Det kjennest som verkeleg ekte luksus
August 23rd, 2010, 8 Comments
Dette å kunna stå opp og gå rett på arbeidsromet for å koma i gang med skriving. Eg fyller det rosa kruset som eg kjøpte på ein bruktbutikk, og som eg liker så godt, med varm deilig morgonkaffi som kjærasten min har laga. Så tek eg med meg tre små kavringar med brelett, fordi eg ikkje vil ta meg tid til å eta først. Eg vil eta medan eg jobbar. Det er sikkert mykje lurare å ta seg tid til skikkelege matpausar og alt det der, men eg må få lov til å vera litt nyforelska i heile situasjonen. Utanfor skin sola, og eg ser ut på moseflekkane på taket på leikehytta i hagen, på greinene på ei hengebjørk og på den augustblå himmelen med kvite dottskyer.
Fordi vil skriva lyrikk akkurat nå, gir eg meg sjølv lov til å bruka ein del tid kvar dag til å lesa dikt. I dag les eg dikt av Jens Bjørneboe i boka “Aske, vind og jord.” Eg oppdaga dikta hans før eg vart vaksen og dei har alltid fått det til å gå ilingar langs ryggrada mi. Og i det eg skriv dette, tenkjer eg at eg må passa me så dette ikkje blir ein lyrikkblog for veldig spesielt interesserte. Eg vil det skal vera ein blogg om det vanlege livet og om det å leva i, som mange kan ha interesse for å lesa, ikkje bare slike lyrikknerdar som meg sjølv.
I går var det sundag og eg kledde opp teaterdokka mi, Theodora, for å sykla til kyrkja og ha sundagsskule. Eg ler litt av min eigen galskap i det at eg let Theodora sitja i sykkelkorga slik at ho kan sjå medan me syklar. Eg har liksom ikkje samvit til å la ho ligga nedpakka i veska, og eg tenkjer for meg sjølv at nå er det i ferd med å tippa over, men samtidig liker eg at eg framleis har så mange oppriktig barnslege trekk. Her ei natt drøymde eg at eg såg meg i speilet og at andletet mitt var fullt av rynker. Eg såg ut som om eg var nitti år, og det kjendest skremmande. Det er ein kunst å akseptera at åra går, og eg takkar Gud for at eg i beste fall framleis kan ha halve livet framfor meg. Men du all verda så fort eit liv går, sjølv om ein nyt det bitvis og i langsamt tempo. Det er ikkje rart me får mareritt av og til. Det er verkeleg noko i det forkynnaren i Bibelen skriv om å telja sine dagar og få visdom i hjartet.
Der syster mi har huset sitt, bygde ein gong oldeforeldra mine eit hus. Dei kom frå flataste Jæren og ville flytta dit for å få jobb på ein ny fabrikk. Fabrikken var ein trikotasjefabrikk, som seinare, vart berømt for badedraktene sine, som først var strikka av tynt ullgarn. Dit kom dei gåande. Dei gjekk fleire mil med hest og kjerre med flyttelasset oppå, og eit lite barn som sikkert fekk sitja på kjerra ho og. Dei bygde seg eit lite, kvitt hus, og fekk ti barn. Dei to yngste var tvillingar, og då dei vart fødde kom det tuberkulosesmitte til bygda. Ei gammal dame fortalde meg for lenge sidan at ho hugsa då Bendiks, oldefaren min hadde tre lik i stova samtidig. Det var oldemor som døydde frå nyfødde tvillingar, og begge tvillingane døydde og. Oldemor vart lagd i ei kiste, og dei små nyfødde vart lagde saman i ei anna kiste. Bendiks mista åtte av barna i tuberkulose, og bare bestemor og syster hennar, som forblei ugift, og seinare moster både for mor mi og brørne hennar, og for meg og syskena mine. Ho vart ein viktig brikke i barndomen min. Eldste syster til bestemor hadde alt gifta seg og fått ei lita jente før ho vart sjuk, og ho rakk å vera reservemor for bestemor i nokre år før ho døydde.
Me har eit bilete av familien før ulukka tok dei. Der står dei oppstilde alle saman, bortsett frå tvillingane som endå ikkje var fødde. Dei ser alvorlege ut, for det skulle ein vera hos fotografen. Dei store jentene hadde mørke kjolar og håret greidd stramt bakover med sukkervatn for å skjula krøllene. Bare bestemor sit der, mest utan hår, og med blondekrage, på fanget til mor si og er bare eitt år gammal.
