Andedräkt

Viper og pasjonar

February 26th, 2012, 2 Comments

Saman med kjærasten min såg eg ein dokumentarfilm i kveld om ein mann på åtti år som heile sitt vaksne liv har sykla rundt i New York og fotografert folk han ser på gata. Fokuset hans er å dokumentera klesstilar og vandrande kunstverk, og så vidt eg kunne skjøna, har han ei fast spalte i ei avis. I leilegheita hadde han ei seng og eit par rekkkjer med arkivskap. Meir trong han ikkje, for han ville ha fullt fokus på det som var viktig for han, nemleg å fotografera folk på gata i New York.

Eg får alltid ein viss respekt for folk som er flinke å fokusera. Sjølv har eg sånn omtrent tusen fokus samtidig. Dei siste dagane har eg brukt mykje tid på å lesa meg opp på barnelitteratur, både på sjølve bøkene og på faglitteratur, for på onsdag skal eg og Helen halda foreldremøtet vårt om barn og lesing. Plutseleg hugsa eg veldig godt den barneboka eg nesten fekk gitt ut på Samlaget for ti år sidan. Eg skulle bare gå ein runde til og fiksa på nokre småting, men så langt kom eg viss aldri, nei… Det er alltid mest fristande å begynna på noko nytt… Men altså, eg må jo ha det manuset her ein plass… Det er jo barnebokforfattar eg eigentleg vil bli når eg blir vaksen…

Og slik rasar livet forbi medan fokuspunkta mine flagrar som sommarfuglar kring øyrene mine. Midt i det heile svimer eg omkring og har det eigentleg ganske bra. Og den malande katten på tastaturet sørgjer for at eg får tenkt litt innimellom tastetrykka. Eg veit så mange ting som eg så veldig gjerne ville ha gjort, men kjem tid kjem råd?

Og eg minne meg sjølv på sanninga i danske Piet Hein sitt kloke dikt:

Ting man gerne vil

er fjerne

ting man vil

nåer man til.

Thi at ville

er det lille

skridtet mer

end gerne ville.

Kumbel

Sant nok…Så kva vil du? Quo vadis?

Og svaret er at eg sullar omkring som ein kvinneleg Askeladd, kvifor er dei alltid menn i eventyra? Og akkurat som mitt manlige ideal så har eg “slikt å gjøre og slikt å føre, så eg fører vel den og…”

Det finnst så många saker man skulle sagt och gjort, och det blev så veldig lite man gjorde… Eller ikkje lite, eigentleg, det er bare tida som er for kort, eller eg som vil for mykje…

Så eg får heller synga vidare på songen “Skunda dig att elska…” Det er alltid ein fornuftig ting å gjera under alle ver- og føreforhold. Og akkurat nå kan me faktisk synga vidare “Dagarna ljusnar minut för minut…” Heiter det ljusnar? Lysnar som på norsk kanskje?

“Håll ljusen tända, nu går det mot våren…” Det veit eg, for i dag har eg plukka store mengder snøklokker, så nå luktar det vår og snøklokker på kjøkkenet mitt. “Vibå sko ha våre hær nå…” sa onkelen min i dag. Framleis hadde han ikkje sett nokon, og ikkje eg heller, men me får satsa på at nå kjem dei kva dag som helst.

Heidi

Skilthalding, konditori, svarte blonder og kaffismaking

February 23rd, 2012, 7 Comments

I går kom me heim att frå storbyen eg og Ingrid. Etter ein dag på toget der eg rakk å nyta innhaldet av nesten to heile bøker, var eg litt forundra over å oppdaga at eg var ganske trøytt. Eg hadde jo stort sett bare site på rumpa og lese heile dagen, og i mitt hovud er slike dagar skikkeleg luksus. Men visst er det tidleg å stå opp for å rekka eit tog som går austover nøyaktig klokka halv sju om morgonen slik me gjorde på måndag, og litt dårleg søv ein natta før ein skal nå eit tidleg regionstog, så kanskje det var underskotet som sat att framleis.

