Amsterdam.
February 28th, 2010, 4 Comments
Amsterdam er ein sjarmerande og skeiv by. Husa lener seg mot einannan på merkelege måtar, og delar av gamle hus er bygde inn i nye hus. I gatene er det hundre tusen syklar, nokon av dei har korg på styret med silkeblomar i. Sidan me har ti timar på oss mellom dei to flya i Amsterdam tek me ungane med for å presentera dei for byen. Sist gong me var der saman var for tjue år sidan, så ingen av barna har nokre minne om det.
Dei kikkar inn på kaffehus der marihuanarøyken vellar ut sjølv klokka tolv på føremiddagen, og sjølv utanfor “Red light district” ser me damer, mest utan noko som helst på kroppen, stå i opplyste kjellarrom og prøva å tilby sine tenester gjennom blikkontakt med forbipasserande menn. Ingrid observerer ein mann med lommeboka i handa som enten er på veg til å besøka dei, eller nettopp har gjort det. Kanalbåtane går på kanalane, og på eit av dei mange torga står ein svært sjarmerande ung mann og sjonglerer med eit sverd, ein brennande fakkel og eit grønt eple medan han et eplet gjennom å ta ein bit kvar gong han får det ned i høgrehanda. På same torget står to “statuemenn” med halloweenmasker, sverd og svarte lange kappar. Me et lunsj på Mc Donalds, der me finn oss eit bord i tredje etasje. Mellom borda spankulerer det levande duer som tiggar smular frå hamburgarbrøda.
Etter eit par timar tek dei fem ungdomane våre flytoget tilbake til flyplassen. Eg har observert at dei klarer seg heilt utmerka i verda utan fylgje. Kjærasten min og eg går for å møta Jouke på ein kafé. Kjærasten min vart kjend med han på eit bibeloversetjarkurs ein gong for veldig lenge sidan. Den sommaren eg var gravid med Odd Christian kom han på besøk til Norge. I åra som fulgte besøkte me han to gonger i Amsterdam. Han budde då midt i Red Light District, og var frivillig medarbeidar i ein kristen kommunitet som jobba for å gjera livet mest mogleg leveleg for prostituerte og narkomane i den mest belasta bydelen. Eg hugsar at eg prøvde å avleda Odd Christian då me gjekk heim om kvelden for at han ikkje skulle bli alt for merksam på damene i dei opplyste vindua og spørra om kva dei dreiv med. Han var bare tre år den gongen, og så vidt eg hugsar så stilte han ingen spørsmål.
Det er veldig kjekt å sjå Jouke igjen. Det vemodige er at det er tjue år sidan sist eg såg han, og mannen som sit og ventar er tjue år eldre enn sist. Det kjennest som sånn omtrent i går, og så på eit knips er verda blitt tjue år eldre. Me får nokre fine timar i lag med han. Han har den same varme og entusiastiske utsrålinga som eg hugsar frå sist. Det er fint å møta igjen folk ein set pris på. Han fortel at han alltid har hatt lyst til å synga i kor, og i ein alder av 55 år møtte han til opptaksprøve i eit Bach-kor, tok privattimar i song for å få lov til å bli med, og nå øver dei inn Händels Messias. Han gir meg nesten lyst til å starta med korsong.
Då eg gjekk på skulen, lærte me at dei hollandske pannekakene er berømte og heilt spesielt gode. Det har eg aldri fått testa ut, så på kafeen blir det eplepannekake. Ho er verkeleg heilt spesielt god. Det er mest ein vane nå etterkvart å sjekka inn på fly. -Denne gongen lettar det til og med utan om og utan men. Heime har det snødd.
Heidi
Om å kryssa Atlantaren.
February 28th, 2010, 2 Comments
På veg til JFK- airport blei me redde at me har feilberekna tida. Det vart sagt at viss me berekna halvannan time i drosje så hadde me god tid. Men kanskje me burde teke meir hensyn til det såkalla ekstremveret og prøvd å ombooka dei to drosjane slik at dei kom ein time tidlegare. Det datt framleis “mix-rain” ned frå himmelen, og vinden var frå ein jærbu sin synsvinkel ikkje noko å snakka om i det heile tatt. Likevel var det som om biltrafikken stod stille. Me diskuterte korvidt me kunne ha teke oss fram til fots i same tempoet… Oddvar spurde den eine staxisjåføren frå Egypt om folk i New York la om til vinterdekk. Det sa han at dei fleste gjorde, men at brøytebilane øydela for trafikken.
