Amsterdam.
February 28th, 2010, 4 Comments
Amsterdam er ein sjarmerande og skeiv by. Husa lener seg mot einannan på merkelege måtar, og delar av gamle hus er bygde inn i nye hus. I gatene er det hundre tusen syklar, nokon av dei har korg på styret med silkeblomar i. Sidan me har ti timar på oss mellom dei to flya i Amsterdam tek me ungane med for å presentera dei for byen. Sist gong me var der saman var for tjue år sidan, så ingen av barna har nokre minne om det.
Dei kikkar inn på kaffehus der marihuanarøyken vellar ut sjølv klokka tolv på føremiddagen, og sjølv utanfor “Red light district” ser me damer, mest utan noko som helst på kroppen, stå i opplyste kjellarrom og prøva å tilby sine tenester gjennom blikkontakt med forbipasserande menn. Ingrid observerer ein mann med lommeboka i handa som enten er på veg til å besøka dei, eller nettopp har gjort det. Kanalbåtane går på kanalane, og på eit av dei mange torga står ein svært sjarmerande ung mann og sjonglerer med eit sverd, ein brennande fakkel og eit grønt eple medan han et eplet gjennom å ta ein bit kvar gong han får det ned i høgrehanda. På same torget står to “statuemenn” med halloweenmasker, sverd og svarte lange kappar. Me et lunsj på Mc Donalds, der me finn oss eit bord i tredje etasje. Mellom borda spankulerer det levande duer som tiggar smular frå hamburgarbrøda.
Etter eit par timar tek dei fem ungdomane våre flytoget tilbake til flyplassen. Eg har observert at dei klarer seg heilt utmerka i verda utan fylgje. Kjærasten min og eg går for å møta Jouke på ein kafé. Kjærasten min vart kjend med han på eit bibeloversetjarkurs ein gong for veldig lenge sidan. Den sommaren eg var gravid med Odd Christian kom han på besøk til Norge. I åra som fulgte besøkte me han to gonger i Amsterdam. Han budde då midt i Red Light District, og var frivillig medarbeidar i ein kristen kommunitet som jobba for å gjera livet mest mogleg leveleg for prostituerte og narkomane i den mest belasta bydelen. Eg hugsar at eg prøvde å avleda Odd Christian då me gjekk heim om kvelden for at han ikkje skulle bli alt for merksam på damene i dei opplyste vindua og spørra om kva dei dreiv med. Han var bare tre år den gongen, og så vidt eg hugsar så stilte han ingen spørsmål.
Det er veldig kjekt å sjå Jouke igjen. Det vemodige er at det er tjue år sidan sist eg såg han, og mannen som sit og ventar er tjue år eldre enn sist. Det kjennest som sånn omtrent i går, og så på eit knips er verda blitt tjue år eldre. Me får nokre fine timar i lag med han. Han har den same varme og entusiastiske utsrålinga som eg hugsar frå sist. Det er fint å møta igjen folk ein set pris på. Han fortel at han alltid har hatt lyst til å synga i kor, og i ein alder av 55 år møtte han til opptaksprøve i eit Bach-kor, tok privattimar i song for å få lov til å bli med, og nå øver dei inn Händels Messias. Han gir meg nesten lyst til å starta med korsong.
Då eg gjekk på skulen, lærte me at dei hollandske pannekakene er berømte og heilt spesielt gode. Det har eg aldri fått testa ut, så på kafeen blir det eplepannekake. Ho er verkeleg heilt spesielt god. Det er mest ein vane nå etterkvart å sjekka inn på fly. -Denne gongen lettar det til og med utan om og utan men. Heime har det snødd.
Heidi
Om å kryssa Atlantaren.
February 28th, 2010, 2 Comments
På veg til JFK- airport blei me redde at me har feilberekna tida. Det vart sagt at viss me berekna halvannan time i drosje så hadde me god tid. Men kanskje me burde teke meir hensyn til det såkalla ekstremveret og prøvd å ombooka dei to drosjane slik at dei kom ein time tidlegare. Det datt framleis “mix-rain” ned frå himmelen, og vinden var frå ein jærbu sin synsvinkel ikkje noko å snakka om i det heile tatt. Likevel var det som om biltrafikken stod stille. Me diskuterte korvidt me kunne ha teke oss fram til fots i same tempoet… Oddvar spurde den eine staxisjåføren frå Egypt om folk i New York la om til vinterdekk. Det sa han at dei fleste gjorde, men at brøytebilane øydela for trafikken.