Me fekk ein heil del tid saman med Ingrid sine besteforeldre og mine svigerforeldre, og det var då og hovudformålet med turen. Me sat lenge rundt bordet deira og åt både lunsj og middag, og så sat me i sofaen og fortapte oss i gamle fotoalbum. At eg har høyrt til i familien i snart 30 år er ikkje heilt til å forstå. Me snakka om då svigermor gjekk på Kunst og handverkskulen, og svigerfar nytta venteåra på å få koma vidare på medisinstudiet på å hjelpa til på sjukehuset. Mellom anna hadde han som oppgåve å handdrypa eter på ei etermaske når nokon skulle ha narkose i samband med ein operasjon. Instruksjonen var at dropane skulle drypast i same tempoet som eit barn ville springa… Det høyrest relativt omtrentleg ut… Svigerfar sa fleire gonger at Halvard skulle arva pianoet etter han, og Ingrid sa at viss det var det han ville så burde han skriva det ned ein stad. Han begynner å bli oppteken av det med arv. Kanskje det er naturleg sidan han fyller 92 i år, men det er likevel litt vemodig. Om kvelden vart me henta av Eva Mari for å overnatta på deira eige hotell i særklasse.

Svigermor ville gjerne møta oss på konditori neste dag, nærare bestemt på Baker Hansen. Eg var litt bekymra over at ho ville ta bussen fram og tilbake, for vegane var ikkje heilt frie for snø, men heldigvis gjekk det bra. Gamle damer i Oslo/Bærum er ein tøff rase. Dei kjem på bussar og trikkar med gåstavar og rullatorar, dei balanserer i midtgangen fordi bussjåførane ikkje alltid tek seg tid til å venta til dei har funne eit sete, og dei kjem seg av og på bussane i rekordfart og med fare for eigne lårhalsar fordi dei ikkje vil forsinka bussen sine rutetider. Eg tek av meg hatten i beundring, sjølv om det altså er dei som går med hatt og ikkje eg sånn heilt eigentleg. Heldigvis kom ho seg trygt fram og tilbake. Me hadde eit koseleg treff med te, kaffi, rundstykke og appelsinjus. Ein galant mann me kom i snakk med sa at svigermor var då slett ikkje gammal. Sjølv hadde han ei mor som var 105 år.

Seinare reiste eg og Ingrid og Eva Mari med T-banen til Oslo. Der såg eg siste nytt i sysselsetjing i hovudstaden. Folk stod rett opp og ned på Karl Johan med eit skilt i hendene. Det er viss blitt restriksjonar på det å ha skilt ute i gata, så i staden betaler ein nokon til å stå der og halda skiltet. Cluet er nok å kle seg godt, for det såg kaldt ut. Likevel var denne dagen som ei første kjenning av vår. Det var reine påskestemninga i byen med høg blå vårhimmel og strålande sol. Dei som hadde leigd ei dame til å stå der med eit skilt om billige bøker hadde dei vore storsinna nok til å gje lov til å lesa medan ho stod der…

Indisk mat på restaurant med utsikt ned på livet i sentrum smakte kjempegodt. Utan å ha planlagt det kjøpte eg meg ny kjole. Dagens kreativitet bestod av å kjøpa billige svarte genserar på Hennes og Maurits og svarte blonder i metervare som me sydde på nederkanten. Det vart så bra så.

Medan me venta på Ingrid som drakk kaffi med ein kompis frå folkehøgskulen, kasta me oss ut i eit anna storbyfenomen, kaffismaking. Det er mykje eg ikkje veit om livet i hovudstaden. Eva Mari visste om ein salong der ein trekte eit kønummer og fekk tilgang til ein slags kaffismakarsalong der ein fekk prøva ut eit utall variantar av kaffikapslar. Eit ektepar stod og diskuterte seriøst smakane slik eg innbillar meg ein gjer på vinsmaking. Så kom det inn ei dame som ikkje likte kaffi og gjerne ville ha ein type ho kanskje likevel kunne lika. Glad og fornøgd fann ho fram til ein kaffitype som ikkje smakte kaffi, og frå nå av kunne ho ha ein rull slike kapslar i handveska og dermed vera med i det gode selskap når kaffien skulle serverast i dei tusen heimar. For som ho avslutta med å seia: “Alle folk har jo slike kaffimaskinar nå.” Eg har det ikkje, men til mitt forsvar så bur eg jo ute i provinsen. Det er ikkje første gongen verda har gått i frå meg utan at eg har merka noko som helst…