Dette biletet orka bare bestemor å ta fram for å sjå på ein sjeldan gong. Det pleidde å stå på “høgaloftet”, snudd inn mot veggen. Eg hugsar første gong eg fekk sjå det. Ho peika på den vesle blondekragekledde jenta og spurde meg “Kjenne du henna?” Bestemor var to år gammal då mora døydde, og ho og systera vaks opp aleine med faren. Som bestemor sa: “Eg hadde ikkje mor, men eg hadde ein jysele jille far.” Ho sa til meg at ho ikkje hadde nokre minne om mora i det heile tatt. Det merkelege var at då ho den siste dagen låg og skulle døy, åttiåtte år etter at ho hadde mista mor si, då ho låg og haldt meg i den eine handa og mor mi i den andre, sa ho plutseleg “Mor!” Ho sa det så høgt ho orka med det vesle ho hadde att av stemme.
Korfor ho sa det får eg aldri vita. Kanskje ho var lita og redd, og ropte på mora som eit lite barn ville ha gjort det? Kanskje dukka det opp svært tidlege barndomsminne som ho hadde gløymt? Eller kanskje ho rett og slett såg mora koma for å henta henne? Kanskje dei to første svara er mest sannsynlege, men eg liker å tenkja at det kunne vera det siste ho opplevde. At ho fekk sjå den mora som ho heilt sikkert har lengta etter heilt sidan den dagen ho ikkje var meir.
Men tilbake til historia om huset. Då bestemor var ung, skulle dei leggja ei jernbanelinje, og denne skulle gå akkurat der det vesle kvite huset stod, det som oldefar hadde reist i lag med kona si. Dei kom med kranar, og kva dei måtte ha av reiskapar for å klara det, og løfta heile huset av den gamle grunnmuren og over på ein ny, nokre meter lenger oppe i lia. Eg har alltid sett for meg at det var jerbanefolka som gjorde dette. Bestemor gjekk inn i huset for å koka kaffi til arbeidsfolka, og sidan huset framleis stod litt skakt, vart kaffikjelen ståande på skrå på komfyren. Etterpå vart huset retta opp att og vart beint og fint, og slik stod det, i sytti eller åtti år, heilt til syster mi fekk det rive då ho skulle bygga det nye huset. Eg var der ofte som barn. Det lukta gammalt der, og kjøkkenet var eit gammalt trekjøkken, det var to små stover der og ei veldig bratt tretrapp opp til soveværelset og salen. Først var det utedo der, men så vart det vannklosett i eit kott under trappa.
Den jernbanelinja som skulle leggjast der då dei flytta huset, ligg der framleis. Det er lenge sidan det gjekk passasjertog der. Då eg var barn, gjekk det godstog der to gonger til dagen, men det er lenge sidan dei slutta å kjøra der og. Nå ligg jernbanelinja der heilt tilgrodd med gras og blomar, og skinnene er rustne. Det går an å gå tur der, og akkurat det gjorde eg i gårkveld. Eg kjende meg som Mary Poppins eller noko slikt der eg balanserte på svillene i kjole og med ein stor prikkete paraply, fordi det hadde vore ein del heftige regnbyger i løpet av dagen. Det er så fredeleg der, og av ein eller annan grunn har eg alltid elska å gå tur på jernbanelinja. Ein kan framleis ana den gode lukta av soloppvarma tjøre, og det er bringebærkratt med mogne bringebær og grøne tre langs linja. Mange stader veks det lupinar langs togtraseen, men her veks det mest røsslyng. Det er tett i tett med røsslyng langs skinnene, men det er og høgt gras, høge geiterams, klynger med blåklokker og kreklingris. Ein stad låg det ein liten død fugl på ei jernbanesville. Han hadde nok vore død ei stund, men nokon, truleg barn, for det er dei som har mest omsorg for døde fuglar, hadde lagt markblomar over brystet hans.
Dette vart ein lang tekst, og eg som hadde tenkt å avslutta dette med eit Jens Bjørnebo-dikt. Heilt til slutt hadde eg tenkt å gjera det, slik at dei som ikkje er så glade i dikt kan stoppa her… Eg trur eg gjer det likevel… Eg kjenner mest ingen som skriv så elegant, og med ein så sår undertone som Jens Bjørneboe. Han strevde med livet sitt, han utvikla rusproblem, og han gjorde ting som besteborgarane i samfunnet viste forakt for. Han skriv vakkert, rått og sårt på same tida om det å kjenna seg annleis. Eg tek med diktet “Blomster for Genet”
Maria, alle smerters moder
Nevn vårt navn i dine bønner!
Vi er alle tornekronet
Vi er alle dine sønner!
Halliker og sodomitter
Blottere og transvestitter
Pederaster, fetisjister
Drankere og morfinister
Jomfru, alle smerters moder
Trøst Genet, vår stakkars broder!
Også han er tornekronet.
Tyver, horer og Genet-
Vi som hang på begge sider
Av din sønn på smertens tre
Vet hva verdens frelser lider.
Jomfrumoder, bare vi
Vet hva nådens kalk vil si:
Kronens torner vorder roser.
Jens Bjørneboe.
Eg får lyst til å gråta når eg les slike dikt.
Heidi
