Andedräkt

Vaskefiller og golvklutar.

September 30th, 2010, 2 Comments

Eg er dessverre ikkje av dei som har gjort det til ein vitenskap å ha det perfekte arsenalet av microfiberklutar og smarte moppar. Eller for å vera ærleg, eg har då handla inn litt av kvart, men har aldri fått hundre prosent dreisen på å bruka det. Eg fann ein besnærande lapp i postkassen i går frå Monika og Ewas vaskenbyrå. Dei reklamerer med “Fornuftige prisar og Bra kvalitet”, men ikkje eg eingong kan forsvara å ha profesjonell vaskehjelp når eg har eit friår til å skriva. I dag var eg tidleg oppe for å vaska hus, og har nå kome til romet “stova”. For å passa på at eg får skrive litt i dag og, må eg bare fanga ein tekst i svevet før eg går i gang…


Støvsugaren

og heile hans hær

står klare i kroken til dyst.

Eg ber om nåde,

men har eg vel sluppe unnna lenge nok.

Ein sniggel har budd på utsida av vindaugsglaset

mitt i lange tider,

kan eg nekta han biotopen nå i september?

Avisene leitar seg veg mot taket

frå stabelen ved peisen.

Det er på tide nå,

seier eg strengt til meg sjølv

og legg ein plan

for å finna gode heimar til

uidentifiserbare objekt

som har budd i stova mi kenge nok nå.

Parkeringsplassen oppå peisen ropar på meg,

og korfor ein tom kaffikopp

og smiler hånleg

borte ved fjernsynet?

Ashes to ashes and dust to dust.

Det må vera støvets år i år

det er då ikkje lenge sidan det sist var borte.det

Nå gjeld det å ha tunga rett i munnen

og ikkje sleppa ho ut til høgre eller venstre

Det gjeld å halda kroppen sin på sporet

på sporet av den tappte tid

som eg på ta att seinare

når fingrar og forstand

heller vil gjera andre viktige ting

og det er inga trøyst

at det framleis er koseleg der inne i halvmørket,

Snart kjem kanskje den store

systemibokhylledagen,

dersom han då ikkje er her allereie

slikt er vanskeleg å halda styr på.

Det kan jo vera eig finn ein skatt

under ei av sofaputene,

der har eg funne både klokker og tikroningar

så kom ikkje her.

Blomane på verandaen

burde vore i vase

før frosten tek dei,

og har eg noko eg kan moppa taket med?

Det er jo faktisk slikdet

at ein for alt i verda ikkje må

vaska vindu i solskin

bortimot dårleg gjort

om eg skal konkurrera med sola.

Her står eg

bunden på hender og føter med

vaskefiller og golvkluter

og kven veit om ikkje

inspirasjonens høgengel

skulle spasera forbi skrivestova.

Det er nok best å skriva dikt om støvsuging

før eg viar livet mitt til aktiviteten.

I fall fascinasjonen

eller microfiberklutane

skulle halda meg så fast

at eg aldri meir kjem laus…

Heidi

Døtrene mine.

September 29th, 2010, 8 Comments

Det er skrive mange kjærleiksdikt. Dette er eit av dei, og det er skrive nå i kveld til døtrene mine, for døtrer er verkeleg verde eit kjærleiksdikt eller to. Det er noko eige med å sjå sine eigne døtrer bli vaksne kvinner. Men det spørs om ikkje sønene mine og må få eit kjærleiksdikt ein vakker dag. Det er noko eige med å sjå sønene sine bli vaksne og. På ein eller annan merkeleg måte kjennest det som to litt ulike situasjonar. Som Ronja Røverdotter seier. Somme skulle bli Mattisar og somme skulle bli Lovisar. Ho visste godt at ho sjølv skulle bli ei Lovis… Litt sentimental må det vel vera lov å vera ein sein kveld i september når livet er i ferd med å skifta årstid?

Som to sommarfuglar

er dei

framleis nær meg

på lånt tid

eg veit

at tida snart er komen

men framleis

fyllar dei kveldane mine

med heimebakt brød

med liv og merkelege historier.

Dei ler hol i dagane mine,

og seier at dei er glade for å ha meg.

Sjølv om eg altså eg

ser ut som om eg bur i ei billedbok

og i følge dei ikkje er som normale mødrer,

langt derifrå faktisk,

men byta meg vekk vil dei likevel ikkje.

Dei sørger for at vaskemaskinen går og går

og aldri kjem til døra

og fyller huset med store stablar klede,

og tusenvis av vesker

og tome og fulle shampoflasker.

Dei som for slett ikkje lenge sidan,

sånn omtrent i går, faktisk,

la babyhovuda sine

tungt mot halssgropa mi

og lukta av mjølk og honning.

Dei som fekk på seg sko

for aller første gongen

og prøvegjekk alle golv

med bittesmå fingrar om mine.

Den eine som haldt seg nær til mor,

den andre som stakk av

så fort ho hadde sjansen,

ho ålte seg fram

mellom føtene til framande

for å få frydefulle glimt av fridom

før ho vart innhenta

av faste hender gong på gong.