Og i dag har eg vore på biblioteket med Helen og lånt fire fulle posar med barnebøker. Me skal halda foreldremøte på onsdag for heile skulen der me skal snakka om barn, bøker og motivasjon til lesing. Her er det om å gjera å halda seg sjølv i aktivitet. På eit eller anna mystisk plan må eg vera sterkt utfordringssøkjande…

Heidi

Fastelavnssundag

February 19th, 2012, 2 Comments

Huset luktar av nysteikte bollar, og av alle ting av pinnekjøt. Det blir pinnekjøt til middag når Sunniva kjem heim, og i kjøleskapet står det eit stettefat med krembollar til Sunniva, Oddvar og Ingrid sidan dei ikkje var her ved kaffitider.

Døtrer er fine å ha. Dei er ikkje dei små jentene mine lenger, men store jenter er heller ikkje dumt. På fredag ettermiddag tok eg og Sunniva toget til Stavanger der me åt salat og ostetallerken på Ostehuset før me handla litt og drakk kaffi på Sjokoladepiken. Etterpå gjekk me for å få med oss det som var det eigentlege målet for turen: “Fluenes herre” på Rogaland teater.(http://www.rogaland-teater.no/newsread/news.asp?docid=12596&wce=aktuell)

Regissøren Rolf Alme har laga ei spennande og annleis forestilling ut frå den kjende romanen til William Golding. Så vidt eg kunne skjøna, så er deler av forestillinga improvisert fram, og skodespelarane er ni gutar i alderen femten til nitten år. Dei jobbar delvis synkronisert som ei einskapleg valdeleg gruppe, og alternerer mellom å vera i rollen og å vera karakterer i nåtid med sine eigne namn. Stykket er dystert, men samtidig humoristisk, og aller mest imponert var eg over gjennomregisserte synkroniserte sekvensar der vald og slåsting nærmast vert ein slags gjennomsynkronisert dans med lydar, hovudbevegelsar, slag i lufta og armhevingar. Det var og sterkt å sjå når gutane nærast i ekstase sparka ein lakenbylt til blods og bar ut blodige kvite laken. Sjølv fekk dei etterkvart blod på skjorter og bukser. Scenen der dei sparka, slo og mishandla store kosedyr var og sterk og vond å sjå på. Hovudbodskapen til Golding er vel at vondskap, råskap og aggresjon er noko som sit djupt i menneskenaturen og som blir trigga av ekstremsituasjonar som denne der eit fly fylt av skulegutar styrtar på ei aude øy og gutane må klara seg sjølv. Dei må både organisera livet sitt og handtera angsten sin utan hjelp frå vaksne, noko som går veldig, veldig gale.

Måten regissøren hadde laga teater på var veldig spennande. Eg fekk lyst til å prøva meg på noko liknande ein gong. Hodet mitt er alltid stappfullt av idear. Det er bare synd at ein god del av dei aldri kjem lenger enn dit.

I går reiste eg og Ingrid ut til Hå gamle prestegard, fordi eg hadde lyst til å sjå Lars Kristian Gulbrandsen-utstillinga ei gong til. Eg visste at Ingrid og ville bli fenga av det ho såg. Ho er den av barna mine eg verkeleg har halt med meg på kunstutstillingar frå før ho kunne gå, og den av ungane som har vist mest interesse for kunst. Etterpå drakk me kaffi på kafeteriaen med utsikt over havet og såg korleis bølgjene kom og slo tårnhøge og skummande mot fjøresteinane.

Sunniva øver teater heile helga til den store Blackstone- forestillinga om under to veker. ( http://www.ungespor.no/2012/01/blackstone-trailer/) Då ho kom heim frå øvinga i går var ho stuptrøytt, så me hadde ein koseleg sofakveld med fjernsyn og pledd og Oscar som var på overnattingsbesøk og gjerne ville bli klappa.

I dag har eg hatt sundagsskule om å takka. Det var eit kjekt tema å forhalda seg til. Eg hadde med meg årets føsrte snøklokker plukka i hagen til onkelen min. Til slutt sløkte me alle lys i romet som er utan vindu og tende eit stort TAKK forma av telys. Det som nå står på programmet er at eg må få rydda litt i kontorrot og soveromsrot før eg pakkar kofferten for å ta det grytidlege toget til Oslo i morgontidleg saman med Ingrid. Dagens filosofiske spørsmål er: Korfor i all verda er eg så grenselaust trøytt kvar gong det skal ryddast?