Men fram kom me. Innsjekkinga gjekk veldig raskt, så me hadde meir nok tid. Kjærasten min inviterte oss på ventemiddag på Panda, ein kinesisk restaurant på flyplassen der ein kunne velja to ulike rettar i tillegg til forskjellige variantar av ris. Eg prøvde å forklara dei at eg ville ha ein porsjon utan ris, men det viste seg å vera heilt umogleg å kommunisera. Det vart risnudlar. Lågkarbovarianten får venta til måndag… Maten smakte nydeleg
Vel ombord på flyet fekk me vita at det måtte av-isast før dei kunne ta det opp i lufta. Dette forsinka oss ca ein time. På stoffet dei spruta over flyet kunne me sjå at vinden tiltok i styrke. Etter å ha letta fekk me vita at “The pilot expects some turbulens”, så me vart råda til å bli sitjande med beltet på. Ca fem minutt etter at signalet for setebelte var slokka kom det ny melding over høgtalaren: “As the pilot expects more turbulence, he asks you please to find your seats, sit down and fasten your seatbelts again. Slik vart me sitjande i eit par timar. Det var som å kjøra på ein skikkeleg humpete veg. Eg trøysta meg med noko eg nettopp hadde lese i ein “antiflyskrekkbrosjyre”: “Eit fly er konstruert for å kjøra gjennom turbulens på same måte som ein buss er konstruert for å kunna kjøra på humpete vegdekke.” Det var ein god setning å halda seg fast i. Etter at me hadde passert stormområdet vil eg karakterisera resten av turen som “a pleasant flight”.
Før sleit eg med sterk flyskrekk, men eg vil karakterisera meg som relativt kurert. Dessverre har Odd Christian grudd seg veldig for å fly fram og tilbake til USA etter at han opplevde noko som kjendest som ei “nesten ulykke” på flyplassen i Singapore då han var ute og reiste med folkehøgskulen. Eg er imponert over at han blei med oss likevel, for eg veit kor mykje det kostar å trassa flyskrekk. Eg erklærer nå at han har bestått eksamen i å overvinna flyskrekk etter å først ha stått i tre timar på flyplassen i Amsterdam på veg ned, der dei hadde plassert oss på eit nytt fly fordi det første hadde motortrøbbel, og så opplyste på høgtalarane om stadig nye ting som var gale med den eine flymotoren på det nye flyet. Det vart gitt beskjedar og kontrabeskjedar. “It will take too much time to fix the motor, but the experts tells us it is completely safe to use the plane.” Og så etter ein ny halvtime: “We have found a new problem in the engine, and it is not safe to take off…” Etter at reperatørane hadde vore der sa dei at “The engine now runs beatifully prefect…” Då får ein bare stola på det… Og på veg heim råkar me til å treffa på ein liten storm over Atlanterhavet… Og me klarte oss heilt fint både Odd Christian og eg. Me sat til og med på sida av kvarandre på heimvegen, og kunne trøysta kvarandre med å påpeika kor usedvanleg rolege og avslappa flypersonalet såg ut til å vera.
Men sova på fly er framleis utenkjeleg. I alle fall i teorien. Så natta gjennom sat eg med den vesle leselampa på og las i Cynthia Lennon si bok “John”, der ho skildrar samlivet sitt med John Lennon. Det var ei av bøkene eg plukka med meg frå amerikanske bokhandlar, og sidan eg elskar biografiar, så rekna eg med at ho var passe engasjenrande og lettlesen til å avleda tankane medan ein vart frakta over Atlantarhavet. Odd Christian som sat ved sida av meg påstår at eg las ca ei side mellom kvar gong eg duppa av, og vakna etter nokre minutt fast bestemt på å lesa og ikkje sova… Då me fekk frokosten vår, ein søt blåbærmuffins med appelsinjuice og bringebæryoghurt, trøysta eg meg med tanken at me var i ein posisjon som gjorde at me kunne nødlanda i Storbrittania om det skulle bli nødvendig… Då redningsvesten, eller “The lifejacket”, som det så bortimot elegant heiter på engelsk, vart demonstrert, kunne eg ikkje la vera å tenkja på kor kaldt det hadde vore med isvatn i skorne…
Og som vanleg. Like etter at det har landa eit fly med meg sjølv oppi, så er eg eit usedvanleg lukkeleg menneske.