Ein smal liten alv av ein unge,

og ei storesyster to steg bak

med snøkvitt hår

og med ståblikk når det trengdes,

Ei beskyttande makt

med tommelen trygt plassert

ettertenksomt mellom tennene

medan ho dirigerte den lille

så godt det kunne la seg gjera.

Nå er dei store og lange,

skiftar hårfarge når det passar

og fyller sofaen med kjærastar.

Dei gir meg varmande klemmar når det trengst

og hentar kjærleik når dei har bruk for det.

Framleis er det ein velsignande paraply

av nåde å ha dei hos meg,

å drikka kaffi på kjøkkenet

og å snakka om livet om kveldane.

Eg samlar på desse dagane,

desse vekene og månadane,

ein dag

kanskje snart,

vil dei spreia sommarfuglvengene sine

og fly.

Eg takkar for timane

for sekunda

som framleis er her.

Eg ser at dei blir vaksne

dei siste ledda til nå

i rekkene av kvinner

eg er i slekt med.

Eg undrar på kva dei får å leva.

Måtte dei vera i stand til å bera,

og i stand til å bli borne.

Måtte børene deira verta lette å bera

og måtte vengene deira

vera sterke nok.

Heidi

Eventyrdama!

September 26th, 2010, 2 Comments

I går hadde eg eit oppdrag utanom det vanlege . Det var eventyrdagar i nabobyen som byjubilerer i år. Først ute i familien var Sunniva, som saman med dramaklassen sin hadde ei eventyrforestilling i ein skog. Barne gjekk gjennom skogen og på ulike postar såg ei ulike scener frå kjende eventyr. Sunniva var ein av dvergane, og var med på å spela Snehvit sin “død og oppstandelse”. Under kostymet hadde ho fleece og fleire lag ullundertøy og varm solbærsaft på termosen. Ei eventyrløype ute i ein skog er ein fantastisk idé spør du meg. Det er nesten synd at eg ikkje var fire og eit halvt år og kunne gå tur der med mamma i den eine handa og pappa i den andre.

På laurdag føremiddag var det min tur. Ei venninne av meg er dagleg leiar eller noko slikt i ein butikk som sel gardiner og sengetøy. Dei hadde ogg lystt il å vera med på eventyrdagane, så eg var leigd inn til å fortelja eventyr i ei seng med masse puter og bamsar og sengetøy med eventyrmotiv. Eg måtte smila litt av heile situasjonen der eg sat i ei seng sånn omtrent i utstillingsvindauget, for anledninga kledd i rosa, lilla og turkis, med raude dansesko på føtene. Eg var utstyrt med billedbøker og rekvisittar til fritt fortalde eventyr som ungane skulle få vera med og dikta.  Det kjendest litt surrealistisk å sitja der og kikka ut på livet, eg fekk augekontakt med masse fire-fem-åringar, dei fleste leiande på ein vaksen som skulle vidare, men nokre kom inn for å høyra. Eg sat delvis fordjupa i ei knallrosa biletbok om ei jente med tyggegummihår, som mange ungar fekk lyst til å høyra.

Dessverre var det visstnok usedvanleg få kundar denne dagen, eg tippar at dei fleste var oppe i hovudgata der det og var eventyrleg, med tilkjørt høy som ungane kunne hoppa i frå store halmballar og personar frå Hakkebakkeskogen som vandra rundt i gata. Det at det var få barn innom, gjorde at eg hadde god tid til å studera folkelivet, og dei ungane som kom inn elska eventyra mine, som ungar brukar å gjera. Den beste attesten var frå ei lita jente som hadde vore gjennom heile repetoaret mitt, bortsett frå ei bok, då foreldra signaliserte at dei ville vidare. Ho såg på meg, peika på boka som låg att og sa “Men keffor læse du alre den bogå?”

Då eg kom ut etter end teneste, stod det ein gatemusikar utanfor. Han nikka til meg med eit blidt “Hello, pal!”, som om han helste på ein kollega eller noko, og eg tenkte at på sett og vis var eg og han sånn bortimot kolleger akkurat i dag. Eg fekk plutseleg ei slags kjensle av å vera midt i boka “Den statiske mannen”, som eg las i Macedonia i sommar. Etter ei vandring gjennom sentrum, stod eg og venta på eit tog som ikkje kom. Det viste seg at det var lørdagsrute og at eg måtte venta ein halvtime til. Eg vurderte ei ny byvandring, men sidan eg hadde ganske mykje å bera på med bøker og rekvisittar sette eg meg heller på ein benk og kikka endå meir på folk. Eg har faktisk ingenting i mot å bruka masse tid på bare å kikka på folk, i tillegg kunne eg studera trea som allereie har begynt å sleppa gule blad.

Vel heime att la eg meg på sofaen med ei avis og sovna. Det tek på å driva med “performance.” Om kvelden såg eg den søte filmen “Twenty seven dresses,” eller noko slikt og mange fleire TV-program, medan eg strikka ferdig babygenseren. Eg er ikkje heilt fornøgd med halsfellinga, så eg får nok rekka opp litt. I dag har eg hatt ein skikkeleg lat fridag, lese boka “Kaninbyen” og ein liten stabel aviser. Så har eg drukke kaffi med Ingrid. Ute er veret ganske bra, så eg håpar eg får meg ein skikkeleg sundagstur før kveldsgudstenesta. Men først må eg få unna litt husarbeid eg eigentleg hadde tenkt å gjera i går. Livet er godt.