Heidi

 

 

Kirstine og Lars Kristian

February 13th, 2012, 2 Comments

Eg er veldig glad ikunst og i kunstutstillingar.  To gonger den siste månaden har eg kjend meg sterkt berørt av kunstutstillingar og tenkt at eg må skriva om dei.  Den eine såg eg i Oslo då eg var på kunstformidlingskurs. Utstillinga hadde namnet “Formløshetens wunderkammer”. Kunstnaren, danske Kirstine Roepstorff. Eit wunderkammer er eit gammalt begrep som eg ikkje kjende til. I tidleg moderne tid var det ikkje uvanleg at rike menneske rigga til eit “wunderkammer”, eit rom der dei stilde ut sjeldne gjenstandar som dei på eit eller anna vis hadde fått tak i. Det kunne vera gjenstandar frå andre stadar i verda, gjenstandar av historisk eller vitskapleg interesse eller raritetar som folk kunne le av eller undra seg over. I ei tid før TV, film og fotografi skjøner eg at det måtte vera spennande for både barn og vaksne å få besøkja eit slikt lite privat museum.

I Kirstines wundeerkammer var det ei besnærande blanding av det meste. Fantastiske collagar, ein skog av ekte grantre, montrar med alt frå knappar og glansbilete til små skulpturar, det var fotografi og tekstile installasjonar, og i eit mørkt rom vart det vist ulike inntrykk på ein liten dreiescene medan det vart lese lyriske og merkelege tekstar. Eg kjende meg som ei lita jente i ein stor skog, og let inntrykka invadera meg så eg nesten mista pusten. Gjennom å mellom anna løfta fram objekt som blir sett på som ubetydelege og setja dei inn i ein ny setting, fekk ho fortald nye historiar som eg kjende att utan å vita at eg visste om dei.

I går hadde eg fint besøk av Eva Mari. Me tok bilen ut til Hå gamle prestegård der det var ei utstilling av og om Lars Kristian Gulbrandsen, på våre traktar mest kjent som “Malaren frå Hidra”.Då eg var barn var han spesielt berømt fordi han gjekk i kvinneklær, og seinare i livet opptådde han som 70 år gammal mann med ansiktsmaling, Pippi Langstrømpe- fletter , tights og platåsko og under namnet Tatjana. Som fjortenåring var eg påei av utstillingane hans der han haldt foredrag for oss i lang kjole og breibremma hatt over langt svart hår. Eg og ei venninne, på same alder som meg, ramla meir eller mindre tilfeldig inn i lokalet. Eg hadde høyrt om malaren i dameklær og insisterte på at me skulle gå inn. Det han sa var så rart og uhøyrt samanlikna med det folk i heimbygda vår snakka om, at fnisebehovet som i utgangspunktet er ganske stort hos jenter på fjorten tok heilt over. Me vart nærmast kasta ut av lokalet, han sa at viss me lo av han og bileta hans kunne me heller bare gå.

Unnskyld, Lars Kristian. Eg hugsar framleis mykje av det du sa til oss, så det må ha gjort inntrykk… I går fekk eg sjå to filmar om han, og han framstod som eit svært uvanleg, men fargerikt, sårbart og varmt menneske. I tillegg hadde han ei sterk gudstru, men strevde med å bli akseptert i kyrkja. Eg oppdaga at fleire av bileta hans gjorde djupt inntrykk på meg. Det er ikkje lett å vera den som ikkje har sjanse til, eller interesse av å passa inn i A4 format. Sjølv om det nok etterkvart var litt villa outrert og det uttrykket han gjerne ville gje. Han fekk for eksempel ikkje lov å møta det norksekongeparet då dei besøkte byen hans og skulle få overrakt eit maleri han hadde laga. Grunnen var at han insisterte på at om han skulle møta dei så skulle han gå kledd i bikini.

Moralen, kjære lesarar, i den grad ein slik måtte finnast i denne teksten, må kanskje bli: Gå meir på kunstutstillingar, det gjer verda di større. Det har eg tenkt å gjera.

