Om diagnosar og sånn
August 31st, 2010, 2 Comments
På siste dagen i august sit eg her og reflekterer litt over dette med diagnosar. I dei åra eg har jobba i skulen, har det omtrent eksplodert med diagnosar. Elevar kjem med bokstavar og namn på tilstandar som til dels omtrent ikkje ein gong var oppdaga då eg utdanna meg tidleg på 80-talet. Til å begynna med kjende eg ei viss vegring mot alle desse diagnosane. Kva skulle me nå med alle desse båsane, og skulle ein driva og medisinera barn med særpreg for å få dei til å bli meir A4, og for å få det til å bli rolegare i klasseromet?
Men etterkvart har eg endra innstillinga, som eg forøvrig ikkje flagga veldig høgt verken då eller nå… Eg ser at ein del barn med diagnosar har fått ein betre kvardag når me skjøner korleis verda ser ut for dei, og når dei eventuelt får medisiner som gjer at dei betre kan styra forstyrrande impulsar og sanseinntrykk. Når dette er sagt så er eg veldig sikker på at me ikkje må la diagnosane vera det første og mest tydelege bilete me har av barnet. Det kjennest ikkje rett å snakka om “Aspergaren i fjerde klasse” eller “alle bokstavbarna på sjette trinn.”
Eg er sikker på at svært mange diagnosar framleis ikkje finst. Det ville jo vera merkeleg om me akkurat nå i dette tiåret plutseleg hadde fått alt på bordet. Eg er for eksempel sikker på at eg sjølv lid av det ein kunne kalla “dys-spatiali”. Det vil seia manglande evne til å orientera seg i romet og til å finna fram. Stadsansen min er katastrofalt dårleg, og om eg ikkje går meg villt i nabolaget, så skal eg ikkje mange gatene unna før eg kan prestera å gjera det. Eg har venninner eg besøkjer jamnleg, og kvar einaste gong rotar eg rundt i gatene og leiter meg vegen fram. Andre i min familie har det heilt likt, så det er truleg ei arveleg greie. Kva vil ein framtidig diagnose kunna tilføra oss? Retten på gratis GPS? Støttetimar i å finna fram?
Eg reagerer og på måten fokuset blir festa på overvektige barn akkurat nå. Eg hadde sjølv vektproblem frå eg var ca seks år til eg var ca ni år. Eg bare veit at om eg var blitt henta ut av ein lærar til det å springa rundt i gymsalen med andre overvektige barn, medan klassen min hadde norsk eller historie, så ville eg ha opplevd det heilt forferdeleg. Det ville ha kjenst både stigmatiserande, urettferdig og audmjukande. Denne tanke-erfaringa, for det var heldigvis ingen som tenkte på slikt då, så eg slapp Gudskjelov unna, er med på å få meg til å tenkja med varsemd på kva me gjer når me set i gang ulike støttetiltak for ulike ungar.
Grunnen til at eg sette i gang med å skriva dette innlegget, er at eg akkurat nå les dikta til Gro Dahle. Ho er ei fargerik, morsom, flink og kreativ dame omtrent på min alder. Eit av kjenneteikna hennar er to muntre musehalar på hovudet og eit stort strålande smil. For to år sidan stod ho fram og fortalde at då to av barna hennar fekk diagnosen Asperger syndrom, skjøna ho at ho og hadde dette syndromet, og ho fekk medhald frå fagfolk i at ho verkeleg hadde denne diagnosen. På You-Tube fann eg ein podcast frå eit program i radioen der ho held eit lite foredrag om seg sjølv og diagnosen sin. Det er både interessant og lett å finna fram til, viss andre har lyst til å høyra. Asperger syndrom blir og kalla “Professorsyndromet”, fordi dei som har det har spesialfelt som interesserer dei veldig, og dei har ofte veldig høg IQ. Eit anna kjenneteikn er at dei slit med det sosiale samspelet mellom menneske. Ho framhevar mange kjende personar som truleg har hatt Asperger, eller som verkeleg har fått diagnosen. Ein av dei er Bill Gates. At vår eigen Arne Garborg skal ha hatt diagnosen, må eg tygga litt på. Eg får det bare delvis til å stemma når eg koplar dette til alt eg veit om han. Men for å seia det med eit godt jærsk uttrykk: “Va de`kje dæ sama kæ an hadde?”
Kva eg vil med denne teksten, då mon tru? For det første bare tenkja litt høgt, og for det andre å hevda at me må ikkje hekta oss så mykje opp i ein eventuell diagnose at me gløymer å sjå på mennesket bak. Me er alle uendeleg mykje meir enn alle dei diagnosane me eventuelt måtte ha… Og kva kunne vel passa betre enn å la Gro Dahle avslutta denne økta?
Han sa: Ikke
med
fornuften
men
med månen
i munnen
skal
du lese
teksten
den
er
åpen. (Gro Dahle)
Ha ein fin dag med eller utan diagnosar og bokstavar!
Heidi
Sundagen har landa.
August 30th, 2010, 4 Comments
Det er sundag og eg står opp.
Alle ting er nye.
På kjøkkenet mitt er det glitrande svarte benkplater av stein
og nye kvite skap
så merkeleg det er.
Eg set meg med tastaturet under fingrane.
Dikta kjem i lange rekkjer i dag.
Dei held einannan i hendene,
og eg smilar til dei.
Kakerøre av eggekviter og valnøter,
av sukker og knuste ritzkjeks.
Døtrene mine sit på dei nye kvite stolane
dei ser på meg som baker. Alt er så nytt,
Me har framleis ikkje knekt kodene til
steikjeomnen og microen.
Der står mor og far i kjøkendøra
dei har med rosa rosern.
Du kan dela buketten i to seier mor.
Ingrid skal hjelpa til,
for eg står jo og baker.
Vasen veltar med alt vatnet.
Og folk spring til
for å berga det nye kjøkkenet frå alt vatnet.