Heidi

Bare på leik-

September 24th, 2010, 2 Comments

Ein av dei lyrikarane som har fått mest merksemd i Noreg dei siste åra heiter Ellen Einan. Ho har gitt ut mange diktsamlingar, men debuterte først som skikkeleg vaksen dame. Ho har fått mange prisar og mykje omtale. Noko av det som vekte mest merksemd, var at ho skriv noko ho kallar automatskrift. Ho bare set blyanten på papiret, fristiller alt i seg sjøl, og så begynner blyanten å gå. I det siste har ho moderert det ho seier om skrivemåten sin. Først forklarte ho det som skrift frå noko utanfor henne sjølv, eller frå ånder inne i henne. Nå heller ho meir til å kalla det spontanskrift, og eg trur ho ynskjer å avmystifisera arbeidsmåten. Eg har lese mykje av Ellen Einan dei siste dagane, og sjølvsagt må eg prøva meg litt på spontanskriving. Hos meg er det ingenting mystisk med denne skrivemåten. Eg skriv bare det første som fell meg inn utan å tenkja meg om. Eg finn orda i eigne tankebanar, i fall nokon måtte lura, og dei er sjølvsagt langt mindre mystiske enn Ellen Einan sine dikt. Her tek eg med eit bydikt…

Bydikt-

I den mørke byen

går folk med høge hattar.

Menn med like luer

kjem i lange rekkjer.

Lengtedamer

kjøpedamer og levedamer

går på høge sko mot brusteinane.

Korleis klarer dei balansen

desse leande glededamene,

desse hastande hentedamene

desse rolege tenkedamene

med trillebagar

og handvesker frå Gucci og nille?

Det står krokodillar i gatesmuga.

Krokodillar med lærfrakkar og store solbriller.

Dei smiler med blendande kvite tenner,

og har avisene under armen

medan gasellemennene joggar

som lyseblå og raude lyn

flyg dei over fortjengerfelta

flyt deu langs sykkelstiene.

Eit piggsvin kryssar gata på raudt lys.

Piggane strittar av hårgele.

Han sig med forsiktige steg mot vannfontena.

Moldvarpar med kvite stokkar

smyg seg langs husveggene,

og alle blomsterbarna drikk

sjampanje og pæresaft

henslengte i rosebeda.

Det syng i byen no.

Det dansar i gatene,

alle røyskattane med rette ryggar

og lange glade halar

spelar på fløytar

slår på symbalar.

Sorgfruene set seg på benken,

tek fram små runde rullar

med mariekjeks og rugkaker.

Sjiraffane kjem syklande

på lange rekkjer

på kvar sin einhjulssykkel

med fiolar og tusenfryd i hendene.

Dei små rottene gøymer seg i kjellaren,

dei kikkar ut på musikken

med små engstelege perleblikk.

Frå fontenane sprutar det villbringebærbrus

og dei vakre vannliljene

gjer seg kvite

for ein mann med lange vadestøvlar

på veg mot elveosen.

Alle desse små kinesiske bruene,

og alle trea  med fulle hender.

Dei ber store klasar

japanske kirsebærblomar.

Kom skal eg kyssa varmen i deg

seier ein mann med lang nase

og mjuke armar

der han står på eit kumlok og ventar,

men ballettjenta med minkpels

vrir seg engsteleg unna.

Snart er det mørkt nok til at faklane skal tennast.

Ein eim av parafin ligg allereie i lufta.

Villvin og klematis strekkje seg i forventning

og ungane får lov til å vera oppe.

Dei sit i fulle barnevogner

dei vinkar med flagg og tåteflasker.

Det er snart på tide nå.

Heidi

Venus in memoriam.

September 21st, 2010, 6 Comments

Eg var heilt skjelven då eg sette meg inn i bilen med reiseburet i fanget. Eg var glad at Ingrid skulle vera med til dyrlegen og at ho tilbaud seg å kjøra bilen. Buret var så lett som ei fjør å løfta, og det slo meg kor tynn katten var blitt. Etter å ha venta ei stund på venteromet, slapp me inn til ein veldig søt og medfølande dyrlege. Ho behandla Venus så venleg, så venleg, og var først samd med meg i at vekttapet kunne tenkjast å koma av parasittar. Etter å ha undersøkt hjarte, pust, auge og munn og konstatert at ho ikkje halta, kjende ho rundt på kroppen hennar og sa at katten var blitt veldig tynn. Så kjende ho lenge under buken og ved lyskane ved bakbeina, og sa at det var noko i buken som ikkje stemde. Eg spurde om ho mistenkte at det var ein svulst der, og ho sa at det var det ho frykta, men ho foreslo ei ultralydundersøkjing.

Det var ikkje heilt enkelt å koma til med ultralyden, fordi vesle Venus var så langhåra, men til slutt fann ho det ho hadde kjend, ein kreftsvulst. Han låg ikkje på den eine nyra, som ho først hadde trudd, men på leveren. Ho sa at dei kunne prøva å operera, men at ho trudde sjansen for at det ville gå bra var mykje mindre enn sjansen for at det ville gå gale. Ein slik operasjon ville koma på godt over totusen kroner. Eg spurde om korleis det ville bli om eg tok ho med heim og let naturen gå sin gang, men veterinæren ville absolutt ikkje tilrå det. Ho meinte at Venus ville bli meir og meir avkrefta og at sjukdomen ville utvikla seg nokså fort.