Heidi
Eye of the storm…
February 26th, 2010, 7 Comments
heiter ein slags serie nyheitsbulletiner dei sender på TV her i dag. Det er tydeleg at det me opplever nå kjem i kategorien amerikansk ekstremver. Det fascinerande er at det er nokså normalt vinterver, som ingen heime ville ha heva eit augebryn over. Vinden er så godt som fråverande, toppen bris styrke faktisk, og snøslapset som kjem ned er langt frå å fortena rennedrevstatus.
Dagens tabbe var at eg gjekk ut i dei grøne skorne mine i dag, for å spara støvlettane slik at dei var tørre til turen heim. Dei grøne er opne sko med ankelreim over. Det som la seg på bakken likna på den amerikanskinspirerte drikken, slush, og snart var det slik at eg måtte vassa gjennom isvatn og slush, som til sine tider rakk meg til over anklane. Me hadde retning Guggenheim-museet, og då me endeleg kom fram, var det stengt på torsdagar. Heldigvis var det andre store kunstmuseet i utkanten av Centralpark ope. Etterkvart vart det surklande vatnet i skorne mine temperert. Det oppstod ein slags våtdrakteffekt. Museet var heilt fantastisk, spesielt avdelinga for moderne amerikansk kunst. Som alltid på kunstmuseum, fekk eg veldig lyst til å studera meir kunsthistorie. Eg er takknemleg til min gamle kunsthistorielærar Pim, på Notodden, som med relativt knirkande monoton stemme fekk meg til å oppdaga kor spennande kunsthistorie er. Eg skulle gjerne hatt mykje meir tid der, men for Sunniva som eg gjekk saman med, trur eg det var akkurat passe…
Utanfor museet i det tette snøslapset som blir kalla mixed snow her, kjøpte me varme pølser og varm pretzel av ein selgar som stod der med vogna si. Nå var det endå meir snøslaps på gata, og verkeleg iskaldt å vassa i. Det ende med at eg måtte inn på ein butikk og kjøpa meg gummistøvlar. Dei var sånn omtrent utselde, men eg fekk sikra meg eit par halvlange kvite støvlar med peacemerke i ulike fargar. Dei er bittelitt tronge, så interesserte mottakarar kan melda seg. Men dei berga meg forhåpentlegvis frå lungebetennelse eller liknande…
Nå blir me snart henta av drosjen som skal ta oss til flyplassen. I “Eye of the storm”, har dei meld om ei rekke kansellerte flyavgangar på grunn av snøstormen, men det ser ut som om vårt fly skal letta. Får seia som Lillebjørn Nielsen: “Hei New York!” Nå gleder eg meg til ein times biltur ut til flyplassen. Og så få det visa seg kva som skjer…
Heidi
Du går i fare hvor du går…
February 25th, 2010, 4 Comments
… eventuelt. “Ingen er så trygg i fare…” Begge sitata frå kjende bedehussongar kunne passa som overskrift på dette innlegget. Men kanskje mest av alt: “Det handler om å leve”. Dersom ein først skal ty til songskattane, liksom….
Kjærasten min og eg starta dagen med å gå ut for å handla inn til frokost. Me fann ein “gourmet shop” like i nærleiken der varene var utsøkte og utvalde for den gjengen med det eg antek er ganske velståande menneske som har råd til å bu her, bare ti minutt frå Manhattan med T-banen. Det meste var økologisk mat, og det meste var utan transfett… Me bar heim to store posar, og begynte å laga frokost, mellom anna steikte me bacon, med eller utan transfett.
Då gjekk brannalarmen. Dei opplyste på høgtalaren at “A fire has been detected on your floor. Please leave the building immidiately, use the stairs, don`t use the elevator.” Det var faktisk ganske skremmande, me var i trettande etasje. Me kom oss ut alle saman, og småsprang ned gjennom etasjane. Eg hugsa at eg hadde skrudd av kokeplata då eg gjekk ut, men i det eg passerte 5. etasje, begynte eg å lura på om eg hadde hugsa å flytta panna av plata. Kanskje eg var i ferd med å laga brann der oppe i fall dette var ein falsk alarm… Heldigvis hadde Oddvar tenkt på å flytta panna før han gjekk ut. Vel nede fekk me vita at det var ein test av alarmsystemet.
I går då me var ute såg me ca ti politibilar parkerte tett i tett på begge sider av gata oppe på Broadway. I dag stod det politikonstablar og sjekka folk på T-banen. Sunniva ville helst sluppe å ta T-banen fordi ho hadde sett på TV i går at ein person hadde innrømma å ha planlagd terror på T-banen.