Dei ser på meg begge to,
mor mi og dotter mi
med same blikket på meg i midten.
Dokke gjer meg heilt nervøs seier eg,
og så prøver me å le.
Dei viser korleis eg kan legga lokket
for ikkje å søla kvit krem på den nye blanke plata.
Men eplekaka blir viss ikkje steikt.
har me då endå ikkje forstått denne nye steikeomnen?
Men så blir det kake med krem og bringebær
med druer, nektarin og kiwi
og eplekake med sukker og kanel
og krem i ei lita blå skål. Me får meir gjester.
Der kjem Anne Mette
akkurat på tida nok for kake.
Vepsane er innpåslitne på denne tida.
Anne Mette balanserer ein asjett med kake,
på den eine sida har ho katten,
på den andre ein augustveps.
Far min,
supermann utan fantomdrakt
prøver å fanga stikkeklare veps med bare fingrane.
Han er viss den siste mohikanar eller noko slikt.
Og så blir dagen ein samtale,
så fint å ha deg her, Anne Mette.
Sidan ho må rekka ein konfirmasjon om ei veke,
kan ho ikkje vera her så lenge.
Om eg bare unne finna brillene mine,
kunne eg sitja på til sentrum
for å sjå på forstilling ein gong til.
Eg vil jo sjå Vilde dansa,
og eg vil sjå mor hennar få tårer i auga fordi Vilde dansar,
det er noko eg plutseleg heilt bestemt ikkje vil gå glipp av,
dersom eg bare kunne finna brillene.
Har du gitt opp, spør Anne Mette
når det er fem minutt att til forstillinga.
Eg gjer ikkje opp før om to minutt, seier eg.
og der er dei jammen, i aller siste minutt.
Så syng me i bilen eg og Anne Mette,
bi på herren vær ved godt mot,
Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene,
og alt er så fint,
og visst rekk eg forestillinga,
i siste augneblinken rekk eg ho,
der står Sunniva og sel brus,
for ho spelte forestilling i går,
og skal ikkje spela i dag.
Give me five seier ho, og det gjer eg.
Og Vilde dansar, dverg og apekatt,
krabbe og indianar,
og Irene er Ariel med vippande augnevipper
og med lang havfrueparykk.
I går var det Sunniva som dansa,
dei er så fine alle saman.
May Brit vil bli med og sjå på kjøkkenet,
og der står jammen Heidi og Per Inge i gangen heme.
Eg blir så glad fordi dei er her.
Ingrid har bakt rundstykke
og framleis er her att litt kake.
Eg må bare skunda meg litt
for eg skal i kyrkja og lesa dikt,
og så skal eg rigga til bønevandring,
Eg leitar fram ikonar
og det vesle krusifikset som Sofie laga til meg,
eg finn blanke ark
og krossen av krystall
som Odd Christian bar heim til meg i ryggsekken
frå saltgruva i Polen.
Han reiste rett etter 11.september
det året då 11.september brende seg inn i historia
og eg ville mest ikkje at han skulle reisa
til Polen i den store bussen
medan verda var av hengslene
men det er ein annan historie.
Eg halar med meg den store krukka etter bestemor,
som eigentleg ikkje er så veldig fin,
men som bestemor var glad i og eg nok aldri
kjem til å klara å kvitta meg med.
Nå skal ho vera bønekrukke med bøner frå folk til Gud,
og ho skal berast fram til alteret.
Kulepennar og fyrstikker må eg ta med meg,
ein stor spegel frå kjellarboda,
blomar frå hagen, vasar
og tre av mor sine roser.
Og så må eg reisa.
Kom snart igjen det er så fint å ha dokke her,
seier eg til Heidi og Per Inge,
og så må eg springa.
Eg kjem ti minutt etter avtalt tid,
og det blir litt hektisk før roa senker seg i kyrkja.
Torunn står i døra og deler ut salmebøker,
men framleis har ingen kome.
Eg veit ikkje kva for eit av desse dikta eg skal lesa,
seier eg. Har du tid til å velja eit av dei?
Ho les fort gjennom og meiner det same som meg.
Så senkar freden seg,
og trompeten løfter oss til himmels
saman med orgelet.
Så heldig eg er som her ein plass å høyra heime i,
tenkjer eg,
eg har ei kyrkje å bu i.
Og eg les dei to dikta frå lesepulten
og det kjennest bra.
Dei er heilt nye seier eg til folk,
men eg tok sjansen på å lesa,
sjølv om eg kanskje kjem til å forandra dei.
Etterpå det godt å vera heime.
Eg har vondt i hovudet og vil legga meg.
Ingrid kjem opp med varm suppe.
Varm suppe med mais og bøner
og med små tacoskjell til å dryssa på toppen.
Så et eg suppa i det nye kjøkkenet mitt
i lag med den same gamle kjærasten.
Sundagen har landa.
Han vart god.
Melder Heidi frå føremiddagen etter. Ho leikar forfattar og eksperimenterer litt med formene.
Heidi
Bare for det atte…
August 28th, 2010, 4 Comments
Me kjem inn til byen
i båtar og bussar,
på trikkar og i T-banar,
med narreluene våre på hovudet,
med prikkete klovnedrakter og gule parykkar,
med raude nasar og store trompetar,
kan henda til og med
med ein og annan knappholsblom,
som kanskje kan spruta vatn.
Me kjører opp og ned i rulletrapper
og et softis på fotbalbanane.
Me kjører karusellar,
og ligg nynnande på ryggen i parkane
med eit glas bringebærsaft eller to.
Me vinkar til kvarandre
frå toppen av store statuer,
og dansar på hustaka
med store fargerike ballongar
i lange snorer frå handledda.
Me badar i fontenene
og moonwalkar på sjølvaste Karl Johan.
I kyrkjene syng me høgt,
og stundom grøssande falskt,
med høge glade stemmer.