Me bestemte oss for at det var best å la Venus få sleppa, det vil seia eg bestemte det, for Ingrid var heilt sønderknust og sa at det ville ho sleppa å bestemma. Eg sa at ho hadde rett. Eg som var vaksen fekk ta ansvaret for å avgjera det. Først lurte eg på om me skulle ta henne heim og la Sunniva og Halvard ta farvel heime, eg prøvde til og med å ringa Sunniva på skulen, men ho hadde undervisning, og eg fekk ikkje tak i henne. Eg bestemte meg for at katten skulle få sleppa å bli frakta endå meir fram og tilbake i eit kattebur, dersom utfallet likevel var gitt. Så fekk ho ei narkosesprøyte for å sovna inn, før dei gav henne overdosen. Ingrid gjekk gråtande ut i bilen medan eg vart sitjande og klappa henne til ho sov fast. Eg gråt eg og då eg betalte 1400 kr for behandling, ultralyd, avliving og kremering av katt.  I allefall rant det eit par tårer. Eg skulle direkte på jobb og ha to dramaklassar, så eg kunne ikkje sleppa sorga heilt fri. Nå sit eg her og skriv med ein sorgklump i halsen.

For fem år sidan kom Halvard heim i matpausen med eit lite pelsnøste av ein kattunge. Kattungen hadde vore å observera i skulegarden fleire dagar, og nokre av elevane hadde kasta steinar og pinnar på han. Halvard stakk av frå skuleplassen med kattungen for å bringa han i tryggleik. Slik føyde Venus seg inn i ei rekke av fuglungar, utsette hamsterungar, kattar og flaggermus som Halvard har bore heim gjennom åra. Kattungen bare skalv og skalv og kunne snautt nok gå over golvet på eiga hand. Eg trudde kattungen var sjuk og at han ikkje ville klara seg, men etter litt mat og godt stell kom han seg. Det viste seg at det var ein liten hokatt, og me gav ho det midlertidige namnet Venus. Eg trudde ikkje at me skulle behalda henne, spesielt ikkje sidan me allereie hadde ein kattunge,  vesle Cleopatra, som og var eit hittebarn, litt eldre enn Venus.

Me sette opp lappar om funnen kattunge rundt på butikkane, men ingen melde seg. Til slutt innsåg me at Venus hadde flytta inn til oss, og snart var ho ein trygg og tillitsfull kattunge som leikeslost med Cleopatra på golvet og sprang rundt i huset som ein virvelvind. Dei to var jamne nok i alder til å akseptera einannan heilt, og det hende dei låg og sov tett samanfiltra med labbane rundt einannan.

Som alle kattar har våre kattar og hatt sin heilt særeigne personlegdom. Cleopatra liknar på en Russian- Blue- katt, ho er aristokratisk og stolt, streifar mykje ute, og fører seg som ei dronning, ho knyttar seg til nokre få, og ignorerer dei ho ikkje kjenner. Venus har vore ein usedvanleg leiken og kosete katt, som var ute ti minutt om gongen og elles trivdest best innomdørs. Ho likte å ligga på toppen av opne dører, inne i bokhyller, eller på toppen av hyller som ei klippeløve. Sjølv om ho likte seg best inne, var ho ein ivrig jeger, og slepte heim flaggermus, mus og fuglar ho hadde fanga. Ein gong klarte ho til og med å koma seg inn i eit lukka undulatbur, og det var på hengande håret at undulaten vår ikkje vart kattemat.

Likevel tulla me med at Venus ikkje var sikker på om ho var menneske eller katt. Når me åt saman, kom ho og sat på ein av stolane ved matbordet, der sat ho andektig og såg på at me åt, kanskje i håp om at det skulle vanka ein godbit i katteskåla etterkvart. Ho likte å “prøva sko”. Då sat ho med framlabbane oppe i eit eller anna skopar. Slik kunne ho sitja lenge. For ikkje lenge sidan var det tomt i vannskåla, då sette ho seg på spisebordet og stirra på ein blomstervase heilt til eg hadde tatt poenget. Som kattunge ville ho gjerne ut om kvelden, og dukka så opp tidleg på natta og sat utanfor det opne soveromsvinduet og ropte. Mau- mau, heilt til eg vakna og stod opp for å sleppa henne inn. Eg påstod at ho ropte ma-ma , men fekk vel ikkje dei andre heilt med på det. Til slutt måtte det ein hestekur med avvisning til, for å venna ho av med nattmjauing. Det var i drygaste laget at når ungane endeleg sov rundt om natta, måtte eg opp kvar natt for å sleppa inn ein katt.