Heidi

Eg og Aadne Eivindsson

February 4th, 2012, 3 Comments

Når eg har hatt det ekstra intenst i levande livet, så stoppar det ofte opp her. Litt av utfordringa er at når eg endeleg har litt tid som kunne brukast til skriving, så veit eg ikkje kor eg skal ta fatt. Eg har produsert mange blogginnlegg i tankane, og ikkje fått skrive dei ned, og så blir det alt for mykje eg gjerne skulle ha skrive, og alt for lite tid til å skriva det.

Eg får ta fatt her i frå, ute er det vinter og snøfoke akkurat nå. Resten av familien er eller på vift kvar for seg, og eg skal til mi eiga store glede bare vera heime. Dei siste fire vekene har det vore ekstra høgt tempo, fordi den fridagen eg i teorien har kvar veke fordi eg jobbar to kveldar, eller rettare sagt heile dagar frå omtrent åtte om morgonen til åtte om kvelden, har ikkje vore fridagar, fordi eg har brukt dei til andre former for jobbing. Den eine fredagen jobba eg ekstra for å kunna ta fri den komande torsdagen for å kunna bruka torsdagen og fredagen på kunstformidlingsseminar i Oslo, tilknytta nasjonalmuseet. Det inneber at i slutten av april får eg ei utstilling til kommunen min som eg skal visa til elevane på skulane her. Eg gjorde det same i to omgangar i fjor, og det var veldig kjekt. Eg skulle gjerne ha skrive meir om seminaret, men det får eventuelt koma etterkvart.

Dei neste fredagane har eg vore “omreisande forteljar”. Då har eg besøkt skulane i kommunen for å fortelja om barndomen til Arne Garborg, eller Aadne Eivindsson Garborg, som han vitterleg heitte då han var barn. Det er ei sterk, og til tider trist historie om det å veksa opp med ein deprimert og sjuk far, og samtidig ei frodig forteljing om barnelivet på Jæren for 160 år sidan. Sigbjørn Reime har skrive manuskriptet til forteljinga, og med meg på turen har eg ein gammal kaffikjele, ein kolelampe, ei kaffikvern, eit siltre, to hornskeier, ei korg med flatbrød og potetkaker og eit knippe lysark med bilete frå garborgheimen. Det er ei veldig triveleg oppgåve. Sjølv om manuskriptet er innøvd, er det ei like spennande reise for meg og kvar gong eg skal leia ei gruppe barn gjennom den timen forestillinga varer. Saman med ungar kan ein aldri forutseia heilt sikkert korleis ting kjem til å utvikla seg, og det er spennande på ein veldig sjarmerande måte. Det er forøvrig fascinerande å sjå korleis munnleg forteljing framleis kan trollbinda ungar somer vane med høgtekniske skjermar og tusen inntrykk samtidig. Kanskje det rett og slett blir litt eksotisk med eit levande menneske som først og fremst brukar stemmen sin, rett nok saman med nokre få bilete, levande lys, ein liten samling gamle gjenstandar og litt dramatisering.

Elles så er det manusskriving som gjeld i alle pausar. Tre manuskript skal ferdigstillast for kulturskulen, heldigvis er det bare eit som skal skrivast heilt frå botnen av, men alle må tilretteleggast og tilpassast. I dag har eg omsett ein songtekst frå musikalen “Annie” frå engelsk til jærsk: “Æg trur nok æg ska liga mæg.”

Noko anna som forstyrrar skrivinga mi litt er mitt nye eksperiment: “Trening på treningssenter”. Dei fem timane i veka eg tilbringer der må eg ta frå timar eg vanlegvis ville hatt til disposisjon, men eg har bestemt meg for at det er rett prioritering likevel. På enkelte felt i livet er eg direkte grådig. Sjølv om eg har fire flotte ungar, skulle eg gjerne ha hatt fire til, og sjølv om eg som alle andre får mine tilmålte 24 timar i døgnet, fantaserer eg uhemma om å ha det tredoble…

Sånn, nå fekk eg endeleg skrive litt i alle fall. Nå er det Guds fred i stova. Ynskjer det same til de som les.

 

Heidi