
Ingrid har i sommar flytta inn i kjellarleiligheita vår. Der nede er det nå ein ryddig og velordna oase med fine maleri på veggene, grøne plantar, orkidear, akvarium og eit velordna fruktfat. Det hender at eg havnar der ein time og to etter endt dagsverk. Det er veldig koseleg å ha henne heime. Kvar morgon tek ho tog inn til universitetet på Ullandhaug, der ho har starta på allmennlærarutdanning. Oddvar som nå er kjærasten hennar på femte året, bur i Porsgrunn der han går på ingeniørutdanning. I går kom han heim på juleferie.
Leif var nylig på Costa Rica i seks veker for å læra spansk og dansa salsa. Då kjendest det som om eg budde i eit småkaotisk ungdomskollektiv med dei fire ungdomane mine og Spretts slekt og venner. Det trivdest eg godt med, men som den einaste som til ein viss grad kjørte bil og den einaste med nokonlunde ordna økonomi, så var det ganske travle veker. Konklusjonen vart at me klarte oss utmerka godt aleine heime, men at mannen i huset var meir enn velkomen heim att då han dukka opp midt i november ein gong. Då lengta eg etter å få lov til å legga meg ein fredags- eller laurdagskveld heilt utan ansvar for å venta på tenåringane i huset…
Odd Christian gav opp å finna hybel i Trondheim og inntok det rommet i huset me hadde begynt å tenkja på som TV stova vår, men aldri rakk å begynna å bruka. Etter fire år heimefrå tenkte han nok på gjesterommet heime som nokså midlertidig, men me har oppdaga at det faktisk fungerer kjempefint at han bur heime. Truleg blir han vel buande saman med oss fram til sommaren. I juni er han ferdig utdanna om alt går etter planen, og han er heldigvis ikkje skremt etter det første halve året sitt i norsk skulevesen.
Sunniva er blitt stor jente som går på musikk-dans-drama på Lundehaugen vidaregåande skule. Ho har hovudfokus på drama og trivst utmerka med det. I tillegg har ho heile hausten vore med i to dramagrupper på fritida og har hatt det så travelt at eg ikkje fattar at ho heng saman. For snart tre veker hadde ho premiere med ”Maestroens rose” på Undheim revyteater der ho spelte dansepike på eit variete-teater. Ho dansa og strålte, og etter premieren var det første eg tenkte på at eg måtte få billettar til ei forestilling til. Nå er ho ferdig på Undheim, men ho og venninnene øver iherdig til premieren på stykket ”Groovy” som skal vera i Storstova på Bryne i slutten av januar. Kvar måndag kjem kusina Vilde hit og er med på øving og overnattar hos oss før ho og Sunniva reiser saman til Lundehaugen neste dag. Vilde har dei siste åra gått inn og ut her som eit bonusbarn i familien, og Sunniva har tilsvarande tilstandar hos Vilde på Figgen.
Halvard går i tiande klasse og vil helst på ”media og kommunikasjons linje” neste år for å laga filmar. Elles så er rommet hans søkklasta med ulike former for strengeinstrument. Dei siste åra har han spelt og spelt med ekte Harboe-energi. Eg håpar musikkfasen varer nokre år til, slik at han rekk å bli skikkeleg flink… Han driv og veks noko voldsomt akkurat nå, og stemmen er midt i stemmeskiftet.
I mai vart han konfirmert. Det vart tendenser til panikk i heimen då overnattingsgjestene sat pynteleg ved frokostbordet, snart klare til avgang, og Halvard kom inn for å fortella at han ikkje fann dressbuksa si…
Det vart sett i gang storstila leiteaksjon, men til slutt måtte me bare kapitulera og leita etter alternativ. Skulle me snøra inn ei av buksene til Odd Christian med belte i livet og legga opp med tape eller stiftemaskin? Nei, det fungerte ikkje. Til slutt fann me ei litt for kort og litt for trong finbukse frå eit år eller to tilbake. Det fekk duga sidan me ikkje hadde tid til å leita meir. Med skjorta utanpå buksa, og ein heldigvis ganske sid konfirmantkappe, vart antrekket mest ikkje påfallande i det heile tatt. At konfirmantfiguren i plast som eg hadde kjøpt i dyre dommar knakk nakken i trappa før han nokon gong kom på toppen av kransekaka, var også ein heilt ubetydeleg bagatell. Det vart ein veldig koseleg konfirmasjon, bare synd at farmor og farfar ikkje kjende seg friske nok til å vera med.