Me hadde snakka om at Venus var tynn, men det var først då kjærasten min reiste til Bolivia for halvanna veke sidan, at me syntest ho hadde mista litt av gnisten. Me lurte på om ho lengta, men når ho vart slakkare og slakkare og åt mindre og mindre kvar dag, fann me ut at me kanskje fekk ta ho til dyrlegen. I natt sov ho på Halvard sitt rom, og orka mest ikkje gå opp og ned trappa. Maten slikka ho mest bare på, og me kjøpte rådyr kattegourmetmat i håp om at det skulle hjelpa. I går kjøpte me ei sprøyte for å sprøyta vatn inn i munnen hennar fordi ho drakk lite og virka litt dehydrert.

For eit par veker sidan sa eg til Ingrid at eg hadde lese at normal levealder for kattar var frå sju år og oppover. Venus kom akkurat forbi med den store buskehalen stolt og lukkeleg løfta som alltid.  Ingrid sa,  “Hysj, ikkje la Venus høyra deg, ho må ikkje få vita at ho begynnar å bli gammal”. Lite visste me då i kor stor grad dagane hennar var talde. Ho såg alltid så glad og fornøgd ut, og var ikkje jamrande eller aggressiv den siste veka heller. Ho var bare plutseleg heilt utan krefter.

Eg kjende meg som ein dommar som skulle dømma til døden, eller kanskje ein bøddel, då eg bestemte at me måtte gje henne den forferdelege sprøyta. Eg hadde håpa eg skulle sleppa det. Det slo meg kor utruleg tynn ho var då eg sat der og strauk over den lange pjuskete silkepelsen hennar til ho sovna.

Kvil i fred, vesle Venus. Eg håpar me valde det rette.
Heidi

I dag ville bestemor ha vore 107 år

September 21st, 2010, 1 Comment

Ho var eit av dei menneska som har betydd mest i livet mitt. Eg har laga eit dikt til henne for å markera dagen. For nokre av dei som les her ofte, vil dette kanskje ha preg av gjentaking. Slik får det viss bare vera.

Til Borghild:

Du vart fødd i 1903

i det vesle huset på Figgen,

sjette dottera

til fabrikkarbeider

Bendiks Anda

og hustru Anna.

Frå eit familiebilete

ser du på verda

med store opne auge

frå mor di sitt fang,

med far din

og med fem eldre systrer

alle i svarte kjolar

med blondekrage

og med håret greidd

stramt bakover

med sukkevatn

og sirleg kamma.

Eit år seinare

skulle du vera utan mor

dei nyfødde tvillingane

skulle døy

Dei store systrene dine

skulle døy

Alle så nær som deg,

far din,

og den eine systera.

skulle døy.

Eg vart fødd

femtiåtte år etter deg.

Du stod nok der

med store opne auge

sikkert fulle av engstelse

for dotter di,

og så vart du

bestemor mi.

Du fann meg

i barndomen min.

Du fortalde

og eg høyrde etter.

Alt då eg var barn,

kjende eg

barndomen din godt.

Ut av huset gjekk du ikkje ofte.

Du hadde gikt

og mykje anna

som ikkje betyr noko

når ein er eit barn.

Du var min beste venn,

og eg trur at eg var din.

Me var ofte saman.

Me budde i same hus.

Til og med

når eg var stor nok

til å burda

foretrekka jamnaldrande,

kom eg ofte til huset ditt

for å vera hos deg lenge.

Du hadde

dei mjukaste hendene eg har kjend.

Om nettene sov me

med opa dør

mellom oss.

Eg telde pusten din

og var ofte redd for at

han plutseleg skulle

slutta å gå.

Men kvar dag

når eg stod opp

sat du på kjøkkenet

i blomstrete ermeforkle

og det lange grå håret

sett opp i dult.

Du vakna alltid

før dagen grydde.

Dagen før du fylde nitti

fekk du slag.

Du kom til staden

du hadde frykta

mest av alt, sjukeheimen.

Du likte deg betre der

enn me hadde våga håpa

om det ikkje hadde vore

for at du vart

sjukare og sjukare.

Eg sat der mest kvar dag

og var plutseleg

den vaksne.

Med meg hadde eg

ei nyfødd dotter

som etterkvart

dreiv krypeøvingar

på vinylgolvet.

Du lo tannlaust mot henne

og ho lo tannlaust tilbake.

Det hende du flykta

inn i barndomen

og vart

den vesle morlause jenta

som sprang for

og som og plukka

forglemmegei

ved dammen.

Det gløda i augo dine

då du fortalde

om kor fint det var på Figgen.

Slik fekk eg møta deg

i små glimt

i ein barndom.

Denne gongen

var du barnet.

Fastare er ikkje alltid

grensene for liv og tid.

Mor di hugsa du ikkje,

men det siste du gjorde

var å ropa på mor,

eller snarare kviskra

ordet mor,

du hadde ikkje krefter mykje att.

Eg haldt deg i den eine handa di,

mor mi haldt den andre.

Så starta det evige

og du steig ut av tida

ut på den andre sida.

Heidi

Jeg er din barndoms gade

September 20th, 2010, No Comments

Jeg er din barndoms gade

jeg er dit væsens rod,

jeg er den bankede rytme

i alt vad du længes mod.