I ettermiddag reiste eg og gutane gjennom heile byen for å handla på det store kjøpesenteret Macy, der me hadde sett fine ting i går. Då eg ankom butikken i 7.etasje der eg hadde tenkt å handla, var det stengt med eit tau og fleire sikkerheitsvakter var der. Dei sa at det var stengt inntil vidare, og ei ekspiditrise sukka noko om at folk ville inn “even though it is still a lot of smoke there.” Ein annan av personalet der snakka lågmælt om “an emergency in seventh floor.” Instinktene mine fekk meg rimeleg fort nedover i etasjane i dei gamle staselege rulletrappene… Gutane hadde opplevd det same, og blitt fortalt at det hadde vore brann for nokre timar sidan. Ingrid og Oddvar hadde vore der tidlegare på dagen, og sett fire brannbilar utanfor Macys…
Ei dame på Ellis Island hadde fortald frå scenen i eit teaterrom at det var venta storm over Atlantarhavet i morgon, og at ei rekke flyselskap hadde innstilt avgangane sine. Gjett når me skal reisa heim… Men det får me ta som det kjem… Me har ikkje funne noko i avisene eller på nettet om venta stormar.
På veg til Ellis Island, mottaksøya som alle emigrantane før måtte innom før dei vart slupne inn i Amerika, vart me veldig grundig sikkerheitssjekka. Både eg og Sunniva vart omtrent kroppsvisiterte. Det kjennest litt overdrive i anledning ein ti minutts båttur, men det er jo bra at ting skal vera trygt.
Eg skulle ha skrive mykje om Ellis Island og om musikalen me såg i går, men det får venta, eg er så søvnig, og beina mine vil gjerne legga seg i ei seng dei og, Kanskje eg skriv meir om desse tinga seinare. Nå seier hjernen min god natt. Om me ser bort frå “Store tals lov”, så burde me ha brukt opp dramatikken for denne turen. Mest av alt har me det utruleg kjekt, og i morgon skal me bruka siste dagen veldig klokt. Om ikkje stormen skulle visa seg å koma slik at me blir landfaste her… Nå skal eg lesa i ei av dei tre bøkene eg kjøpte i ein ekstremt stor bokhandel eg var i med sønene mine. Både eg, Odd Christian og Halvard bar med oss tunge bokposar ut der i frå.
Heidi
Scener frå dagen som var:
February 24th, 2010, 2 Comments
“How do yo find things?” Den unge jenta i butikken “Strawberry”, virkar oppriktig interessert. Eit sekund blir eg litt usikker på kva ho meiner, “Where did I find these things?” “No, I mean, how are things? Are things ok”. Eg smiler og takkar ja, ting er finfine. Dei er heilt sikkert drilla i å møta folk på ein vennleg og interessert måte, som nordmann blir ein litt stiv. Kva blir det forventa at ein skal svara? Takka ja takk, bare bra? spørja dei korleis dei har det sjølv i dag? Stort sett er folk i denne byen veldig vennlege. Det kjennest fint.
I butikken ser eg ei dame som står konsentrert og leitar i ei korg med skjerf. Ho er smal og slank og fint kledd, og etter kroppen å dømma, kunne ho ha vore 25 år. Når ho kikkar opp ser eg at ho må vera i alle fall 60. I ansiktet har ho ei maske av sminke, som om ho var sminka for svært sterkt scenelys. På augneloka har ho ei blanding av ei sterk lillafarge og sølvgele. Eg kvekk til i det ho ser på meg. Eg tenkjer at det må krevja mot å bu på Manhattan og vera evig ung og evig pen. Eg kjenner eit drag av sympati, og kjenner at her står det ei dame som lever så sterkt ho bare kan. Det bur nokon i blikket hennar. Eg står der i ein amerikansk klesbutikk og kjenner at akkurat henne skulle eg gjerne blitt kjend med.
