Andedräkt

Hundredagarssnøen.

March 7th, 2010, 2 Comments

Det pågår ei godmodig konkurranse i ei av lokalavisene der folk kan stemma på om dei trur snøen kjem til å ligga i hundre dagar i strekk eller ikkje.  Til nå har han vel ligge i bortimot nitti dagar og det er ikkje årleg kost her i sørvest. Det har sett litt svart, eller rettare sagt kvitt ut i det siste. Snøen har falle ned både titt og ofte, og eg har vel vore tilbøyeleg til å tru på hundredagarssnøen.

Men i dag løsnar det. Det har bokstaveleg talt vore gråkvitt ute, for skodda har ligge som ei vennleg sky omkring oss. Då kjærasten min og eg la ut på ein sundagstur såg eg kor mykje snøen har smelta bare i løpet av denne dagen. Ein god del av vegane er så godt som frie for snø og is. Då me skulle ut og gå, var eg glad for at det var dei grønrutete gummistøvlane mine eg hadde på føtene, for snøen var ei blanding av snø og vatn. Her og der kunne ein rett og slett sjå gulkvite tustar av graset frå i fjor. Me hadde tenkt å leggja vegen vår om ei hengebru, men ho var stengt med tre og netting og beskjed om at ho ikkje var trygg lenger. Eg kjende ikkje behov for å prøva å forsera stengselet. Ei usikker hengebru over ei elv med isvatn går eg gladeleg i frå.

Me var innom på prestegarden og såg to fine kunstutstillingar før me unna oss ein kopp kaffi med lefse til i kafeteriaen. Då eg var ute på do ein tur høyrde eg ein ukjend mann synga høgt på det andre toalettet. Kanskje han allereie hadde sett det me såg på vegen heim? Då såg eg plutseleg ein vipeflokk. Det er dei første eg har sett i år, og når vipa kjem til jæren, då er det vår. Eg håpar bare dei finn mat. Eg syntest så tydeleg at den eine vipa hadde to tofsar på hovudet i staden for ein, men det har eg aldri sett før, så eg må vel ha sett feil.

Eg har sett av dagen til å jobba med teater. Eg skal skriva eit dramastykke som ungdomane i kyrkja skal framføra i påsken. Så skal eg bearbeida det store bestillingsverket til Sandnes kommune og sjå på tiandeklasseforestillinga me held på og øver inn. Nokre late halvtimar her og der blir det alltid plass til likevel. På fredag feira me Laila sin 50-årsdag. Det var fint. I morgon skal “tante” Bergit gravleggast. Ho var veldig sjuk då ho døydde, men det kom likevel overraskande, slik dødsfall mest alltid gjer.

Det er snart på tide å laga middag. Mellom anna tenkte eg å laga ein grateng av den gode heimelaga potetmosen med kvitlauk som Ingrid varta oss opp med i går. Sundagar er vidunderlege dagar som alltid går alt for fort. Eg gleder meg veldig til eit roleg permisjonsår som startar om ikkje alt for mange månadar.

Heidi

Det kvite morgonlyset

March 7th, 2010, 2 Comments

fortel oss at våren er rett bak svingen ein stad. Om morgonane er det lyst når eg går til arbeidet mitt. I klasseromet er det tidleg dagslys når me set oss til å lesa bøker, som er ein del av morgonritualet vårt. Og lyset gjer oss godt.

Morgonane er kvitare enn dei vanlegvis er i mars. Her ligg snøen framleis. Eg trudde kanskje han ville vera borte når me kom frå USA, men nei, tvert i mot hadde det snødd masse. Sunniva kikka ut vinduet frå vindusplassen sin på flyet og sa: “Alt er kvitt mamma, bare bilvegane går som svarte streker i det kvite.” Og sidan har det våre tø og frost om einannan. Det snør, det smeltar, og det frys. Vegane har vore konstant glatte i to og ein halv månad, og yngre folk enn meg har skaffa seg broddar til å ha under skorne.

Normalt er her snøklokker, krokus og viper på denne tida, men nå er alt kvitt og frose. Og visst er det vakkert med det skarpe kvite morgonlyset. Det er veldig vakkert, og ikkje noko me opplever kvart år på desse kantar. Det er som om me skulle ha skifta klima. Det vert snakka om at det er femti år sidan me hadde ein tilsvarande vinter.

Kven veit, manns minne er kortare enn ein skulle tru. Eg meinar å hugsa lange vintrar med mykje snø då eg var barn, og det er det då verkeleg ikkje femti år sidan… Men våren er her alt i form av lys. Ikkje ein gråbleik vår, men ein kvit. Fargane kjem nok etterkvart.

Heidi