I sommar var eg fire veker på Solgården i nærleiken av Alicante der eg hadde sommarjobb som leiar for barneklubben på senteret. Sunniva, Halvard, Leif, Vilde og May Brit var der saman med meg dei siste to vekene. Solgården er ein fin plass å vera, og i gangavstand ligg byen Villajoiosa med fine strender og koselege tronge gater med gamle hus. I september fekk eg ei siste kjenning av sydlandsk sommarvarme då eg i lag med tre gode venninner hadde fire dagar i Roma. Anne Mette, Heidi, Gry, Sigrid og eg hadde spart til turen i mange år. Dessverre måtte Sigrid bli heime med biholebetennelse, men me andre hadde nokre utruleg fine seinsommardagar der. Det vart litt dramatisk heilt i slutten då drosjen stod utanfor og venta og det viste seg at hotellinnehavaren ikkje tok visakort… Men me fekk betalt og nådde flyet vårt. Roma er ein heilt fantastisk by, eg gler meg allereie til å koma tilbake ein eller annan gong.
Då skulen starta i august, skjøna me at me var i svineinfluensaens tidsalder. Første dagen var det gjennomgang av smitteforebyggande tiltak, mekking av kriseplanar og utdeling av desinfeksjonssprit. Men til nå har det gått nokså smertefritt for seg her i huset. Me har hatt nokre dagar kvar med feber, men om det er svineinfluensa som har vore på besøk får me nok aldri vita. Leif og eg har vaksinert oss, eg ville helst at ungane skulle gjera det og, men sidan diskusjonane har gått såpass høgt som dei har på vaksinefronten, føler eg ikkje at eg kan pressa dei til det.
Nå er det bare tre skuledagar att før jul. Me har laga englar og vore på skulegudsteneste. Me har ete julegrøt og starta dagane med tenning av adventlys og høgtlesing frå Anne Franks dagbok. Det har vore hektiske veker som alltid på denne årstida, og jul i heimen har vore nedprioritert til nå. Det blir nok jul i år og, det er då framleis tolv dagar igjen… Store mengder clementiner har me klart å svelga unna, og julebaksten fram til nå, to boksar med lyse risbollar, er snart fortært…
På sundag fekk eg med meg ein konsert i baptistkyrkja på Ålgård, der eg var fleire gonger kvar veke store deler av barndomen på sundagskule og juniorklubb. Det var rart å vera der att etter tretti år eller meir. Var verkeleg ikkje kyrkjesalen, som eg hugsar som stor, større enn dette? Dei som likna på folk eg kjende var barna til dei eg kjende…
Livet er fint, utfordrande og intenst. Det blir spennande å sjå kva det nye året, som språkrådet visstnok går inn for at me skal kalla tjue-ti og ikkje totusenogti vil innebera. Eg er open for det meste, og for mitt vedkomande kan det verkeleg koma til å bli eit litt annleis år om eg ender opp med skrivepermisjon.
Saman med Martin Lönnebo prøver eg å ta himmelen med meg inn i kvardagane mine. Han seier at eit kvart sekund i tida har ei heil æve av stille og ro bak seg. Det gjeld bare å ta små steg til sides og minna oss sjølv om at det heilage alltid er nær oss. Eg anbefaler alle eg kjenner å abbonera på tidsskriftet ”Strek” og å lesa boka ”Veven” av Martin Lönnebo.