Sunniva og Ingrid er nedlessa med mange posar kvar med ting dei har handla. Dei er fornøgde. Me har avtalt å møta gutane for å eta lunsj i lag på Hard- Rock- kafe oppe på Broadway. Oddvar ringer. Han lurer på om me vil møta dei på Macys ein time tidlegare enn avtalt. Det vil me. Me bestemmer oss for å ta ein gul taxi, for avstandane er store. Det regnar kraftig i tillegg. Ingen av oss er særleg drivne i kunsten å stoppa ei taxi, men til slutt går det. Ein time seinare blir me fotograferte på kafeen. Det er fint å vera ute og eta med alle ungdomane mine. I dag er det eg og ungdomane som går saman. Maten smakar godt, og i vestibylen kan me beundra jakkane til Beatles. På t-bane stasjonen sit det ein barføtt mann og ropar og skjenner. Han forbannar USA og alt dens vesen og spår verdas ende.Eg sender barna av gårde med mitt fleireisekort. I det det er min tur, går det ikkje. Kortet er oppbrukt. Eg kjem ikkje gjennom, og her er ingen billettautomat. Odd Christian kjem tilbake som ein trufast riddar. Han vil ikkje la meg vera aleine att i byen. Me må leita før me finn ein subwaynedgang med salg av billettar, men klarer det til slutt. Då reiser eg og han heim saman. Dei andre slår oss på målstreken.
Heidi
Skjeggete damer og menner med tre bein.
February 23rd, 2010, No Comments
Eg oppdagar at skyskraparar faktisk kan vera veldig vakre, og at Manhattan er ein utruleg fascinerande plass. Her skjer det meste samtidig og over alt, og New York er som ei stor samling ulike storbyar som ligg tett saman. Dei ulike bydelane er litt som ulike verdenar. Eg blir ikkje trøytt av å sjå på folk. I dag tok me oss tid til å sjå litt på området der twin towers låg før 11.september 2001. Det heile kjem nærare og blir verkelegare når ein vandrar rundt og skjøner at det ufattelege faktisk skjedde akkurat her. Husa var så høge at guiden på bussen i går fortalde at når du såg ned på gata frå øverste etasje, så kunne du ikkje skilja bilane frå resten av gatebiletet fordi dei var så langt borte at det var umogleg å fokusera skarpt.
I dag har eg vandra gatelangs mesteparten av dagen. Me splitta oss i litt mindre grupper etter å ha starta dagen med felles sightseeing Down town. Det blir litt mykje å gå sju personar saman heile tida. Odd Christian foreslo at me skulle eta lunsj ein stad på Broadway som han hadde lese om. Staden var ein kombinasjon av ein fancy spelehall med all slags dataspel og gammeldagse tivolispel, og restaurant. Lydnivået der var veldig høgt, så me to eldste var fornøgde med å finna ein liten restaurant som låg litt utanom sjølve speleområdet, og dermed var ein liten tanke lydskjerma. Maten der var overraskande nok heilt fantastisk. Eg åt ein heilt nydeleg salat med grilla kyllingfiletar, eikebladsalat, glaserte pecannøter, blåmuggost og ein slags sylta røde bær.
Etterpå hadde sønene mine eit sterkt ønske om å gå i noko som vart kalla eit odditorium. Med andre ord ei samling merkelege og bisarre saker og ting. Det var ein variant av dei gammeldagse freakshowa som før samla masse folk, og som nå får nye uttrykksformer på TV -Norge. Her såg me utstoppa kalvar med to hovud, og høner med fire bein. Du fekk lesa historiene til den høgaste dama i verda, og menn med hår over heile ansiktet, og kleda deira vart viste fram slik at ein kunne sukka bifallande til damsko i storleik 58 med tilhøyrande ytterjakke. Me fekk beundra ein ekte elektrisk stol, og lesa historier om menn som hadde så kraftige nakkemusklar at dei ikkje døydde då dei vart hengde… Eg innrømmer at fascinasjonen over godt fortalde historier alltid er til stades hos meg, og eg hadde ingen problem med å mora meg der i lag med gutane. Etterpå gjekk me på Starbucks og drakk kaffi med vanilje, kanel og muskatnøtt. Så vart det nye byvandringar. Nå har me funne utav t-banesystemet, eller toga, som dei kallar det her, og har lært oss korleis me kjøper billetter og les kart over byen og over toglinjene. Det gjer absolutt ei kjensle av meistring. På T-banestasjonen utanfor hotellet vårt stod det ein mann og spelte trombone med lysa frå Manhattan skyline i ryggen. Det var fint.