Etterpå sender me papirfly med bibelvers,
og kastar raude og grøne slikkepinnar
ned frå galleriet-
Me speler munnspel for gamle damer på bussen,
og deler ut heimedyrka tomatar på flytoget.
Me graver djupe holer til klovneskorne våre på strendene,
og vassar barføtte i sjøen.
Me sår solsikkefrø i kommunale bed,
og flettar løvetannkransar som triste menn kan ha i håret.
Me er der,
men det er ikkje alltid du har auge til å sjå med.
Me er der likevel,
både i oktober og på torsdagar.
Ser du kongen kjøra forbi
i den store svarte limousinen sin,
skal du ikkje sjå vekk i frå
at det sit ein tre-fire stykker av oss i baksetet
og spelar feiande marsjar på kam.
Det er ein stille invasjon av oss klovnar og narrar,
snart skal me kitla livet til det ler høgt.
Blås opp ballongen og hent ukulelen ned frå skapet.
Det er plass til deg og.
Seier Heidi, som av og til blir lei av at alt skal vera så alvorleg og seriøst… Nokre av oss vart kanskje aldri heilt vaksne på den sjølvhøgtidelege måten me kanskje av og til burde ha vore det på. Det kan vera litt flautt å bli overmanna av fnising når ein nærmar seg femti.
Heidi
Klokka tre eller der omkring
August 28th, 2010, No Comments
var elektrikarane ferdige, og så var kjøkkenet og resten av huset vårt. Dei måtte rett nok koma tilbake for å kikka på taklampa som flimra og laga surrande lydar, men så var det gjort og me var innflytningsklare. Det kjendest omtrent som ei innflytting etter å ha budd midt på stovegolvet i fire veker med kassar og kar på alle kantar og oppvask ute på verandaen. Nå her eg til og med pussa arvesølvet som glitrar og skin frå øverst i dei opplyste vitrineskapa. Ettermiddagen og kvelden har me brukt til å få saker og ting på plass i skuffer og skap og sortera ut det som kan kastast eller forærast til frelsesarmeen. Nå er det meste på plass, men stova må me gjenerobra i morgon og prøva å få ting på plass att og å få vaska skikkeleg der, for det har det vore vanskeleg å få til nå i byggefasen. Det eine dreg det andre med seg, og plutseleg ser stova veldig shabby ut i forhold til kjøkkenet. Me får velja å kalla det “shabby-chic” det er høg mote…
I morgon blir det ny tur til Ikea for i beste fall å skaffa oss eit lite bord og eit par stolar i tillegg til nokre lister og handtak som mangla då me skulle montera. Me er blitt tittgjengde der. Til oppmuntring for ryddande foreldre, reiste Ingrid ut og handla mat og nye klutar, og så innvia ho kjøkkenet med å laga middag til oss. Me stod der alle tre og brukte sikker tjue minutt på å finna ut korleis kokeplatene fungerte, men me fekk det til til slutt. Rett nok hadde Halvard med største sjølvfølge varma seg litt mat på ei steikepanne ein time tidlegare, men Halvard var ausgeflogen, og ingen av oss forstod korleis han hadde fått det til. Men til slutt ordna det seg og me fekk servert bakte poteter med smårettsbacon, salat, løk, kvitløk, rømme, mais og ost. Det smakte kjempegodt. Ho er slett ikkje så verst, ho der eldstejenta vår.
I føremiddag har eg skrive litt, og studert dikta til Skjalg Bye, Anne Bøe, Paulo Coelho og Leonard Cohen. Det er kjempeinterressant å jobba med dikt og diktarar på denne måten. Ein av dei rørande opplevingane frå i dag var å gå inn på YouTube og sjå Leonard Cohen framføra Hallelujah. Han står der med svart hatt og er litt gammal mann og syng med sjela si på ein så sår og oppriktig måte at det i alle fall treff eit eller anna i mageregionen på meg. Eg anbefalar deg å gjera det same.
Då eg var sånn omtrent ferdig med dagens skrivande timar, kom Venus inn med masse slike små frøstjerner som dryss frå eit eller anna tre, og som det er fullt av nå om hausten, i pelsen sin. Ho ville spasera på tastaturet og klappast og kosast og matast. Så fekk eg veldig koseleg og litt overraskande besøk av Borghild, niesa mi som er nyutdanna fotograf. Eg håpar at eg og ho kan få til eit samarbeid om eit eller anna kreativt prosjekt. Ho tek så fine bilete. Dei kan sjåast på www.borghild.com. Sundag for tre veker tok ho med seg Sunniva, Vilde og Irene med ut på det som på godt norsk blir kalla for photoshoot, og eg synest at bileta er blitt veldig vakre.
Og nå trur eg Sunniva kjem heim, det betyr at eg og kan legga meg snart… Og i kveld er eg faktisk klar for det…
Heidi
Ödet
August 26th, 2010, No Comments
En stjärnljus natt när du vakar
skal Ödet slå på din dörr,
och söka dig med ögon av sällsam färg
som aldrig någon talat om förr.
Hon sjönk som dogg ur luften,
hon föddes av rymdens famn,
och ingen, ingen har mött hennes blick,
och ingen har givit henne namn.
Til dig är hon kommen ur Intets land,
för dig er hon skapad nu,
och ingen, ingen i tiders tid,
har kysst hennes läppar som du.
Karin Boye
I dag fekk Karin Boye lov til å opna “sendinga” her hos meg. For dei som ikkje kjenner henne, så er det ho som har skrive “Ja visst gör det ont när knoppar brister”, og for dei som slit med svensken, så er öde det same som skjebne på norsk. Eg brukar ein del av tida mi på å lesa dikt, både fordi eg finn det veldig interessant, og fordi det eg helst vil bruka dagane på akkurat nå, er å skriva dikt. Eg reknar med at eg vil få masse inspirasjon og sikkert læra mykje av å lesa andre sine dikt. I alle fall gir det meg mykje glede å gjera det. I dag les eg Emil Boyson, som eg i motsetnad til Karin Boye kjenner lite til frå før.