Men fram kom me. Innsjekkinga gjekk veldig raskt, så me hadde meir nok tid. Kjærasten min inviterte oss på ventemiddag på Panda, ein kinesisk restaurant på flyplassen der ein kunne velja to ulike rettar i tillegg til forskjellige variantar av ris. Eg prøvde å forklara dei at eg ville ha ein porsjon utan ris, men det viste seg å vera heilt umogleg å kommunisera. Det vart risnudlar. Lågkarbovarianten får venta til måndag… Maten smakte nydeleg
Vel ombord på flyet fekk me vita at det måtte av-isast før dei kunne ta det opp i lufta. Dette forsinka oss ca ein time. På stoffet dei spruta over flyet kunne me sjå at vinden tiltok i styrke. Etter å ha letta fekk me vita at “The pilot expects some turbulens”, så me vart råda til å bli sitjande med beltet på. Ca fem minutt etter at signalet for setebelte var slokka kom det ny melding over høgtalaren: “As the pilot expects more turbulence, he asks you please to find your seats, sit down and fasten your seatbelts again. Slik vart me sitjande i eit par timar. Det var som å kjøra på ein skikkeleg humpete veg. Eg trøysta meg med noko eg nettopp hadde lese i ein “antiflyskrekkbrosjyre”: “Eit fly er konstruert for å kjøra gjennom turbulens på same måte som ein buss er konstruert for å kunna kjøra på humpete vegdekke.” Det var ein god setning å halda seg fast i. Etter at me hadde passert stormområdet vil eg karakterisera resten av turen som “a pleasant flight”.
Før sleit eg med sterk flyskrekk, men eg vil karakterisera meg som relativt kurert. Dessverre har Odd Christian grudd seg veldig for å fly fram og tilbake til USA etter at han opplevde noko som kjendest som ei “nesten ulykke” på flyplassen i Singapore då han var ute og reiste med folkehøgskulen. Eg er imponert over at han blei med oss likevel, for eg veit kor mykje det kostar å trassa flyskrekk. Eg erklærer nå at han har bestått eksamen i å overvinna flyskrekk etter å først ha stått i tre timar på flyplassen i Amsterdam på veg ned, der dei hadde plassert oss på eit nytt fly fordi det første hadde motortrøbbel, og så opplyste på høgtalarane om stadig nye ting som var gale med den eine flymotoren på det nye flyet. Det vart gitt beskjedar og kontrabeskjedar. “It will take too much time to fix the motor, but the experts tells us it is completely safe to use the plane.” Og så etter ein ny halvtime: “We have found a new problem in the engine, and it is not safe to take off…” Etter at reperatørane hadde vore der sa dei at “The engine now runs beatifully prefect…” Då får ein bare stola på det… Og på veg heim råkar me til å treffa på ein liten storm over Atlanterhavet… Og me klarte oss heilt fint både Odd Christian og eg. Me sat til og med på sida av kvarandre på heimvegen, og kunne trøysta kvarandre med å påpeika kor usedvanleg rolege og avslappa flypersonalet såg ut til å vera.
Men sova på fly er framleis utenkjeleg. I alle fall i teorien. Så natta gjennom sat eg med den vesle leselampa på og las i Cynthia Lennon si bok “John”, der ho skildrar samlivet sitt med John Lennon. Det var ei av bøkene eg plukka med meg frå amerikanske bokhandlar, og sidan eg elskar biografiar, så rekna eg med at ho var passe engasjenrande og lettlesen til å avleda tankane medan ein vart frakta over Atlantarhavet. Odd Christian som sat ved sida av meg påstår at eg las ca ei side mellom kvar gong eg duppa av, og vakna etter nokre minutt fast bestemt på å lesa og ikkje sova… Då me fekk frokosten vår, ein søt blåbærmuffins med appelsinjuice og bringebæryoghurt, trøysta eg meg med tanken at me var i ein posisjon som gjorde at me kunne nødlanda i Storbrittania om det skulle bli nødvendig… Då redningsvesten, eller “The lifejacket”, som det så bortimot elegant heiter på engelsk, vart demonstrert, kunne eg ikkje la vera å tenkja på kor kaldt det hadde vore med isvatn i skorne…
Og som vanleg. Like etter at det har landa eit fly med meg sjølv oppi, så er eg eit usedvanleg lukkeleg menneske.
Heidi