Vel heime i tolvte etasje så er beina så trøytte som eg mest aldri kan hugsa at dei har vore. Det er så vidt eg orkar å reisa meg for å gå over golvet og henta meg kaffi borte på traktaren. Kjærasten min snorksøv på sofaen og jentene mine ligg i kvar si seng og les. Gutane er ute for å handla frukt og leia film. På eit talkshow på fjernsynet debatterar dei det som på fint blir kalla “Pakistan- operations.” Eg orkar ikkje vera politisk bevisst i kveld, så eg høyrer ikkje etter. Det gjer ingen av dei andre heller, men TV-en står der og minner oss om at nå er me verkeleg ute i den store verda.
Heidi
Sundag i byen som aldri søv.
February 22nd, 2010, No Comments
Dagen har vore innhaldsrik. Etter to turar på taket av ein open turistbuss er eg kald til langt inn i ryggrada, eg trur eg må prøva å tina meg opp i badekaret. Sjølv om sola har skine med vårleg glød, så er New York ganske så kald ein by mot slutten av januar. Sjølv om faren for å detta på hålka og brekka noko er langt større heime, så ligg det snø både her og der. Som ei fonn på fortauet mot eit hus, eller som eit kvitt jorde i central-park. Drosjesåføren i går fortalde at dei hadde hatt snøstorm tidlegare i veka.
Me tok subwayen frå like utanfor hotellet vårt til World Trade Center, som ligg på andre enden av Hudson-elva. T-banen går så vidt eg kan forstå i tunnel under vatnet. Me opplevde fort at me var ute i den store verda. Ein veldig Matrix-aktig mann med lang svart skinnfrakk og delvis barbert tok t-banen saman med oss. Sunniva, som har lett for å koma i kontakt med folk, vart kjend med ei veldig søt, godt vaksen dame på T-banen. Ho lyste veldigningar over Sunniva og meinte at dersom ein kom frå Norge, så var ein etterkomerar av Gad eller Naftali stamme. Merkeleg teori. Kan ho ha vore mormonar, mon tru? Utanfor World Trade Center-stasjon møtte me ein mann og ei dame med store plakatar på magen som kunne fortella at verdens ende ville finna stad i oktober 2011…
Dei to bussturane i byen, den eine ein såkalla night-trip mellom lysreklamar og opplyste monument viste oss veldig tydeleg at byen er heilt enormt stor,- og veldig spennande. For folk med eit strok av høgdeskrekk var det meir enn spennande nok å kjøra over bruspenna mellom Manhattan og Brooklyn i andre etasje på ein open turistbuss himmelhøgt over vatnet og byen, med subwayen dunkande tungt under vegen. Brooklyn veit eg er eit område der mange norske emigrantar slo seg ned i si tid, og ein kunne nok finna spor etter dei endå om ein anstrengde seg litt. På den første bussturen gjekk me av i Harlem og vandra rundt i området ei stund. Mellom anna var me inne og kikka på Chucky Cheese, ein barnerestaurant, der barn som kom i følge, med vaksne, høgtideleg vart sjekka inn, og fekk stempel på handa si.
Matpausen vår hadde me på Mariellas pizza, ein liten og autentisk pizzarestaurant, som i fylgje eit skilt dei hadde på veggen, vart kåra av Ophra Winfrey som bakarane av den beste pizzaen i New York. Me ha trava og gått veldig mykje, og Sunniva vart så sårbeint at me måtte inn i ein butikk og kjøpa nye vinterskp til henne. Sunniva, Odd Christian og eg fann ein gigantisk leiketøysbutikk der dørvakta hadde rød frakk i beste Hotell Cæsar- stil, og ei dame utkledd som barnepleier demonstrerte babydokker. Me vart som barn alle tre, og vandra ut att med kvar vår leikepose. Eg har fått meg ei ny handdokke…
På veg heim overhøyrde Ingrid ein mann som med eit nokså saftig språk underviste sønnen på ca seks år om at You got to fight the city, or the city will fight against you. Nye opplevingar ventar i morgon, nå skal eg som sagt prøva å få varmen i meg.
Heidi
Frå vindauget mitt i tolvte etasje
February 21st, 2010, 3 Comments
ser eg frihetsgudinna løfta fakkelen sin. Leiligheita me bur i er kjempefin, og som klippa ut av ein eller annan fancy amerikansk TV serie. Lettare døgnville kom me hit ein halvtime etter midnatt amerikansk tid og tidleg morgon norsk tid. Me var svoltne og laga oss spaghetti med kjøttsaus. Dei me leier av hadde fyllt kjøleskapet. Her i tolvte etasje har me skikkeleg luftig utsikt, men over oss er det 38 etasjar til, kanskje me må ta heisen opp for å kikka.