Det eg har latt meg berørast av er skjebnane til desse diktarane Begge to fekk livsløp som var alt anna enn A4. Karin Boye stod etterkvart fram som lesbisk, i ei tid då homofili offisielt sett ikkje eksisterte. Ho var gift eit par år med ein mann, og levde seinare i livet saman med ei kvinne som truleg var sjukeleg sjalu. Karin Boye var heile livet på jakt etter det fullkomne, rette og reine. Idealet hennar var å leva i fullkomen tillit til verda og maktene. “Jag vill möta livets makter vapenlös”. Dette viste seg å bli for vanskeleg, og litt over førti år gammal, gjekk ho tynnkledd ut i vinteren, med eit glas tablettar, for å ta overdose og så frysa i hel. Kjærasten hennar gassa seg sjølv til døde året etter. Dei som les dette kan gjera som meg, gå inn på youtube og høyra Karin Boye sjølv lesa diktet sitt om at det gjør vondt når knoppar brister. Første gong eg høyrde dette diktet, var eg framleis barn, og det gjorde djupt inntrykk på meg. Sender ikkje NRK “Ord for dagen” lenger, slik dei gjorde i barndomen min? På den tida vart føremiddagane innvia med eit dikt på radioen, og ein del av dei hugsar eg framleis som ilingar nedover ryggrada.
Emil Boyson var som ung mann ute og reiste. I Berlin møtte han ungjenta Friedel, med lange svarte fletter, som var ute og lufta hunden sin. Ho var noko så eksotisk som hittebarn og “sirkusberiderske”. Han vart bergteken og forelska, og dei to gifta seg. Kort tid etter, reiste han til Norge, og ho skulle reisa etter når han fekk råd til å forsørga henne. Det skulle visa seg at det gjekk bortimot eit liv før ho kom. Han levde av å skriva dikt, og hadde knapt nok råd til å kjøpa mat til seg sjølv etter at han hadde send mesteparten av det han åtte ned til Friedel som visstnok pleia adoptivforeldra sine i sirkuset. Slik eg forstår det, var det ikkje før dei nærma seg alderdomen at han fekk hjelp av forfattarforeninga til å skaffa seg ein toromsleiligheit og henta Friedel til Norge. Biografane undrar seg på om han ikkje vart djupt utnytta av denne kvinna som fekk alle pengane hans, men i Boyson sine etterletne papirer, som han ønska utgitt etter sin død, skriv han om Friedel på ein så øm, beskyttande og vakker måte at eg mest blir rørt til tårer. For han forblei ho naturbarnet og den vakre jenta frå sirkuset, som han ønska å opphøya til dronning og bera på hendene sine. Ho sat inne i den vesle leiligheiten heile vintrane, medan han skunda seg alt han kunne ut for å kjøpa mjølk og brød slik at han ikkje skulle kjenna seg einsam. Og når ho gjekk ut i hagen ein gong i juni skriv han opprømt og kjærleg om låtten hennar då ho såg fuglar og blomar som ho var så glad i.
Og her i heimen går kvardaglivet sin dansande gang. I dag bestyrer eg ein elektrikar, ein røyrleggjar og to snekkarar, medan eg sit her og skriv. Det ser ut som om kjøkkenet vårt blir ferdig i dag, og det skal bli ein sann fryd etter fire veker utan skap, skuffer og oppvaskmaskin, og etter tre veker utan komfyr og steikeomn. Og fint blir det og, ser det ut til. For å toppa det heile, har me fått brev om at brannvesenet skal koma på befaring i dag. Dei er ute på ein runde og besøkjer alle husstandane i den vesle byen min, for å sjekka brannsikringa. Nå har dei akkurat fem minutt på seg til å koma, dersom dei skal halda tidsavtalen frå brevet om å koma mellom ni og elleve om førmiddagen. Det kan nok henda dei slit litt med timeplanen etter ein verkeleg storbrann her i går, der 500 griser brann inne under ein brann i eit stort grishus. I tillegg vart to røykdukkarar røykskade og måtte fraktast til sjukehuset i legehelikopter. Me møtte fire brannbilar og diverse andre utrykningskjøretøy i går då me kjørde inn til Ikea for å ordna nokre feilleveringar. Eg måtte ringa Ingrid for å forsikra meg om at det ikkje var ei togulukke, ho var akkurat då forventa å vera på toget på veg heim frå universitetet. Me skjøna jo på mengden av bilar at dette var noko meir enn ein husbrann.
Hausten har kome tidleg i år, eg insisterer på at det framleis er sommar sidan me skriv august i ei veke til, men den sterke vinden i går og mengdene med regn den siste veka kviskrar ordet haust. Eg har gått barbeint til nå, men har måtta leita fram eit par ullsokkar til å ha på føtene. Eg må til og med innrømma at eg frys litt her på skriveromet mitt, eg må nok skaffa meg ein omn. I går fekk eg bore med meg heim to tunge bereposar frå biblioteket. Dei skal stengja fordi me skal få nytt fint bibliotek her, og det var ikkje alle bøkene dei hadde tenkt å flytta med seg. Diktsamlingar til fem kroner stykket er det ikkje noko å seia på. Dei fleste såg ut som om dei knapt nok var opna av ivrige lånarhender. Meir lyrikk til folket seier eg lågmælt, og det er nok ikkje mange som høyrer meg.