Begge deler er små vitamininnsprøytingar inn i kvardagen og det levande livet.
I ein komplisert verden, treng eg slike lykter for å sjå at gleda er ein annan plass enn i alt det som kan kjøpast for pengar.
Eg siterer Eivind Skeie si adventsalme heilt til slutt:
Må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.
Ha ei velsigna jul og alt godt i tjueti. Måtte alle gode ting skje og skje.
Heidi
Be thou my vision…
December 6th, 2009, No Comments
Syng det frå CD-spelaren nede i stova. Songen fadar ut akkurat nå, og går over i ny song. – The water is wide.
Det har vore ei fin adventhelg. Mange gjeremål ligg og dirrar i lufta, og kunne blitt til stress, men stort sett har eg klart å halda fatninga. Strikketøyet må eg nok ta det litt rolegare med, for det verker litt i strikkemusklane i akslene.
-We both shall row my love and I,- høyrest det frå stova, og det skal me. Kjærasten min sit med ei uendeleg stor bunke med sidemålsstilar som han snart har retta seg gjennom. Eg har retta eg og, retta og skrive inn tekstar frå skrivekurset, og så har eg lagt siste hand på halvårsrapportane.
I går stakk me av frå alt som gjerast burde i heimen, kjørde inn til byen og åt lunsj på foodstory. Etterpå vandra me herleg planlaust rundt i dei juleopplyste gatene medan det blå ettermiddagslyset i desember overtok etter det oransje solnedgangslyset over dei lilla skyene. Eg handla litt etter innfallsmetoden, og så reiste me heim for å retta vidare, laga pizza og tenna stearinlys.
I dag hadde eg ein heilag time i kyrkja med – Eg veit i himmerik ei borg, og -Å hvor salig å få vandre. Den siste songen er ein song eg verkeleg likar å synga. Han tek meg mellom anna med innom Lund kirke der eg pleidde å gå på studentgudstenester då eg budde i Kristiansand tidleg på åttitalet. Då ljoma takt og tonar i romet så vindua dirra. Men aller helst skal det syngast på svensk slik me gjorde då:
Her vid älverna i Babel titt forstumma nog vår song, men vi ventar bättre dagar i Jerusalem en gong.
Härleg songen där skal ljuda, stärkt som dånet av en mäktig flod. Äran tillhör Gud och lammet som oss köpte med sitt blod.
Skikkeleg Kanans språk, men du så det svingar… I dag var det seks dåpsbarn i kyrkja. Etter at dåpshandlinga var over gjekk presten mellom benkeradene framme i kyrkja. Han løfta opp eit og eit dåpsbarn i armane sine og song ei velsigning over kvart av dei:
Herren velsigne deg, Herren bevare deg, Herren gje deg fred, Herren gje deg fred.
Etterkvart fall kyrkjelyden inn i songen. Det var ein heilag atmosfære i kyrkjeromet, og bortsett frå songen var det heilt heilt stille i romet. Dåpsbarna var alle heilt rolege, og kikka vekselsvis på den syngande presten og vekselsvis ut i romet.
Halvard ville så gjerne begynna å pynta til jul. Som regel er eg julepyntpuritanar. Skikken eg har med meg heimefrå går ut på å starta å pynta først om kvelden vesle julafta. I år reiser me vekk, så i alle tilfelle må me pynta før det… Det ende med at eg og Halvard sette opp julekrybba og alle englane, og tende lys i lysglasa, medan me hadde julemusikk til arbeidet; O helga natt og White Christmas i salig blanding. Eg har irritert meg litt over at fleire og fleire tek jula på forskot. Nå er me i gang her og. Eg ønsker meg ei adventtid med litt romslegare tid enn mine gamle innarbeida tidsplanar. Eg kjenner eg har behov for å stressa minst mogleg. Så får me sjå.
Heidi
Kor skal eg ta fatt, mon tru?
