Eye of the storm…
February 26th, 2010, 7 Comments
heiter ein slags serie nyheitsbulletiner dei sender på TV her i dag. Det er tydeleg at det me opplever nå kjem i kategorien amerikansk ekstremver. Det fascinerande er at det er nokså normalt vinterver, som ingen heime ville ha heva eit augebryn over. Vinden er så godt som fråverande, toppen bris styrke faktisk, og snøslapset som kjem ned er langt frå å fortena rennedrevstatus.
Dagens tabbe var at eg gjekk ut i dei grøne skorne mine i dag, for å spara støvlettane slik at dei var tørre til turen heim. Dei grøne er opne sko med ankelreim over. Det som la seg på bakken likna på den amerikanskinspirerte drikken, slush, og snart var det slik at eg måtte vassa gjennom isvatn og slush, som til sine tider rakk meg til over anklane. Me hadde retning Guggenheim-museet, og då me endeleg kom fram, var det stengt på torsdagar. Heldigvis var det andre store kunstmuseet i utkanten av Centralpark ope. Etterkvart vart det surklande vatnet i skorne mine temperert. Det oppstod ein slags våtdrakteffekt. Museet var heilt fantastisk, spesielt avdelinga for moderne amerikansk kunst. Som alltid på kunstmuseum, fekk eg veldig lyst til å studera meir kunsthistorie. Eg er takknemleg til min gamle kunsthistorielærar Pim, på Notodden, som med relativt knirkande monoton stemme fekk meg til å oppdaga kor spennande kunsthistorie er. Eg skulle gjerne hatt mykje meir tid der, men for Sunniva som eg gjekk saman med, trur eg det var akkurat passe…
Utanfor museet i det tette snøslapset som blir kalla mixed snow her, kjøpte me varme pølser og varm pretzel av ein selgar som stod der med vogna si. Nå var det endå meir snøslaps på gata, og verkeleg iskaldt å vassa i. Det ende med at eg måtte inn på ein butikk og kjøpa meg gummistøvlar. Dei var sånn omtrent utselde, men eg fekk sikra meg eit par halvlange kvite støvlar med peacemerke i ulike fargar. Dei er bittelitt tronge, så interesserte mottakarar kan melda seg. Men dei berga meg forhåpentlegvis frå lungebetennelse eller liknande…
Nå blir me snart henta av drosjen som skal ta oss til flyplassen. I “Eye of the storm”, har dei meld om ei rekke kansellerte flyavgangar på grunn av snøstormen, men det ser ut som om vårt fly skal letta. Får seia som Lillebjørn Nielsen: “Hei New York!” Nå gleder eg meg til ein times biltur ut til flyplassen. Og så få det visa seg kva som skjer…
Heidi