Eg lånte nokre ord av Tove Ditlevsen igjen. Nå er eg ferdig med å lesa “Samlede digte”, men pulsslaga i dikta hennar treff rytmen i min eigen puls på ein måte som gjer at orda hennar ligg og nynnar og dunkar som ein bakgrunnsmusikk til tankane mine. Eg har hatt ei fin helg. På lørdag hadde eg først skriveelevane mine på fellestime med kunstfagelevar, der me leika oss med ville hestar og fantasidyr. Etterpå gjekk me til skulekjøkkenet og åt knekkebrød med ost før me begynte å laga disposisjon til ei billedbok. Etterpå gjaldt det å koma seg heim i full fart for å gjera seg klar til russefest, eh, eller for å vera meir ærleg og konsis, tretti-års jubileum for russefeiringa. Til mi eiga overrasking så hadde eg sommarfuglar i magen med tanken på å møta att folk eg ikkje har sett på så lenge. Eg merka at det berørte meg sterkare enn eg hadde trudd. Det første som skjedde var at me samla oss klassevis til vorspiel, og det er jo ein sympatisk måte å organisera det heile på, sidan vennene mine frå klassen er dei eg verkeleg har lyst til å møta att. Eg gjekk på ein stor vidaregåande skule med åtte parallelle klassar, så det var jo langt frå alle eg kjende den gongen heller.

Det var ein varm velkomst heime hos Per, og det var så fint å møta alle saman igjen. Eg oppdaga at dette er menneske eg framleis bryr meg mykje om, og som eg godt kunne tenkja meg å samtala med oftare. Etterpå var det middag, framleis klassevis og så var det dans. Det litt kjedelege var at dansemusikken var så høg at det var vanskeleg å snakka saman, og det å snakka var det eg hadde aller mest lyst til å gjera, men dansing er ikkje så dumt det heller, og ute på gangen gjekk det an å snakka meir med folk frå andre klassar. Her møtte eg og ein eg gjekk ni år saman med på grunnskulen som eg ikkje hadde sett på alle desse åra, for han hadde ikkje vore på nokre av jubilea. Det kjendest merkeleg og fint på same tida. Dei fleste har eg jo sett av og til med ujamne mellomrom. Elles møtte eg fleire av dei eg har gått saman med på barneskulen eller ungdomsskulen. Det slår meg ofte kor fort eit liv går. Slike treff er som å gå inn i eit rom ein ikkje har vore i på lenge, og så går verda vidare som om ingenting har skjedd, sjølv om det meste forsåvidt må ha skjedd. Det er ei merkeleg greie å leva eit liv. Eg øver meg i kunsten å halda tida fast, men uansett kor godt eg klorer meg fast så renn det sand gjennom timeglasset heile tida, og det er vel faktisk slik det heile er tenkt å vera.

Då eg var veldig ung, kanskje før eg fylde 20, las eg Århundradets kärlekssaga av Märta Tikkanen. Der festa eg meg ved følgande dikt. Eg siterer etter minnet, så den svenske ortografien er nok ikkje heilt perfekt

Jag sat bredvid min mamma

och höll hennes hand

då hennes ljusblå blick brast.

Den gången lovade jag henne

at jag aldrig skulle siga som hon:

Jag har inte fått.

Det jag skal siga

om jag måste, är:

Jag har inte gjort.

Der og då bestemde eg meg for å gjera dette til ein slags livsregel for meg sjølv. Eg skal ikkje seia “Eg har ikkje fått”, i verste fall skal eg seia “Eg har ikkje gjort”. Eg er glad for at eg las desse linjene, for eg meiner å kjenna at dei har gjort noko med innstillinga mi til livet. Og så går eg tilbake til Tove Ditlevsen:

Fløj du så vidt over lande,

voksede du fra din ven,

-jeg er din barndoms gade,

jeg kender dig alltid igen.

Tove Ditlevsen skriver om barndommens gade som stedet der ein vart slått til bakken og lærte seg “hårdhed og spot”. Heldigvis var min barndom av det langt lysare slaget, men me ber alle med oss ein barndom og ei tenåringstid i ryggsekken når me skal ut i det vaksne livet. Ofte tenker eg om barna, både dei på skulen og dei heime, deira barndom er nå. Det er desse inntrykka dei skal ta med seg som fundamentet for sitt vidare liv. Det er ein utfordrande, fin og litt skremmande tanke.

Elles så har me bekymra oss litt for dei eine katten nå i helga. Ho har vore slakk og bare ligge ein plass på golvet eller i ein sofa i timesvis. Ho har mjaua etter mat og vatn, men knapt nok ete noko. Ho er blitt veldig tynn. Eg ringde etter Jan Ivar som var einig i at ho virka slakk, tynn og kanskje lettare dehydrert, men han fann ikkje nokre symptom. Han har jobba hos ein dyrlege, så han er min faste konsulent når noko skjer med kattane. Nest etter sjuke barn, så er sjuke dyr noko av det som verkeleg kan gjera meg uroleg. Jan Ivar meinte at viss ho ikkje var kvikkare i dag, ville han ha teke henne med til dyrlegen. Akkurat nå ringde han for å høyra korleis det gjekk med pasienten, og eg kunne melda at ho virkar ganske mykje kvikkare. Eg er litt i tvil om eg skal ta ein telefon til dyrlegen likevel. Eg prøvde å få ein ormekur på apoteket, i fall det kunne vera parasittar som har gjort henne så tynn, men fekk til svar at me måtte ha resept for å få det. Kanskje dei kan ringa bort ei resept til apoteket…

Heidi

Til ettertanke for meg sjølv og andre.