Heidi
Det kjennest som verkeleg ekte luksus
August 23rd, 2010, 8 Comments
Dette å kunna stå opp og gå rett på arbeidsromet for å koma i gang med skriving. Eg fyller det rosa kruset som eg kjøpte på ein bruktbutikk, og som eg liker så godt, med varm deilig morgonkaffi som kjærasten min har laga. Så tek eg med meg tre små kavringar med brelett, fordi eg ikkje vil ta meg tid til å eta først. Eg vil eta medan eg jobbar. Det er sikkert mykje lurare å ta seg tid til skikkelege matpausar og alt det der, men eg må få lov til å vera litt nyforelska i heile situasjonen. Utanfor skin sola, og eg ser ut på moseflekkane på taket på leikehytta i hagen, på greinene på ei hengebjørk og på den augustblå himmelen med kvite dottskyer.
Fordi vil skriva lyrikk akkurat nå, gir eg meg sjølv lov til å bruka ein del tid kvar dag til å lesa dikt. I dag les eg dikt av Jens Bjørneboe i boka “Aske, vind og jord.” Eg oppdaga dikta hans før eg vart vaksen og dei har alltid fått det til å gå ilingar langs ryggrada mi. Og i det eg skriv dette, tenkjer eg at eg må passa me så dette ikkje blir ein lyrikkblog for veldig spesielt interesserte. Eg vil det skal vera ein blogg om det vanlege livet og om det å leva i, som mange kan ha interesse for å lesa, ikkje bare slike lyrikknerdar som meg sjølv.
I går var det sundag og eg kledde opp teaterdokka mi, Theodora, for å sykla til kyrkja og ha sundagsskule. Eg ler litt av min eigen galskap i det at eg let Theodora sitja i sykkelkorga slik at ho kan sjå medan me syklar. Eg har liksom ikkje samvit til å la ho ligga nedpakka i veska, og eg tenkjer for meg sjølv at nå er det i ferd med å tippa over, men samtidig liker eg at eg framleis har så mange oppriktig barnslege trekk. Her ei natt drøymde eg at eg såg meg i speilet og at andletet mitt var fullt av rynker. Eg såg ut som om eg var nitti år, og det kjendest skremmande. Det er ein kunst å akseptera at åra går, og eg takkar Gud for at eg i beste fall framleis kan ha halve livet framfor meg. Men du all verda så fort eit liv går, sjølv om ein nyt det bitvis og i langsamt tempo. Det er ikkje rart me får mareritt av og til. Det er verkeleg noko i det forkynnaren i Bibelen skriv om å telja sine dagar og få visdom i hjartet.
Der syster mi har huset sitt, bygde ein gong oldeforeldra mine eit hus. Dei kom frå flataste Jæren og ville flytta dit for å få jobb på ein ny fabrikk. Fabrikken var ein trikotasjefabrikk, som seinare, vart berømt for badedraktene sine, som først var strikka av tynt ullgarn. Dit kom dei gåande. Dei gjekk fleire mil med hest og kjerre med flyttelasset oppå, og eit lite barn som sikkert fekk sitja på kjerra ho og. Dei bygde seg eit lite, kvitt hus, og fekk ti barn. Dei to yngste var tvillingar, og då dei vart fødde kom det tuberkulosesmitte til bygda. Ei gammal dame fortalde meg for lenge sidan at ho hugsa då Bendiks, oldefaren min hadde tre lik i stova samtidig. Det var oldemor som døydde frå nyfødde tvillingar, og begge tvillingane døydde og. Oldemor vart lagd i ei kiste, og dei små nyfødde vart lagde saman i ei anna kiste. Bendiks mista åtte av barna i tuberkulose, og bare bestemor og syster hennar, som forblei ugift, og seinare moster både for mor mi og brørne hennar, og for meg og syskena mine. Ho vart ein viktig brikke i barndomen min. Eldste syster til bestemor hadde alt gifta seg og fått ei lita jente før ho vart sjuk, og ho rakk å vera reservemor for bestemor i nokre år før ho døydde.
Me har eit bilete av familien før ulukka tok dei. Der står dei oppstilde alle saman, bortsett frå tvillingane som endå ikkje var fødde. Dei ser alvorlege ut, for det skulle ein vera hos fotografen. Dei store jentene hadde mørke kjolar og håret greidd stramt bakover med sukkervatn for å skjula krøllene. Bare bestemor sit der, mest utan hår, og med blondekrage, på fanget til mor si og er bare eitt år gammal.
Dette biletet orka bare bestemor å ta fram for å sjå på ein sjeldan gong. Det pleidde å stå på “høgaloftet”, snudd inn mot veggen. Eg hugsar første gong eg fekk sjå det. Ho peika på den vesle blondekragekledde jenta og spurde meg “Kjenne du henna?” Bestemor var to år gammal då mora døydde, og ho og systera vaks opp aleine med faren. Som bestemor sa: “Eg hadde ikkje mor, men eg hadde ein jysele jille far.” Ho sa til meg at ho ikkje hadde nokre minne om mora i det heile tatt. Det merkelege var at då ho den siste dagen låg og skulle døy, åttiåtte år etter at ho hadde mista mor si, då ho låg og haldt meg i den eine handa og mor mi i den andre, sa ho plutseleg “Mor!” Ho sa det så høgt ho orka med det vesle ho hadde att av stemme.
Korfor ho sa det får eg aldri vita. Kanskje ho var lita og redd, og ropte på mora som eit lite barn ville ha gjort det? Kanskje dukka det opp svært tidlege barndomsminne som ho hadde gløymt? Eller kanskje ho rett og slett såg mora koma for å henta henne? Kanskje dei to første svara er mest sannsynlege, men eg liker å tenkja at det kunne vera det siste ho opplevde. At ho fekk sjå den mora som ho heilt sikkert har lengta etter heilt sidan den dagen ho ikkje var meir.
