Orrestranda 10.januar 2010.
January 16th, 2010, 3 Comments
Det kalde vinterveret varer og varer. Ute er det klart og iskaldt. Me har bestemt oss for å dra ned til stranda for å fotografera. Me har blitt tipsa om at lyset i firetida, akkurat i det siste rest av sola søkk ne i hørisonten, skal vera heilt fantastisk. Det er best å kle seg godt, for nede på stranda er det ofte ekstremt kaldt. Eg finn fram den strikkegenseren som er så tjukk at han så å seia ikkje er i bruk. Oppå knepper eg eit uformeleg militærfarga plagg. Ullstillongs og vinterstøvlar, vottar, heimestrikka skjerf i alpakkaull og lue med hekla blomar høyrer med til antrekket. I dag er det opplagt “to see ” meir enn “to be seen” som er spørsmålet…
Vegane er glatte og islagde, og markene kvite av snø. I eit og anna hus ser ein framleis tende juletre og store adventstjerner i papir. Himmelen har allereie fått rosaoransje glød, og eg lurer på om me er for seint ute. Ved vegen ned til stranda kjem to svaner flygende mot oss med lange utstrekte halsar. Dei teiknar seg som kinesiske skrifteikn mot himmelen og forsvinn. Når me går ut av bilen ser me ein stor flokk av ville svaner på tjelva. Dei har truleg måtte trekka ut mot havet fordi vatna deira har frose igjen akkurat som i eventyret om den stygge andungen. Mellom dei kvite svanene ser me fleire som framleis ikkje er vaksne og har brunleg fjørdrakt. Dei strekk halsane mot oss og skrik såre klagande skrik.
Vegen over sanddynene er heilt tilfrosen. Nokre stader er det vanskeleg å ta seg fram. På den andre sida, den sanddynene skrår ned mot stranda, mister eg fotfestet eit sekund og rutsjar nokre meter nedover. Det er så tilfrose at sanden er hard som stein, langt hardare enn eg ville ha trudd. Nede på stranda møter me fleire godt innpakka turgjengarar. Fleire har med seg fotostativ. Solskiva er akkurat i ferd med å forsvinna ned i havet som er svart og sølvfarga på same tida. Lyset er mjukt og magisk. Alle dei store steinane er glaserte med kvit, seig is av saltvatn, som får landskapet til å sjå ut som om ein trollmann frå Mummidalen har svingt tryllestaven over. Sandblanda is ligg som eit skarelag over stranda ut mot sjøen. Tang og stortare, med stelker så tjukke som mannsarmar, ligg kvitglaserte som mellom dei store steinane og lyset forandrar seg frå minutt til minutt. Kjærasten min monterer fotostativet sitt og leiter konsentrert etter nye motiv og vinklingar. Han er flink. Han får fotografera for oss begge. Eg småpratar med folk som passerer, oss og leikar meg med å prøva å finna dei rette orda til å skriva januarkvelden inn i det uforgjengelege.
Heidi
Tilbake til framtida.
January 2nd, 2010, No Comments
Tida er ei kraft, skriv Eyvind Skeie på bloggen sin. Det er ein fascinerande setning å leika med i tankane. Sikkert er det at nå når me snur kalendaren så blir folk flest meir opptekne av tid enn me normalt er. Me fortel einannan at nå er det blanke ark og nye sjansar, og me restartar til ei viss grad vår eigen livsstil. I alle fall prøver mange av oss å justera kursen ein millimeter eller to. Eg ser ikkje vekk frå at englane smiler litt av oss der me balanserer på den linjaleggen me kallar tid. Og så har me dårleg tid og god tid. Eller dårleg god tid som når me sit på legekontoret og ventar utålmodig på noko som kan vera ubehageleg, eventuelt god dårleg tid, viss me skundar oss for å nå noko kjekt ,gjerne lattermildt småspringande, saman med nokon me likar å vera i lag med. Dette med god dårleg tid og dårleg god tid er heller ikkje mine tankar, men noko eg høyrde nokon, eg hugsar ikkje kven, snakka om på radio. Der høyrde eg og om ein forfattar som lot ein av hovudpersonane stå i kø på Rema kvar dag i den travlaste tida, for der gjekk tida så seint, han var nemleg plaga av at livet gjekk alt for fort…
I går såg eg ein fascinerande engelsk dokumentar om noko som vart lagt fram omtrent som ein trend i Storbrittania: Menneske som lever som om dei høyrer til ei anna tid. Me fekk møta fleire unge damer som levde som om det var på 50-talet, med husa innreia i 50-tals-stil, tidsrette klede og bilar frå rett periode. Desse damene var husmødrer på heiltid, og livsinnhaldet deira var å leva 50-tals messig og å degga for mennene sine som kom heim til nyslikka hus og nylaga middag på respateksbordet. Fleire av dei gjekk minst mogleg ut, og omgangskretsen deira var folk som levde på same måten som dei… Ei av dei uttalte at dei ho kjende som levde femtitalsliv ikkje ville ha barn fordi det ville gjera det mest umogleg å leva på denne måten. Ho trudde ho ville ha vald abort om ho vart uforvarande gravid. Me møtte og damer som levde på 30-talet og 40-talet. Dei snakka varmt om den nye kalde tida og om den svunne idyllen… Det slo meg at som dei opplyste menneska dei var, så burde dei veta at 30- og 40- talet er kjend for andre ting enn idyll…
Dette må jo handla om trongen til å ha det trygt, og om trongen til å tilhøyra ei gruppe ein kan relatera seg til, slik at det blir “oss og dei andre.” Ei av dei som levde eit trettitals liv innrømma at ho hadde ein microbølgeovn i eit skap i knehøgde, som ho tydde til av og til, og ei anna innrømma at ho handla femtitalsklede på internett forsi dei var så vanskelege å finna…
Martin Lönnebo skriv at bak eit kvart punkt på tidslinja ligg ei heil æve av stille, og at det er mogleg å ta små steg til sides for å finna denne stilla. Det er ein vakker tanke.
Eg skriv eit stykke som er eit bestillingsverk for barneteater. Det er for målgruppa 2-6 år og handlar om framtid, fortid og nåtid. Det er nåtida me kan gjera noko med. Samtidig blir alle opplevingar i nåtida transformert til fortid, fortid som me skal bera med oss i all framtid…
Det er fascinerande med tid. Sjølv har eg mest alltid god tid samtidig som eg eigentleg har dårelg tid. Sånn som nå. for eksempel; her sit eg og skriv…. Og tida flyr i frå meg. Carpe diem alle saman. Avsluttar med det same visdomsordet frå bibelen som eg nettopp las på bloggen til Arne:
Lær oss å telja dagane våre så me kan få visdom i hjartet.
Heidi