September 17th, 2010, 3 Comments

Naboen borti gata

svelt i hel akkurat nå,

og dei nede i svingen

er flomramma.

Det er tørke på

den andre sida av fjellet,

og i naboblokka byggjer dei

seg atomvåpenlager.

To kvartaler unna

døyr det barn

av mangel på vaksine,

og nede på feltet

er det ein flokk

foreldrelause barn

som opererer i bande

fordi foreldra døydde av aids.

Nede i sentrum bur det ei dame

som brukar fortauet

som toalett.

Ho vart fødd

og har levd

sine seksti år like utanfor

Kiwibutikken,

tidlegare Eide Matsenter.

Eg står her og kokar middag

og lurer på om eg skal

forhalda meg til det heile.

Å lukka augene

er alltid

eit godt alternativ.

Det er det

handlingsmønsteret

eg er sosialisert til

og som regel

fungerer det ganske bra

tenkjer eg

og heller ut mjølka

som er utgått på dato.

Eg kastar kleda mine i ein sekk

fordi det ikkje har plass til fleire i skapet,

og lurer på om eg skal

legga meg uti

at alle dei

som tilhøyrer Romfolket

skal bli henta av drosjar i dag

for å bli sette ombord på ein båt

me for alt i verda ikkje

vil vita kor skal hen.

Dei er litt i tvil om

korvidt onkelen min

skal få giftsprøyte

eller bli sett i

den elektriske stolen,

og det er vel dårleg karma

som gjer

at svigerfamilien min

aldri har budd i hus

eller har fått

legebehandling når dei er sjuke.

Det seiest at ei langhåra dame

nede på byggefeltet

skal steinast klokka tre i dag.

Då må ho nok

ha gjort noko skammeleg,

tenkjer eg,

og tømmer meir chili

og kvitlauk i gryta mi.

Eg finn fram mobilen

og lurer på om

telefonnummeret til Gud

ligg inne .

Eg har nokre småting

eg skulle ha drøfta med han,

men det kan vel kanskje

venta til ein annan dag.

Eg registrerer

at det ringer hardt

og brutalt på dørklokka mi.

Eg vurderer alvorleg

om eg skal opna

eller ikkje.

Kven er det som ikkje har

forståing for

privatlivets fred?

Det kan absolutt tenkjast

at det passar

betre med besøk

ein annan dag,

tenkjer eg,

og justerer opp

nivået på mp3- spelaren.

Heidi

Min alder

September 15th, 2010, No Comments

Eg er ikkje mellom dei som normalt er veldig oppteken av alder. Eg trur at eg er jamnaldrande med dei som er femten år yngre, og tenkjer ikkje over det når eg har venner som er både ti og tjue år eldre. Men nå i dei siste vekene, tek eg meg i å undra meg over kor fort åra går, og kva for ein turbofart det er på eit liv. Dette blir kanskje ekstra tydeleg når eg set meg ned for å skriva. Sist eg hadde eit år med mykje fokus på skriving var for ni år sidan, og i mitt hovud var det for veldig kort tid sidan. To gonger i livet mitt gav eg ut ei diktbok på eit nokså kjend forlag. Då var eg 25 og 27 år gammal. Dei sa at eg var ein ung debutant. Og visst har eg skrive, eg har skrive og skrive heile livet, men ikkje hatt tid til å ha veldig stort fokus på det, og nå fyller eg plutseleg femti år om mindre enn eit år frå nå. I mellomtida har eg levd i andre rom. Midt i livet og midt i alt det som godt er. Eg har skrive salmar og musikalar, songar, historiar og eit og anna dikt.

Eg oppdagar at det eg har lyst til igjen er å skriva ei diktsamling. Og det held eg på med, men at det er tjueto år sidan eg stod der med ei diktbok i handa, pakka ut av ei øskje frå forlaget, som eg hadde henta på Bryne postkontor, det klarer eg ikkje heilt å forstå. Og den gongen då eg var 25 år gammal, skjøna eg ikkje heilt kor stort det var å gje ut dikt, eg ante ikkje kor vanskeleg det var. Sist eg prøvde på det, for ni år sidan, kom eg nesten gjennom på same forlaget, men så kom dei med kontrabeskjed på grunn av forlagsøkonomien. Eit av dei store forlaga sende eit positvt brev, men sa at det å gje ut dikt, var så dårleg økonomi at dei bare kunne gje ut eit par diktsamlingar i året, og då vart det dei mest etablerte som slapp til. Eg har ikkje problem med å forstå det argumentet.

Og eg er slett ikkje sikker på om eg slepp til denne gongen heller, men det har opna seg så gode moglegheiter til å laga ting heilt på eiga hand og trykka opp, så diktbok skal det bli uansett. Det eg har lagt ut her av og til, er råmateriale som eg skal polera og slipa, forkasta eller ta med. Her kjem tekstane spontant og utan for mykje filter, for dette er jo min eigen private kanal der eg skriv akkurat det eg vil, og alt treng ikkje å vera så strigla… Sjølvagt må eg innrømma at det er litt stas med eit etablert forlag, nålauga til kulturrådet, og det å bli innjøpt til biblioteka i landet… Men eg ser jo at svært få både kjøper og låner dikt på biblioteket, så noko stort marked er det heilt openbart ikkje.