Men tilbake til historia om huset. Då bestemor var ung, skulle dei leggja ei jernbanelinje, og denne skulle gå akkurat der det vesle kvite huset stod, det som oldefar hadde reist i lag med kona si. Dei kom med kranar, og kva dei måtte ha av reiskapar for å klara det, og løfta heile huset av den gamle grunnmuren og over på ein ny, nokre meter lenger oppe i lia. Eg har alltid sett for meg at det var jerbanefolka som gjorde dette. Bestemor gjekk inn i huset for å koka kaffi til arbeidsfolka, og sidan huset framleis stod litt skakt, vart kaffikjelen ståande på skrå på komfyren. Etterpå vart huset retta opp att og vart beint og fint, og slik stod det, i sytti eller åtti år, heilt til syster mi fekk det rive då ho skulle bygga det nye huset. Eg var der ofte som barn. Det lukta gammalt der, og kjøkkenet var eit gammalt trekjøkken, det var to små stover der og ei veldig bratt tretrapp opp til soveværelset og salen. Først var det utedo der, men så vart det vannklosett i eit kott under trappa.
Den jernbanelinja som skulle leggjast der då dei flytta huset, ligg der framleis. Det er lenge sidan det gjekk passasjertog der. Då eg var barn, gjekk det godstog der to gonger til dagen, men det er lenge sidan dei slutta å kjøra der og. Nå ligg jernbanelinja der heilt tilgrodd med gras og blomar, og skinnene er rustne. Det går an å gå tur der, og akkurat det gjorde eg i gårkveld. Eg kjende meg som Mary Poppins eller noko slikt der eg balanserte på svillene i kjole og med ein stor prikkete paraply, fordi det hadde vore ein del heftige regnbyger i løpet av dagen. Det er så fredeleg der, og av ein eller annan grunn har eg alltid elska å gå tur på jernbanelinja. Ein kan framleis ana den gode lukta av soloppvarma tjøre, og det er bringebærkratt med mogne bringebær og grøne tre langs linja. Mange stader veks det lupinar langs togtraseen, men her veks det mest røsslyng. Det er tett i tett med røsslyng langs skinnene, men det er og høgt gras, høge geiterams, klynger med blåklokker og kreklingris. Ein stad låg det ein liten død fugl på ei jernbanesville. Han hadde nok vore død ei stund, men nokon, truleg barn, for det er dei som har mest omsorg for døde fuglar, hadde lagt markblomar over brystet hans.
Dette vart ein lang tekst, og eg som hadde tenkt å avslutta dette med eit Jens Bjørnebo-dikt. Heilt til slutt hadde eg tenkt å gjera det, slik at dei som ikkje er så glade i dikt kan stoppa her… Eg trur eg gjer det likevel… Eg kjenner mest ingen som skriv så elegant, og med ein så sår undertone som Jens Bjørneboe. Han strevde med livet sitt, han utvikla rusproblem, og han gjorde ting som besteborgarane i samfunnet viste forakt for. Han skriv vakkert, rått og sårt på same tida om det å kjenna seg annleis. Eg tek med diktet “Blomster for Genet”
Maria, alle smerters moder
Nevn vårt navn i dine bønner!
Vi er alle tornekronet
Vi er alle dine sønner!
Halliker og sodomitter
Blottere og transvestitter
Pederaster, fetisjister
Drankere og morfinister
Jomfru, alle smerters moder
Trøst Genet, vår stakkars broder!
Også han er tornekronet.
Tyver, horer og Genet-
Vi som hang på begge sider
Av din sønn på smertens tre
Vet hva verdens frelser lider.
Jomfrumoder, bare vi
Vet hva nådens kalk vil si:
Kronens torner vorder roser.
Jens Bjørneboe.
Eg får lyst til å gråta når eg les slike dikt.
Heidi
Gjerrig på tid.
August 20th, 2010, 2 Comments
Eg oppdagar at eg er blitt gjerrig på tid. Det kan jo vera nybegynnariver, men dragninga mot skriveromet mitt er sterk. Eg skulle ha skrive meir enn eg har gjort. Nå har eg sjansen, og tida flyg så fort. Ein dag går så fort, eit liv går så fort. Katten min bryr seg ikkje om slike tankar. For tretti sekund sidan hadde eg han malande på fanget mitt, og klappa han med den eiine hana for å forhindra at han skulle spasera fram og tilbake på tastaturet, noko han gjer med stor glede rett som det er, og då blir det så vanskeleg å skriva… Ungane mine seier at eg må seia “hu” om katten, ikkje han. Det er jo to kattedamer me har i huset, Venus og Cleopatra, ikkje noko mindre, men ein katt blir han i mine øyrer når eg omtalar ho som “katten.”
Eg skriv og skriv og skriv, og eg les og les og les. Sidan eg har bestemt meg for å skriva dikt, så hentar eg inspirasjon der eg har det å finna, og ein av stadane er i diktbokhylla mi. Der har eg vore ein litt for sjeldan fryd, og det er meg ein sann og stor fryd å ha starta på bokstaven A og lesa meg utover. EI diktbok kvar dag, og så skriv eg av dei dikta eg likar best i ei lita notatbok. Til nå har eg bare skrive råtekstar. Dei må jobbast meir med seinare, men eg tenkjer at det kan eg for alvor ta fatt på den dagen eg står opp og inspirasjonen til å skriva noko nytt manglar. Dette er det siste eg har skrive i dag. Ta det som det det er, ein råtekst… Sidan den forrige teksten min handla om morfar, tenkte eg at bestemor skulle få sleppa fram i dag. Ho dukka plutseleg opp då eg sat og skreiv om eit kjøkken. Ho var gift med morfar, men av ein eller annan grunn enda dei to opp med å heita bestemor og morfar. Kanskje dei ein gong i tida var uenige om korleis dei ville titulerast av barnebarna, eller kanskje det bare vart slik. Dersom eg nå, av stilistiske grunnar skulle kalla henne mormor eller han bestefar, ville det bli heilt feil. Ein bestefar er i mitt hovud av ein eller annan grunn ein høgreist kraftig kar med kvitt hår, heilt annleis enn min vesle mørkhåra morfar.
Eg sit på kjøkkenet.
Det regnar ute.