Det skjer alltid smådramatiske ting før me kjem oss i veg nokon plass. Slik var det nå og. Ein av tinga var at Odd Christian øydela brillene sine kvelden før me skulle reisa. På opningsminuttet neste føremiddag stod me på trappa utanfor butikken til vår utruleg hjelpsomme optikar i håp om at det lot seg fiksa. Det gjorde det ikkje, men han la frå seg alt han hadde i hendene slik at han kunne få slipt brilleglasa for å få dei til å passa inn i ei litt mindre innfatning, slik at me akkurat rakk å henta dei på veg til flyplassen. Den mannen burde få namnet sitt i glas og ramme på veggen i stova vår, for han har hjulpe oss meir enn ein gong på måtar ingen kunne ha forventa.
Etter flyplasstimar, denne merkelege tilstanden der ein er omgitt av tusenvis av reisande ein aldri meir skal møta på veg frå noko og til noko, i Amsterdam, var me glade for å kunna setja oss på flyet med retning New York. Flyet var eit kvarter forsinka fordi dei hadde måtta bytta ut flyet som eigentleg skulle ha gått på grunn av ein teknisk feil. Etter å ha kjørt til take of, vart flyet bare ståande. Så fekk me vita at det var ein feil med den eine motoren som dei måtte finna ut av. Ein halv time seinare fekk me vita at feilen ikkje kunne utbetrast her og nå, men at det var “perfectly safe” å kjøra med flyet slik. Klar til ny take of. Så kom det melding om at dei hadde kome fram til at det ikkje var “safe” likevel. Ny runde med mekanikar. Halvannan time seinare fekk me vita at nå var feilen retta opp og at motoren nå “runs beautifully perfect”, men at dei på grunn av forsinkelsar og bestemmelsar om trygg flyging måtte venta på ein ekstra pilot. Eg la valde å stola blindt på at tryggleiksforsriftene ikkje gav rom for å ta unødige sjansar, og valde å stola blindt på flyvaren og co. Eg hadde begynt å lura på om me i det heile tatt kom til å koma oss i veg med to av flya på bakken på grunn av motorfeil. Men tre timar etter skjema tok me av.
Taxisjåføren meinte at me var heldige som kom om natta, for då var det så lite trafikk. Dette medan han kjørte slalåm mellom tutande bilar i eit tett bilkaos klokka halv eitt om natta.
Og nå er me her. Klokka er ti om morgonen lokal tid, og ettermiddag heime. Dei mest morgonfriske har vore ute og handla, me har drukke kaffi og søt appelsinjuice, og varma breakfastmuffins i ein brødristar som justerer seg etter tjukkleiken på det ein stappar oppi. Nå blir det googla på tre datamaskinar kva byen har å by på ein sundag i februar. Det er ikkje lite. Odd Christian har funne fram til Frank Sinatra og ein karaokeversjon av “New York, New York”. Folk hiv seg på allsong, og Oddvar har funne ut korleis me får tak i ulike variantar av sightseeingturar. Ingrid er utålmodig og vil ut og leva. Nå kjem me.
Heidi
New York, New York.
February 20th, 2010, 2 Comments
Start spreading the news,
I´m leaving today
I´m gonna be a part of it
in old New York.
Om åtte og ein halv time er me klare til å bli henta med retning flyplassen. Me skal fly over Atlantaren, og landar i New York i morgon kveld, amerikansk tid. Det blir eit langt døgn som ligg framfor oss, så visst burde eg sova. Alt tydar på at me skal koma oss vel i veg etter diverse viderverdigheiter i førekant. Som vanleg er eg lite førebudd på turen, det har liksom ikkje blitt tid til den slags, men eg veit at når eg landar der, er eg heilt klar for eventyr.