Og så var det det med alder då. Eg tek meg sjølv i å vera manisk oppteken av kor gammal forfattaren var då han skreiv det eine eller det andre diktet. For å vera ærleg sjekkar eg det ut kvar einaste gong… Akkurat som alder var essensielt for det å skriva. Plutseleg er det veldig interessant kor gammal Sigrid Undset var då ho skreiv Kristin Lavransdatter, og kor gammal Ibsen var då han skreiv Peer Gynt.  I beste fall har eg framleis halve livsvegen framfor meg, men når eg ser kor fort den første halvparten har gått, så er til og med det eit skremmande tanke. Det er ikkje for ingenting at det står noko i bibelen om å læra å telja dagane sine og få visdom i hjartet. Piet Hein seier det så oppmuntrande og fint: “Tar du livet som det faller, går du gennem livets haller, alltid i din beste alder.” Som eit merkeleg samantreff las eg i går at Tove Ditlevsen ein gong hadde det dei i den engelske teksten eg las, kallar “a love affair” med nettopp Piet Hein.

Tidlegare i veka lova eg å koma tilbake hit med eit av Tove Ditlevsen sine dikt. Diktet eg har vald ut omhandlar nettopp dette med alder. Og for ordens skuld; Tove Ditlevsen var 38 år då dette diktet kom ut i samlinga”Kvindesind” i 1955…

Vor alder.
- og alt hvad vi nu kan gøre
er gjort for længe og tit,
vor alder nærmer sig sagte
med ubønhørlige skridt

Ungdomen vared for længe,
og ingen har sagt hvornår
den falder fra vore skuldre
med alle de levede år.

Vår alder stirrer på os,
og muligt er den en ven?
Men ingen har sagt hvorlænge
vi nu skal følges med den.

Den er som en færdigsyet
og alt for rummelig dragt
foret med gamle minder
og ord vi engang har sagt.

Vi ved at den ikke klær os
og sent vil bringe os fred,
for der lever en alder i os
vi aldrig blir færdige med.

Tove Ditlevsen

Heidi

Alle veskene eg har mista

September 14th, 2010, 1 Comment

Alle veskene eg har mista,

fortener dei då ikkje eigentleg ein tekst?

Og kva med alle  dei

som med store smil

har kome springande etter meg

med vesker og lommebøker?

Og kva med alle telefonane

eg har fått frå nokon som har funne

og som alltid like smilande og nikkande

fortel meg kor heldig eg er,

og det eg er eg jo.

Det dei visst ikkje veit

er kor heldige dei sjølv er

som lever i ei verd

der ein faktisk kan så godt som rekna med

glade finnarar

kvar gong ein mistar noko,

så eg smiler,

så eg takkar borte og takkar heime

som eg lærte av Margrethe Munthe

og deler ut klemmar

og ein og annan blomebukett

eller posevis med twist

og seier ja visst var eg heldig,

for slikt  seier ein slike gonger.

Mine gjennom tidene

ganske mange

lommebøker

har hyppig

hatt pausar på kafebord,

i bussar,

i andre sine bilar,

i prøverom,

i handlakorger

på hyller

og i fryseboksar,

og alltid har nokon hjulpe dei å finna vegen heim,

om eg ikkje sjølv

har fått tid til å sakna dei

og finna dei att.

Alle burde innimellom

unna seg gleda ved å finna att,

det er ei rein

og oppriktig glede.

Og alle de paraplyar

som ligg rundt på bussar,

på tog,

på trikkar

i butikker

og restaurantar.

Eg håpar at de alle saman

har fått gode eigarar,

sidan eg aldri fekk henta dykk,

og sidan dei var heilt utan adresselapp

slik paraplyar gjerne er.

Eg håpar at de akkurat nå

er ute og dansar

med dei nye eigarene dykkae

eller frydefullt skjermar

ein eller annan person

som liker å vera tørr

frå å bli våt.

Eg håpar at alle fingervottane mine

har gode hender smyga seg rundt

når dei frys.

(Å kjøpa skinnhanskar har eg aldri gjort

eg vil ikkje påleggja folk

å ta seg bryet med å ringa meg

kvar gong eg legg dei att

ein stad der dei ikkje burde vore.)

Kanskje eg burde merka paraplyane mine

med ein liten brodert lapp der det står,

hjelp dette vesle vesenet å finna ein eigar

som kan bli glad i han

og bruka han

til det han var tenkt å brukast til.

Det er nemleg då me trivst best

både folk og paraplyar

Og så håpar eg at du

som 19. desember 1983

fann ein halvstrikka genser på toget

laga av heimekarda, heimetvinna og heimekarda ull

strikka gensaren ferdig og vart glad i han.

Kanskje det framleis lukta så mykje sau av han

at dei ikkje registrerte han som hittegods.

Alle dei strikketøya

har funne vegen heim frå toget.

Om nøyaktig ein halvtime

skal eg stå på perrongen og smila

mitt mest sjarmerande smil

til ein som har med seg ein liten

fargerik genser

heilt i frå Egersund.

(Best eg sørger for å nå toget…)

Heidi