Regnet silar nedover glaset
slik at det doggar på innsida
Det luktar så trygt her av kaffi og av syltetøy.
Kanskje i kveld skal eg få kakao.
Dei lette og langsame stega til bestemor
kjem på ulltøflar over golve.
Eg ser det blomstrete armeforkleet hennar,
og den litt bøygde nakken
den kvithåra dulten med alle hårnålene.
Ho smiler til meg og eg smiler tilbake.
Tida noko som er her utan å forsvinna.
Ein kan lena seg mot bestemorstida.
I skuffa har ho ein pose me bringebærdrops.
Eg set meg inn i stova, seier bestemor,
så kan du koma akkurat når du vil.
Ho let meg få eiga tida.
Tida er bare mi når eg er hos henne.
Ho skal ingen plass, ho går aldri ut.
Ei bunke gamle vekekeblad frå ei øskje eg har i kjellaren.
Eg les om det vaksne livet og drikk saft.
Bare sei når du har lyst på mat, seier bestemor.
I gardsromet blømer rosespireaen framleis.
Kanskje er det eit og anna stikkelsbær att i bærhagen,
men først må det slutta å regna.
I regn blir ein våt av å gå gjennom hekken.
Eg finn ei saks og klippar ut.
Eg lagar kveitemjølsklister, og klistrar det inn i ei bok.
Ein slags teikneserie om sjølvtillit og tannkrem.
Bileta er ganske fine.
Eg lagar mi eiga teikneseriebok.
Donald og Langbein får selskap
av unge damer i kvite kjolar
med ringar av sjølvtillit kring hovuda sine.
I ei anna bok har eg glansroser
med englar og gutar frå Holland med korger
med tulipanar og tresko på føtene.
På benken står eit lite kjøleskap med veldig tjukke vegger.
Inni er det hyller.
På ei av dei gøymer morfar syltelabbane sine.
Kalde syltelabbar innepakka i avispapir.
Bestemor orkar ikkje synet
av føter som kjem frå ein levande gris.
Litt av skinnet sit endå fast på dei,
dei er kjøleskapskalde.
Det grøssar i heile meg
når eg vågar meg til
å røra dei med ein finger.
Heidi
Eg hadde visst heilt gløymt
August 18th, 2010, No Comments
at august er den månaden eg kjenner meg aller mest heime i. Eg kjenner det både inni meg og utanpå. Eg likar roa og mogninga, og truleg trivst eg til og med meg det vesle vemodige pustet av haustsom liksom ligg og dirrar ein stad i dei varme sommardagane. Eg har plukka rips og stikkelsbær i store kvite spann og drukke kveldskaffi med syster, mor og eldstedotter. Det er fint å vera saman med familien sin. Nokre gonger slår det meg at desse tre kvinnene er så like einannan. Sjølv er eg annleis. Det er rart at dotter mi plutseleg er morsfamilien min opp ad dage, medan eg sjølv er mykje meir lik farsfamilien. Gener er nokre merkelege greier.
Og eg er i etableringsfasen av mitt nye liv. Forfattaråret mitt skal spikrast fast, medan kjøkkenet framleis er eit slags hol huset, rett nok med nymalte veggar og tak og med nytt golv som kjærasten min la ned sjølv saman med far i går. Montøren har framleis ikke dukka opp, han skulle ha vore her for ti dagar sidan, men på grunn av sjukdom og skulestart og barenehagestart for barna hans, så har det ikkje pass å koma endå. Eg vaskar opp i ein balje på terrassen i beste campingstil, og akkurat det er vel sånn bortimot ganske hyggeleg. Verre er det at huset er i konstant unntaksmodus, men det får eg leva med. Eg har lova meg sjølv å skriva i seks timar kvar dag, i alle all dei dagane eg ikkje jobbar om kvelden. Det kjennest litt syndig å sitja og skriva medan det er så mykje anna som skulle ha vore gjort, men eg synest eg skuldar meg sjølv å ta skrivinga på alvor, så det har eg gjort, og det kjennest bra.
Ein tur langs stranda har det og blitt tid til saman med Ingrid. Vatnet var overraskande varmt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med badetøy. Fordi eg har lyst til å skriva lyrikk akkurat nå tek eg meg tid til å lesa ein del lyrikk. I dag har eg oppdaga latviske Wizma Belśevica. Sjå kor vakkert ho skriv om havet:
Og også havet er noen ganger så stille, så stille,
selv ikke den minste dråpe knuses over dens rev.
Så uendelig venter havet på noe
at det ikke tør ånde.
Og da sier jeg.
Akk hav, hav
du ulykkelige barn
Akk, lille pike, du har det svært vanskelig nå.
La meg ryste sanddynen av silke
og legge den under ditt trette hode!
Hvil om så bare et øyeblikk.
Jeg vet at man ofte legger
byrder på dine skuldre uten å spørre om hva du makter
og kaller deg en sterk kvinne.
Så sørgmodig skinner den hvite
stripen i ditt blå hår!
Å bli grå så ung…
Å bli trett i en så ung alder, hav!”
Og hun gjemmer øynene i mine hender
og varme ravtårer flommer og flommer.
Nå, gråt ut… det letter… ingen hører deg…
Hvilken stillhet over jorden…
Havet gråter.
Vizma Belśevica (Den hvite gjemselen.)
Den som kunne skriva slike dikt. Det er synd at ein så sjeldan set seg ned og verkeleg les lyrikk.
Heidi
Morfar var ein bitteliten mann.
August 17th, 2010, 4 Comments
Eg hadde ikkje planlagd at eg skulle skriva eit dikt om morfar. Men plutseleg så hadde eg gjort det. Om teksten skal brukast til noko meir seriøst enn dette, må eg truleg jobba meir med det, men eg kan jo la de som les dette få eit lite kjapt glimt inn i barndomen min. Eg budde meir eller mindre i same hus som morfar til eg var seks år gammal. Eg var veldig glad i han.