Me reiser alle sju, heile familien pluss Oddvar. Det er godt at den svært lokale reiseoperatøren min har oversikt, for det har ikkje eg. I ettermiddag har eg leita og leita etter brillene, fordi eg med litt ekstra stressadrenalin i kroppen ikkje alltid veit kva hendene mine gjer på automatgir. Det viste seg at dei denne gongen hadde lagt brillene i forklelommen. Ekte husmødrer bruker sjølsagt forkle, og brillene må ha hamna i forklelomma då eg vart utsett for damp då eg skulle tømma den ferdigvaska oppvasken ut av oppvaskmaskinen… Bare synd det tok meg sju timar å finna ut kor dei var… Leita ikkje intenst heile tida då, men eg rakk å rydda vaskekjellaren og dra fram kjøleskapet, undersøkja fryseboksen og saumfara kjøkkenskuffer og bokhyller. Lurte ei stund på om dei var på seksti graders vask i vaskemaskinen, men det var dei heldigvis ikkje…
Når klokka godt og vel hadde runda midnatt kom Odd Christian med sine briller, dei hadde falt på golvet og det eine glaset hadde falt ut. Det manglar ei skrue ein plass… Får håpa me får ordna det i morgon. Kva er det med vår familie og briller, nøklar og mobiler. I talen Ingrid haldt for far sin på femtiårsdagen sist lørdag, takka ho han for dei genene som gjorde at ho visste kor ho hadde nøklane sine medan ca 50 % av familien spring rundt og leitar etter sine. Eg syng med Bjørn Eidsvåg: “Det e nok mi skyld det,” og koredamene svarar: “U-u-u- di skyld det…” Viss slike ting er genetisk betinga, og veldig lokal forskning kan tyda på at det er dei…”
Eg er framleis ikkje glad i å fly, men akkurat nå kjenner eg meg relativt klar for det. I bakhovudet syng Lillebjørn Nilsen “Hei New York”, og Frankieboy fyller opp: “Those vagabond-shoes, they`re ready to stray…”
I min barndom heite byen Ny-Ork, og var i kategorien “Dit skal vi aldri komma Ka`l”. Eg har hatt litt problem med å uttala målet for destinasjonen vår dei siste vekene. Uttalen “Ny-ork” får meg til å føla meg som eg er åtti år, og uttalen “Nju -Jåååk” kjennest affektert på tunga. Ingrid anbefaler varianten “Nu- Jåk” utan j og lang å lyd… Så det går eg ut frå er det normale og forøvrig politisk korrekte, og prøver så godt eg kan…
Om nokon synest eg burde skaffa meg litt søvn framfor å sitja her og tulla og vasa med skriftleg “hendesløysa”, så har dei sjølvsagt rett i det. Ikkje er eg heilt ferdig med å pakka heller. Men dette måtte eg liksom bare rekka for å bli mentalt klar til å dra. Eg reknar med å få lagt inn eit reisebrev eller to.
Heidi
För långa rika kärleksår…
February 9th, 2010, 2 Comments
Kjærasten min skal fylla femti, og her er mykje å ta fatt i. På laurdag opnar me lånt lokale for ikkje femti, men i alle fall førtifem gjester. Her er eit og anna å henga fingrane i i tillegg til det dei heng i i frå før. Som ein liten topping på det heile har eg brygga på ei forkjøling, som eg trur eg sånn omtrent har klart å ta knekken på med store mengder curamed, repsils og decadin. Eg tok til og med sjansen på på sundagskvelden å hella ned femti dropar solhattolje som var merka med “Best før mai 2001.” Eg hadde ingenting anna i huset, og tenkte at det fekk stå til. Og hadde eg blitt forgifta, så hadde eg vel merka det nå, men flaska har eg kasta.
Nå sit eg her og leitar fram allsongar. Eg må innrømma at eg er svar for gamle Evert Taube, og med min danseglade mann kunne det vel passa med både “Sjøsalavalsen”, “Fritjof och Carmencita” og “Rosa på bal”. Alderen teke i betraktning får me supplera med “Så lenge skutan kan gå,” og “When I´m sixtyfour”. Ein song eg stoppa opp for i kveld var “Lyckan”. Då me gifta oss for 25 år sidan, hadde eg skrive song til kjærasten min, men han hadde ingen til meg. Eg bad han vakkert om han ikkje kunne gje meg “Lyckan”.
Så tar jag dig til brud i vår
för långa rika kärleksår,
ty lyckan kommer, lyckan går,
den som du elskar lyckan får.
Spesielt fekk eg frysningar på ryggen av verset:
De sova i våra drömmar
de späda som vi skal gje livet,
de sova och drömmer om våren,
då kärlekens ljus blir dem givet…
Når eg las teksten i kveld slo det meg at me er i siste verset av denne utruleg vakre visa:
Du kära en gång skal vi minnast, den sången som nu förklungit
När våra små barn blivit stora, och själva sin kärlek sjungit…
Men om det er siste vers i songen, så håpar eg me bare er halvvegs i långa rika kärleksår… Og det finst så mange andre songar og..
Så lenge skutan kan gå…
Heidi