December 5th, 2009, No Comments
Eg har hatt så godt som ei veke med internettfaste fordi nettet har ligge heilt nede i heimen, og i tillegg delvis nede på jobb. Det er sikkert sunt å bli minna om at livet fungerer utan digitale hjelpemiddel og, men på jobb var det bare så vidt det gjorde akkurat det. Me kom nemleg ikkje inn i skriveprogramma ein gong, og dersom me gjorde det, så virka ikkje skrivarane… Rart å tenkja på at for sånn omtrent ti år sidan hadde me ein maskin på deling eller noko slikt…
Nå passa det dårleg inn i rapportskriving og evalueringar, og korleis skulle me nå få delt ut vekeplanar og lese e-post… ¨Nå er viss alt i orden begge plassane, så nå kan livet gå vidare som før.
For fjorten dagar sidan hadde eg den rare opplevinga å fylgja kjærasten min til computertomografundersøking. Ja, ikkje heilt inn då, men me sat der på venteromet i lag med andre nervøse ventande til han slapp inn, og stemninga var til å ta og føla på. Det gjekk liksom opp for oss at det faktisk var ein sjanse for at dei skulle finna noko, sidan dei hadde kalla han inn i det heile tatt… Foranledninga var uforklarleg bortfall av hørsel på det eine øyret. På torsdag fekk me vita at dei ikkje såg noko der inne som ikkje burde vera der. Takk og lov… Me trudde ikkje at det skulle vera det heller, men litt uroleg blir ein jo, og av og til går det opp for ein at livet ikkje er noko ein har garanti for å ha.
Eg har lese ut boka “Skrivefest” av Tove Nilsen, og kjenner sterk dragning mot å prøva meg som forfattar på nesten-heiltid.
Etter veldig travle veker på jobb, har eg minst tusen og ein ting eg skal/vil/bør/må gjera heime. Kor skal eg ta fatt mon tru? Det vil dagen visa, men eg bør vel kanskje koma i gang. Laurdagar er fine dagar
Heidi
Dei mørke morgonane
December 2nd, 2009, No Comments
og dei tidlege kveldane er over oss. Eg har ikkje noko i mot det. Det er noko beroligande med dette mørke teppet me får pakka rundt oss kvart år mot slutten av november. Og så er det så fint å tenna levande lys.
Me har internettproblem både i heimen og på arbeidsplassen min. Det tvingar meg til å bare ta inn internett i små bitar om gongen kvar gong sjansen byr seg. Snart er det i orden, håpar eg…
Sidan sist har me sett opp Mio, min Mio med elevane våre, og to gonger har eg reist til nabobygda for å sjå Sunniva spela teater. Ho dansar og stråler på scenen slik at morshjarta blir stort og varmt.
Foreldresamtalane er eg så godt som ferdig med i denne omgangen. Eg må bare ta eit oppsamlingsheat med dei som ikkje kunne koma til avsatt tid, og dei som ikkje dukka opp. Det blir bra.
I dag reiste eg og nokre kolleger spontant ned for å la oss vaksinera etter at me hadde fått telefon om at ansette på skulen kunne koma og få svineinfluensavaksine dersom me ville. Dei hadde fått inn fleire dosar med vaksine enn forventa. Det kjennest veldig greitt å ha gjort det, sjølv om eg lurer på om det kanskje var ein lett versjon av svineinfluensa eg hadde då eg var sjuk for to veker sidan.
Kanskje er det vaksinen som gjer at eg kjenner meg totalt utlada og veldig søvnig, eller kanskje det er ein naturleg konsekvens av ekstremt lange arbeidsdagar dei to siste vekene?
Sit her i sofaen med kjærasten min og skriv medan Leonard Cohen syng: Everybody knows….
Everybody knows, that`s how it goes, everybody knows….
Sova snart nå, og snart ei lang helg utan skulearbeid, det høyrest bra ut…
Leonard Cohen syng vidare: you know you can, I`m your man…
Heidi