Morfar var ein bitteliten mager mann,
men det visste eg ikkje.
Ikkje før eg var vaksen og såg det på eit fotografi.
Den gongen såg eg bare morfar.
Han hadde vide bukser og bukseselar,
og det hende han gjekk med hue inne.
Han tok meg med på turar
til det eg trudde var Amerika,
og som seinare viste seg å vera ein stad på Tu.
Nokre gonger hadde eg på meg ein liten raud rypesekk
med saftflaske og kjeks i på amerikaturane våre.
Du må ikkje lura ungane, sa bestemor,
men det glitra litt i auga hennar då ho sa det.
Om kveldane kunne me sjå Esau og Jakob i vindauget,
dersom me kikka ut etter at det var blitt mørkt.
Me kikka ut mange gonger,
og Esau og Jakob såg ut
som ein mann med skjorte og eit barn med kulerunde auge.
Nokre gonger når det var jønsok,
gøymde han flasker med eventyrbrus ute.
Bror min og eg måtte leita,
mellom forene på eplestykket,
mellom dei store steinane,
langs steingarden
i det høge gulkvite graset frå i fjor.
Morfar hadde to tenner,
ei på kvar side av munnen.
Han song når han var aleine
om Jonas som låg i fiskens buk.
Morfar tissa i tomme fiskebolleboksar
når han måtte på do om nettene,
og av og til hadde han kramper i føtene
så han måtte hoppa rundt på golvet.
Morfar laga små runde hol i bestemor sine tyllgardin.
Dei smelta rundt sigarettane hans
fordi han måtte stå så nære kjøkenglaset for å sjå ut.
Morfar røykte Blue Master,
men han fekk ikkje lov inne i stova.
Han hadde eit sår i panna,
men huene hans var slik
at han kunne slå skuggen opp eller ned
og festa med ein knapp.
Morfar laga kjøttkaker om kveldane.
Han fylde opp store gryter fordi me var så mange.
Sausen var tynn og brun,
og smakte salt og kjøt og søndag,
om ein fekk lurt ei teskei ned i gryta når ingen såg.
Aller best sakte det
om skeia først var innom ertestuingen.
Etterpå pussa han skorne våre
til det lyste av dei,
og sette dei på avispapir på gangen.
Om morgonane kom han syklande
På den gamle damesykkelen sin med sidetasker.
Han hadde vore på Bryne og kjøpt ferske rundstykke til meg.
Eg smurde dei med kald margarin
og fatost med karve,
eller kanskje med bringebærsyltetøy,
og bestemor lo mot meg medan eg åt.
Nå i første omgang kjennest det ikkje mindre enn vidunderleg at dagane mine skal gå til skriving. Eg kan gå til arbeidsromet utan å nærma meg stova eller kjøkkenet, som for tida mest av alt er eit stort hol. Montørane kjem i beste fall i slutten av veka. Eg seier til meg sjølv at nå skal eg på jobb, og visst skal eg rydda og vaska og alt dette andre, men først må eg jo på jobb, det er jo slik det er med den saken. Har ein ein jobb, så har ein ein jobb… Og så går eg lukkeleg ut til arka og pennane og macen min og set i gang.
Heidi
Alle mine skrivedagar
August 16th, 2010, 4 Comments
tek for alvor til i dag. Det kjennest godt.
August har vore på sitt varmaste, mjukaste og vakraste dei siste dagane. Nå blømer rosespireaen, og plommekarten sprengjer mot skalet.
På lørdagskvelden var me saman mange menneske i friluftshuset heilt ute i havgapet for å feira Astrid. Eg skreiv eit dikt til ho. Det kunne kanskje passa å opna “forfattaråret mitt” med å la dykk få lov til å lesa?
To ting kan redda verda,
To ting kan gjera ho varmare,
mjukare og meir avslappa:
Dagane først i august
og damer på femti.
Begge kan by på ro
og klokskap,
noko verda treng
meir enn det meste.
Om bølgene framleis skal slå mot strendene
og strandnellikane bøya seg mjukt i nordavinden,
Om sola skal gå opp og ned,
om kvardagane skal gå rundt,
treng me mogning, styrke, og tålmod.
Med desse to er det langt i frå for seint,
bare roleg på tide
Framleis kan alt skje
om desse to får gjera verda frodigare
og mildare.
kan henda til og med
støare, staare, sterkare og meir sjølvsikker,
Med sine erfaringar om at det meste går
bare ein har tru og evna til å halda ut.
I august openbarer livet seg
meir fylt av frukt og tyngde
enn nokosinne.
Nå får det bare koma
alt som koma skal,
nå har me vent oss til livet,
og drukke oss mette på yr sommar
Me toler ein hausstorm,
Me veit at våren ventar
spirande langs grøftekantane
i overkomelege porsjonar
når ein minst ventar det
om ein har opne auge.
For to ting står støe
som steingardar på Jæren
om livet flokar seg til
og vinden tek i i hardaste laget.
Dagane først i august,
og damer på femti.
Truleg spelar englane saksofonar,
eller i det minste tverrfløyter
Om dei då ikkje rett og slett held seg til harpene sine,
når damer som du blir feira i august.
Og elles så er mange ting nye. Ikkje kjøkkenet endå, men det kjem vel om me bare syner tolmod… Halvard reiste med toget for å starta første året på vidaregåande på Vågen. Sunniva drog glad og fornøgd for å starta andreåret sitt på same skulen. Sjølv skal eg ta i mot dramaelevane og skriveelevane mine i dag. Eg har lova meg sjølv mange og lange timar på skriveromet mitt kvar dag. Det kjennest så lukseriøst. Det blir spennande å sjå korleis dette kjem til å utvikla seg.
“Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet. August er det mykeste myke jeg kjenner. Myk som sorg, og som kjærlighet.” (Einar Skjæråsen)
Heidi
